Magasinett

Synsingar

Utskrift

Varme kjelder

Skrive av Mette Karlsvik .

Varm kjelde
Eg vaknar, går til kjøkkenet og sett vatnkokaren under springen. Nei, spol attende og begynn på nytt. Eg vaknar, høyrer vekkeradioen melde 23 minusgradar i Oslo og spring til kjøkkenet.

Eg sett vatnkokaren under springen, og skrur på krana. Det kjem ikkje vatn. Vatnet fraus i Rosenlundgata 13 natt til laurdag 9. januar.

Når eg skriv dette, er det "bare" 23 minus på Torshov. Eg sitt på det høgaste punktet i leilegheita mi, som er i loftsenga. Skrivepulten er for kald.

I går fortalte avisa om ein gamal kar som døydde av kulde. NRK fortalte om at staten kjøpte varmepumpe til ein privat heim.

Det er så kaldt at eg må styrte eit glas isvatn og løpe ut i bakgården, i snøen, og ta snøbad for å få varma i meg. Når eg kjem inn att blør eg naseblod. Det høyres kanskje dramatisk ut. Men dette er forklaringane:


Men geothermal kraft, Norge? Ja, kvifor ikkje. Sverige produserar nest mest geothermal varme av alle landa i verda. Nest etter Kina.

Varma kjem ikkje frå varme kjelde, men bare frå jorda. Frå at jorda er varm. Varme frå jorda får varmepumper til å gå rundt.

Dei har hjelp av termodynamikk. Kinetisk teori, som er litt for komplisert for dette formatet, forklarar korleis dette lagar mye, billeg, grøn energi.

Ingen ting står i vegen for at også Norge skal utvikle denne typen kraft. Eller, som kan vere meir aktuelt for Norge; vindkraft, bølgekraft eller tidevasskraft.

Kina og Japan brukar vatnet sitt i symjehallar, og Island oftast til sentralvarmesystem.

I Reykjavik og Aukareiri sender dei vatn under asfalten, for å varme opp denne og halde vegane fri for is og snø om vintaren. Og til å halde utandørs symjebasseng varma opp til 30-42 gradar. Uansett lufttemperatur.

Kva ville eg så ha gjort om Torshov plutseleg hadde eit geothermalt symjeanlegg? Ville eg ha takka nei, med den forklaringa at varmt vatn startar nedkjølingsprosessar inni meg?

Ville eg, på vikingevis, ha sagt at eg føretrekk snøbad, for å sette i gong dei innvendige oppvarmingsprosessane? Det veit eg ikkje.

Det nærmaste vi kjem eit geothermalt område her, er altså Svalbard. Som, i dag, er adskillig varmare enn Oslo. Svalbard lufthamn Longeyarbyen har bare atten minusgradar.

Difor bestiller eg meg billett til Reykjavik, og drar om ti dagar. Eg skal bu ved Laugardalen, som er eit geothermalt område som ein gong i tida produserte alt varmtvatnet som blei brukt i Reykjavik.

I dag er feltet nærmast øydelagd av anleggsarbeid og utmatting av kjeldene. Men noe er att.

Snøbadet: Når eg drikk kaldt vatn, startar oppvarmingsprosessar innanfrå. Difor drikk nomadar i ørkenen varm te for å kjøle seg ned.

Det same gjeld snøbadet. For det første startar det oppvarmingsprosessane og forbrenninga. For det andre sett det i gong sirkulasjonen i kroppen.

Naseblodet: Naseblodet er sprengte blodkar. Det er ei blanding av grunnar. Blodårene trekk seg saman i kulda. Når eg pussar nasen etterpå, sprenger eg blodkara.

Og pusse nasen, det må eg sjølvsagt. Nasehula jobbar på spreng for å varme opp den kalde lufta eg pustar inn, slik at eg ikkje skal dra tretti minusgradar rett inn i skallen.

Eg veit ikkje med deg. Men eg liker ikkje å fryse. Det er ikkje så ofte at eg grin. Men kulde gjer så vondt at tårene kan begynne å renne.

Heldigvis er det slik at eg ofte ser ei redning. Ein plass i det fjerne, ventar varme i form av noen sitt hus, ein kafé, og, når eg er i Reykjavik; varme basseng i dei mange geothermale symjehallane deira.

Geothermal oppvarming er ei varmekjelde. Halvparten av all geothermal varme blir brukt til å varme opp luft, ein tredjedel for SPA-basseng og resten for industri, jordbruk og varmtvatn i bustadar.

Island er blant dei mest berømte kjeldene til geothermal varme. Men Kina produserar mest geothermal varme kvart år.

Så kjem USA, Tyrkia, og så Island, Japan, Ungarn, Italia og New Zealand. Felles for dei fleste av disse landa, er at dei ligg ved grensene for tektonske plater.

Fastlandsnorge er ikkje i tektonske grenseland. Men Svalbard har varme kjelde. Dei var mysterium for forskarar, då dei ligg djupt nede i permafrost.

Her er noen av dei få, geothermale kjeldene i Norge. Dei har isbrear og fjell på vestsida, store, raude sandsteinsfjell i aust og Sverrefjell-vulkanen i sør.

Det geothermale området har fleire oppkomme, m.a. eit ved 50 m.o.h. "Trollkjeldene" er eit sett av fleire slike oppkomme, og er å finne åtte kilometer oppe i i dalen. Overflatevatnet er frå 20-28 gradar. Men dette er bare "toppen av isberget" av varmt vatn som er djupare ned i grunnen.

Kor vil eg med alt dette vitskapelege bakgrunnsstoff? Til Stortinget, helst.

På botn handlar dette om boring i Lofoten. Det er eigentleg ei skjult synsing mot boring i Lofoten, og eit heiarop om å bruke av oljefondet til å utvikle andre former for energi.

Vi må begynne no, i god tid før olja tar slutt. Det må stå ein energimessig "redningspakke" klar for oss til då.

Viss ikkje blir det som den gongen vi hadde sildeøkonomi. Alt var bore av silda. Så tok silda slutt. Det var bare flaks, då, at noen kom på å gjere oss til ein sjøfartsnasjon. Så kom vi over dén kneika, til vi fann olje.