Magasinett

Synsingar

Utskrift

Mannen som hatar Yngve

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Sint mann

Eg innrømmer det. Eg står fram. Eg kjem ut av skapet. Eg har sterke kjensler for Yngve.

Svært sterke, faktisk. Kvar gong eg les om han i avisa, høyrer om han på radio eller ser eit klipp av han på fjernsynet, kjenner eg det strøymer på meg so eg knapt kan anda.

Hjartet dunkar hardare, pulsen går raskare, det flimrar for auga. Eg får ei nærast utøyeleg lyst til å ropa det ut:
EG HAAATAR DEG, YNGVE!!!

Kvifor har eg blitt sånn? Eg har jo aldri lese ei linje av Tore Renberg. Ein film om Yngve er det også laga så vidt eg veit, og eg har sett fjeset til ein raudhåra type på coveret.

Men er det han som er Yngve, eller er det ein annan? Kanskje det tvert imot er han som elsker Yngve. Eg aner ikkje. Kva tryne han nå enn må ha, toler eg det ikkje. Her snakkar ein verkeleg blindt hat.

Rett skal vera rett: Eg er ein person som har svært lite til overs for mykje som kjem frå Noregs beste vestkant, også kjent som Stavanger.

Eg liker ikkje Pia Tjelta, Kristian Valen, Alexander Kielland, Thomas Dybdahl, Morten Abel, Johan Harstad, Mods, Ajax, Charlotte Thorstvedt eller Hans Petter Hansen.

Eg veit ikkje kva det er, kanskje det er noko med dialekten, ein klarer liksom ikkje ta dei heilt på alvor.

Jysla stiligt! Sallikatt! Mongoland! Ein bør difor vera svært restriktiv i forhold til å tillata stavangerdialekt i riksdekkande tv- og radiokanalar. Men det er nå ei anna historie.

Kvifor fyller du hjartet ditt med så mykje hat mot nett Yngve, og dermed også Tore Renberg, spør du kanskje. Paradoksalt nok trur eg det verken er Yngve eller Tore Renbergs feil. Tvert imot er det alle som les bøkene hans som er problemet.

Her i Stavanger bør ein nemleg ikkje svara ”nei” på spørsmålet om ein har lese Tore Renberg. Då er spetakkelet laust. Når den pinlege stilla over dette ufattelege faktumet tar slutt, er spørsmåla mange frå måpande siddisar.

Kvifor i all verda les du ikkje Tore Renberg? Er du ikkje interessert i kva Tore Renberg kan gi deg? Korleis kan du leva eit fullverdig liv utan å lese Tore Renberg?

Andre drar den litt lenger, og ønskjer å frelsa ein frå det pinefylte og mindreverdige tilveret det må vera å ikkje ha lese om Yngve.

Enkelte er så entusiastiske, rause og engasjerte i førstehjelpsarbeidet sitt at ein nærast kan bli rørt, hadde det ikkje vore for at ein var så kvalm:

”Neimen har du ikkje, du bare MÅ gjera det! Kvifor har du ikkje lese Tore Renberg? Du burde lesa Tore Renberg. Alle bør lesa Tore Renberg. Skal eg gå inn i bokhandelen der og kjøpa alle bøkene av Tore Renberg, så kan eg komma heim til deg og setja meg på sengekanten og lesa for deg kvar kveld heilt til du sovnar lykkeleg med eit smil om munnen?”

Endå verre dersom ein i Stavanger seier at ein ein ikkje liker Tore Renberg.

Gjer ein det, risikerer ein ei endå meir pinleg og øyredøyvande stille, med blikk som vekselvis seier ”Stakkars deg, du må ikkje ha det lett” og ”Eg blir kvalm av deg. Gå og døy.”

Å innrømma at ein ikkje liker Tore Renberg er som å seia at ”ungane dine er jammen stygge,” ”kor ofte pleier du eigentleg å dusja?” eller ”eg veit om ein god kirurg som kan fiksa dei øyrene dine.”

Ein gjer det bare ikkje. Ikkje i Stavanger. For her er Tore Renberg verdas beste forfattar. Å meina noko anna er som å freista skjula ei gul stjerne under jakkeslaget.

Til deg som måtte ha lese så langt som hit: Sjå på denne teksten som ei åtvaring. Eg ser på meg sjølv som ein fredeleg mann, som meiner ueinigheiter blir løyst best utan vald. For å seia det slik: Folk kan forandra seg.