Magasinett

Synsingar

Utskrift

Blod, sex og alt som er gøy

Skrive av Borghild Gramstad .

 

Vampyr

Vampyren har snart danka ut den gode, gamle cowboyen som favorittfiksjonsfigur, dersom mediebildet for 2000-talet er noko å dømma etter.

Rett skal vera rett, vampyren har vore med oss lenge. Kanskje like lenge som cowboyen, om ein skal rekna Bram Stoker si bok Dracula som ei byrjing (først utgitt i 1897).

Eg trur likevel cowboyen leiar løpet om ein ser på mengda av filmar, bøker og fjernsynsseriar. Men dette held kanskje på å snu seg: I 2009/10 kan ein knapt slå på fjernsynet, gå på kino eller sjå ei ung jente med ei bok utan at det handlar om vampyrar.

Det var vel Buffy, vampyrenes skrekk (Buffy the Vampire Slayer), på slutten av 1990-talet, som byrja denne siste bølgja av vampyrar. Her var det tilsynelatande vanleg amerikansk ungdom som slåst mot vonde krefter, både på fritida og på skulen.

Gamle myter og segner, vanskelege sosiale spørsmål som homofili, einsemd og skulemassakrar, kva og kven som er gode og vonde, alt dette blei tatt opp i denne serien.

Ikkje minst var det tilfredsstillande å sjå ei lita flis av ei blondine svinebanka skurkane, anten dei var vampyrar, monster eller demonar.

Gammaldags

Som ein kontrast til dette, har Twilight-bøkene, og seinare filmane, feia inn i fiksjonsoffentlegheita med gamle kjønnsroller, pretensiøse unggutar og lite humor.

Det er lett å kjenna eit gufs av tida før kvinnefrigjeringa når Edward og Bella i Twilight-universet er så rørande einige om at han må beskytta ho fordi ho er så svak og han så sterk.

Er det urovekkande at dette går rett heim og blir superpopulært hjå moderne jenter? Eller kan me vona at jentene ser forskjell på fiksjon og det verkelege livet?

Me som er litt urolege for slikt, kan trøysta oss med det fantastiske møtet mellom Buffy og Edward i denne vampyrremiksen på Youtube:
http://www.youtube.com/watch?v=RZwM3GvaTRM

Sexfritt

Det er også interessant at i Twilight-universet er det bortimot ikkje noko biting eller blod, noko som ein skulle tru var ganske sentralt for vampyrane. Ei naturleg følgje av dette er at det heller ikkje er noko sex, for biting og sex er om lag det same i vampyrsamanheng.

I det moderne, gjennomseksualiserte samfunnet vårt er det bra at det finst soner der ein slepp å få sex slengt i fjeset, så det ville eg i utgangspunktet ha gitt Twilight bonuspoeng for.

Men saman med den svake jenta som treng ein sterk gut til å ta vare på seg, verkar det veldig gammaldags og femtitals. Det rimar godt med at forfattaren av bøkene, Stephenie Meyer, er frå sørstatane i USA, eit område som gjerne blir rekna som meir konservativt enn resten av USA.

Men om me ikkje får seksuelle aktivitetar i Twilight-filmane er det mykje dvelande bilde av halvnakne gutekroppar der, så ein slags ungjenteporno er det no likevel.

Ingenting gale med det, det er bra at jenter får sjå på fine gutar også, film- og fjernsynsmediet er visst fullt nok med halv- og heilnakne kvinner som blir serverte for mannlege blikk.

Blodig

Den andre store vampyrsuksessen no for tida, fjernsynsserien True Blood, har derimot blod og sex nok i overmål. Pluss ei aktiv og interessant heltinne, Sookie Stackhouse, som veit å seia frå og bestemma over seg sjølv anten ho har å gjera med vampyrar, innpåslitne gutar eller vanskelege kundar i puben der ho arbeider.

Denne serien er også interessant fordi han viser vampyrane som ei minoritetsgruppe som slåss for rettane sine og for å bli ein naturleg del av samfunnet.

Ein kamp som også andre grupper har ført, i USA og andre stader: Dei svarte sin borgarrettskamp, homofile som slåst for retten til eit liv utan trakassering, for ikkje å snakka om den kjente ”minoriteten” kvinner, som krev like rettar som menn.

Så har me sett BBC-serien Being Human, om ein vampyr, ein varulv og eit spøkelse som bur saman, ungdomsserien The vampire diaries, og jammen kjem det ikkje ein koreansk vampyrfilm, Thirst, på kino nett no i desse dagar.

Ja, ja, eg må innrømma at eg saknar Buffy opp i alt dette. Vel og bra med vampyrar, men om me no må velja: Vil me ikkje helst ha ein sterk, kvinneleg vampyrdrepar som kan ordna opp i det heile, når me no først har kjempesterke blodsugarar rundt oss på alle kantar?