Magasinett

Synsingar

Utskrift

Sjølv vinteren har sitt eige lys

Skrive av Hilde Myklebust .

Dame

Når snøen legg seg i vindstilla

høyrer eg det som andedrag

I si oppminnelege form, skreiv eg dette diktet til ein ven av meg som døydde. Eg var sytten, og verda ramla saman. Vi hadde noko, vi to: Ein kjærleik som var litt annleis enn den eg til då hadde opplevd i mitt unge liv. Han heldt fast ved meg, heilt inn i dauden. Og eg heldt fast ved han, vidare inn i livet. Han stal tid frå meg lenge etter at han var borte. Men han drog meg samstundes inn i noko som eg aldri sidan har løyst meg frå: Det å skrive.

Dagbøkene mine fylte seg, dei rann over, og det overflødige synte seg å vere tilløp til rein poesi. Små dikt, var det, og dei samla seg slik dråpar gjer på ei vindaugsrute. Eg heldt kring pennen, så sterkt at det gjorde vondt. Ei lita livbøye, over det kvite papiret, som heldt meg flytande. Så lenge orda rann og rann gjennom meg, heldt eg meg flytande.

Seinare, mange år seinare, då det stilna og livet fann rytmen sin att, tenkte eg: Kanskje er ikkje sorg ein så destruktiv tilstand? Kanskje er sorg noko forløysande? Noko som kan tilføre noko nytt til livet ditt, ei retning du ikkje hadde sett før, ei evne du ikkje visste du hadde? Ein farge ved deg, eit lys som brenn og brenn?

Tretten år. Det er tretten år sidan dette hende. Det kjennest som ei æve. Og samstundes kan eg så lett leite attende dei kjenslene som fanst i meg då. Dei kjennest ferske, framleis. "Som om det var i går". Jau, var det ikkje i går? Er det ikkje også i dag? Hender det ikkje akkurat no? Jau. For alt dette forma meg til den eg er akkurat no, akkurat her, akkurat slik, her eg sit ved skrivebordet og formar ein tekst som ikkje ville oppstå utan det som hende då. Eg skriv som om det var i dag. Det formar meg framleis.

For tretten år sidan var eg sytten.

For seks år sidan var eg fire og tjue.

Eg var fire og tjue, og flytta attende til garden der eg vaks opp. Småbruket i den vesle fjelldalen. Far vart så brått borte, og eg bestemte meg for å halde drifta i gong. Eller kanskje var det å halde meg sjølv i gong, eg eigentleg bestemte meg for.

Seks år.

Eg har, med handa på hjartet, aldri angra ein dag.

Men eg hugsar det fyrste året som ei vanskeleg tid. Alt som måtte gjerast, og det utan å kunne be far min om råd og hjelp. Ansvaret kvilte tungt på meg. Eg var redd, og kjende meg liten. Redd for å måtte gje opp, ikkje strekke til.

Eitt år. Fyrste året. Frå den eine våren til den andre. Få tvillinghjula på traktoren. Sette opp hes. Klippe sauene. Snu lamma når dei kom på tverke. Legge på silopresset. Slengje sleggja og dryle staur på staur ned i den svarte molda. Visst var det vanskeleg. Visst var det enormt krevjande på alle vis; fysisk som psykisk.

Men vi menneske er heldigvis laga slik, at vi kan og greier meir enn vi er klar over sjølve: Eg kom meg igjennom. Eg måtte ikkje gje tapt. Eg klarte det!

Og den kjensla det gav: Å ha klart alt saman, alt det som skal gjerast på ein gard i løpet av eit år. For ei meistringskjensle! Ein bølgande, sprengande kjensle, som gjorde meg sterkare enn nokon gong. Eg vaks og vaks og vaks.

Alle har sin veg for å oppnå meistringskjensle. Cecilie Skog til dømes, går til Nordpolen. John Carew scorar eit mål eller to. Eg driv eit småbruk.

Vi har kvar vår måte. Dette er min.

Etterkvart pressar livet ein til å finne smutthol der ein kan kjenne lindring og klarne tankane. Handlingar, tilstandar, stadar, situasjonar, former, forhold der ein kjenner seg meir vel enn elles i kvardagen, i livet. Eg har funne meg nokre slike smutthol, som eg ikkje klarar meg utan. Dei er livsviktige for meg, og er desse:

1) Drive gard (nærkontakt med dyr, mold, krinslaup, liv, daud)

2) Skrive (skrive meg inn mot ei anna røynd, fargar, tankar, stemningar)

3) Traske (gå over markene, på fjellet, langs elva, ved vatnet, rytme, song)

Eg traskar mellom løda og huset og tenkjer på dikt. Det er vinter. Stjernehimmelen er open i aust; mektig saman med dei mørke skyene ikring. Eg tenkjer på avstandar, eg tenkjer på nærleik. Eg tenkjer på bål i mørkret. Snølykter som blafrar med vide sirklar, månen sitt mjuke andlet, skarp luft, eld, is, frosen mold.

Sjølv vinteren har sitt eige lys.

Frå tunet ser eg eit dyretråkk krysse dei kvite markene, over elva og inn i skogen. Trea slepp børene sine. Snø drys frå ei grein til ei anna. Dei rettar seg langsamt opp og gyngar.