Magasinett

Synsingar

Utskrift

Forfriskande fiskande

Skrive av Marianne Magnussen .

Fisk

Ta deg tid til å lyfte blikket og nyte det du får sjå, så blir kanskje livet litt lettare å leve. Slik kan diktet vår tekstforfattar har skrive kanskje tolkast. Korleis tolkar du det?

 

Kan ein faktisk vita korleis ein får napp?

Vil det berre bita dersom ein er kjapp?

Må ein stå og slita?

Då vert kvila lita, ein vert oftast slapp.

 

Brukar eg kun stanga for å råka blink,

går eg glipp av anga, ser eg ingen fink.

Kanskje tek eg langa,

men vert sjølv heilt fanga i å vera flink.

 

Om eg legg bort krava og ein kvar taktikk,

sluttar eg å slava og får frigjort blikk.

Eg vil ikkje kava!

Uansett kan hava gje meg siste stikk.