Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ei røyst av jern og vind: Sølve Grotmol (1939-2010)

Skrive av Nils Henrik Smith .

Sølve Grotmol

Denne teksten handlar om døden, og om nynorsk, kunstløp, identitet. Teksten handlar om ein av mine heimtrakters store søner, som døydde førre veke, brått og uventa, på Mallorca.

For min del tok det heile til i 1988: Eg var eit barn og hadde ikkje noko samanlikningsgrunnlag, og reflekterte difor ikkje over det då, men i ettertid har eg ofte tenkt at dette må ha vore eit særs vanskeleg år for Noreg og den norske sjølvkjensla.

I februar dette året vart vi utsett for den heilt store audmjukinga, ettersom det ikkje lukkast våre utøvarar å vinne ei einaste gullmedalje under vinter-OL i Calgary. Katastrofe. Og mannen som hadde som oppgåve å formidle denne katastrofen til folket, som ankermann i TV-studio, var Sølve Grotmol frå Bryne på Jæren.

Denne umoglege oppgåva løyste han med stort alvor, uforstyrreleg ro og det alltid mykje omtalte glimtet i auget. Min vyrde kollega Olaug Nilssen har lært meg å sitere Aa. O. Vinje, som definerer det nynorske tvisynet slik: Å le med det eine auga og gråte med det andre.

Eg veit ikkje om Sølve Grotmol kjende til dette sitatet, men det kan likevel stå som ei oppsummering av innsatsen hans under dei uhellsvangre leikane i Canada, og elles som reporter, programleiar og kommentator i NRK-sporten gjennom meir enn tjue år.

"Og så set vi over til Calgary", sa han, og frå Calgary fekk vi høyre at Ole Gunnar Fidjestøl hadde landa på kulen, at Eirik Kvalfoss hadde svikta på standplass, at Geir Karlstad hadde dotte i siste sving. Grotmol, sitjande i studio, alltid velkledd, mottok desse dystre tidend frå vest, og med si klåre, men likevel malmfylte røyst sette han dei inn i sin samanheng: "Så vart det ikkje gull i dag heller".

Som Kåre Willoch og Humphrey Bogart før han, er Sølve Grotmol truleg aller mest kjent for å ha sagt noko han faktisk aldri har sagt, nemleg dette: "Djerv 1919 – altså uavgjort!" Utsegna skriv seg frå ein Trond Kirkvaag-parodi, og det fortel mykje både om Grotmols unike stil og Kirkvaags komiske talent at mange framleis idag trur at Kirkvaag er den verkelege Grotmol.

Det finst, som kjent, ein uskriven lov som går ut på at når ein parodi finn stad, må den parodierte seie at han eller ho synst det er ein ære å verte parodiert og at parodien var særs morosam, same kor krenkt han eller ho kjenner seg i sitt indre. Sølve Grotmol er ein av svært få eg veit om som kan tenkjast å ha meint dette når han sa det.

Han var, anten det no var tilsikta eller ikkje, ein hysterisk morosam mann: Ingen som har sett det, vil nokon gong kunne gløyme Sportsrevy-innslaget kor han gjennomfører eit intervju på vass-ski, iført berre eit minimalt badetekstil. Samstundes kunne han, som få andre, i sine beste stunder bringje kommentatoryrket opp på eit kunstnarisk sublimt nivå. Særleg gjaldt dette når han kommenterte den i norsk samanheng lite påakta idretten kunstløp.

Eg har ofte tenkt at Sølve Grotmol var sportskommentatoryrkets svar på den amerikanske novelleforfattaren Raymond Carver: Begge formidla, gjennom tilsynelatande uvesentlege hendingar, og med eit nøkternt registrerande alvor, den store forteljinga om vår tid. "Og så fell den ukrainske jenta", sa Grotmol, åleine i sin kommentatorboks, høgt over isen i den kalde ishallen, og denne enkle setninga bar bód om så uendeleg mykje meir enn sitt konstaterande, nådelause innhald.

Jenta på isen. Ein tenåring frå ein nitrist ukrainsk industriby, kor store delar av befolkinga slit med seinverknader etter Tsjernobyl-katastrofen, ei spinkel jente som har ofra sin ungdom for å underkaste seg eit beinhardt disiplinærregime, år etter år, trene, trene, med eitt mål åleine: Å stille opp i OL som sin heimbys store håp, og som fell i ein avgjerande augneblink. Sølve Grotmol trong ikkje fortelje alt dette, det var der, i røysta hans, ei røyst av jern og vind.

Som barn leid eg lenge av ei mytologisk vrangførestelling: Ein måtte, meinte eg, vere austlending for å kunne kome på TV. Sølve Grotmol, jærbu og nynorskbrukar, knuste denne vrangførestellinga, og for det er eg han evig takksam. Sjølvsagt var han ikkje den einaste nynorskbrukaren på TV då eg vaks opp – Herbjørn Sørebø og Ingrid Espelid Hovig var òg på skjermen med høg frekvens.

Men Grotmol var ein mann frå min eigen heimstad, han sat i Sportsrevystudio kveld etter kveld og las tippeteikna, orienterte sakleg og informativt om den seinaste tids hendingar innafor idrettar som volleyball og turn. Når sanninga no ei gong skal fram, har Sølve Grotmol vore langt viktigare for utviklinga av min kulturelle identitet som nynorskbrukar enn Aasen, Garborg, (Moren) Vesaas og alle dei andre åndshovdingane og hovdingkvinnene til saman. Han gjorde det klart for meg at eg, og alle andre som meg, var verkelege menneske i verda.