Magasinett

Synsingar

Utskrift

Det ingen skulle tru

Skrive av Jon Peder Vestad .

Hus på fjell

Ola bur i Bakdal og har fem mil til nærmaste nabo. Her bur han åleine saman med sauene sine og Gofot, bikkja. Han kunne godt ha tenkt seg eit kvinnfolk på garden, men no begynner han å bli for gammal. Dette er kanskje siste vinteren han bur i Hølevja…

Dette er ikkje ein parodi på programserien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", men ei lynrask innføring i kva slags fjernsynsprogram dette er for dei som ikkje kjenner det. I denne serien har Oddgeir Bruaset i årevis tatt med norske fjernsynssjåarar til folk som bur så avsides som det går an. I staden for å drømme seg vekk blant blondiner og muskelbuntar i sørlege strøk, følgje spent med nokon som kanskje kan bli millionær eller prøve å nøste opp eit kriminaldrama, har mange hundre tusen nordmenn lært om liva til nokon som ikkje har følgt strømmen til tettstader og byar.

Det må vere noko ved ein serie som ikkje liknar andre, som ikkje er fancy eller dramatisk, og som likevel dreg folk til skjermen. Både programskaparen og dei han skildrar, har historier å berette. I denne serien er historiene vi møter, sanne. Vi menneske liker å bli fortalt til, vi liker å leve oss inn i "noko" – for eksempel det Bruaset formidlar til oss. Einsemda dei som bur på desse plassane lever i, fortel oss au sitt – om slit, om isolasjon. For dei aller, aller fleste av oss er dette ukjende rammer for kvardagen. Vi kan kalle det eksotisk.

Somme vil kanskje meine at "Der ingen skulle tru …" er eit program som sminkar verkelegheita, for det vi får sjå, er vakker natur, det vi får høre, er historier og tankar. Og bilde vinn jo vanlegvis over ord. Greitt, serien viser mye fin, norsk natur, og naturprogram er populære her på berget. Men omtykte er også dokumentarar, program som fortel oss om lagnader og sanne eventyr verkelege menneske – ikkje Hollywood-figurar – har opplevd. I serien til Oddgeir Bruaset får vi oppleve menneske, natur og historie. Tre ting på ein gong – det går an!

Ein annan grunn til at "Der ingen skulle tru …" har fått så mange sjåarar, trur eg må vere at det er så fritt for fiksfakseri. Vel, det hender nok at eit og anna er arrangert spesielt for fjernsynsprogrammet, men det er ikkje noko effektmakeri eller klassisk dramaturgi i serien. Bruaset lagar programma på sin eigen måte, og det i seg sjølv gjer at serien skil seg ut. Av og til er det ein fordel å vere noko for seg sjølv, og det har vi eit døme på her.

Men bortsett frå at vi får sjå fin natur og møte historier frå verkelegheita, så får vi oppleve at det finst andre måtar å leve på enn det fleirtalet i Noreg gjer i dag. Nokon går motstrøms og vil vekk frå det mest moderne. Andre har vorte att etter at naboane flytta og lever kanskje meir i tråd med generasjonar før oss. For somme sjåarar er ikkje dette berre eksotisk, men også tiltrekkjande. Der har vi kanskje ein parallell til dei drømmane Hollywood gjev oss? Dei fleste av oss som har vorte med i krikar og krokar i landet vårt, ser nok helst på programma som underhaldning, god underhaldning.

Og ein bonus er at det er på svært god nynorsk.