Magasinett

Synsingar

Utskrift

Eg druknar i teknologi

Skrive av Jon Peder Vestad .

mobil

Eg har ein mp3-spelar eg ikkje bruker – eg vart skremd da eg fekk virus etter å ha lasta ned musikk. Eg har ei blåtann-greie som eg aldri fekk til å verke.

Filmar har eg slutta å sjå med hjelp av den kombinerte VHS- og dvd-spelaren min. Og dei speilrefleks- og videokameraa som eg har, til saman fire, er heilt utdaterte. Eit modem har eg visst liggjande, også. Er det nokon som kjenner seg att? I skuffer og kasser, på hyller og (somme gonger, dessverre) i søpla hamnar elektronisk utstyr som vi ikkje lenger har bruk for, ikkje får til å bruke eller som vi rett og slett ikkje har overskot til å bruke.

Viss eg for eksempel på død og liv hadde villa, kunne eg sjølvsagt brukt det nyaste videokameraet, det med den store minnebrikka med lite minne. Og eg kunne ha levert inn noko av utstyret mitt til reparasjon, hadde det ikkje vore minst like dyrt som å kjøpe nytt. All denne brukselektronikken vi har rundt oss, er problematisk av fleire grunnar. At det skaper uhorveleg mykje avfall, er ei sak. Noko av dette gamle utstyret, er jo problemavfall, og skal leverast. Noko anna er alle dei pengane slike som eg har brukt på desse dingsane. Du verda så mange tusen som har gått med til utstyr som blir brukt ei stund, og som brått er utdatert, ikkje fungerer eller blir uinteressant for oss!

Eg skulle ha ønskt at eg ikkje hadde vore så kjapp til å kjøpe "billig" elektronikk, berre fordi det kunne ha vore nyttig (eller artig …) å ha det! Desse tusenane kunne eg ha brukt til viktigare formål. No har eg vorte meir varsam med å kjøpe nytt utstyr. Eg har ikkje skaffa meg iPod, og iPhone eller ein liknande avansert "mobiltelefon" har eg utsett å skaffe meg, kanskje for godt. Eg trur ikkje eg kjem til å kjøpe nokon DAB-radio. Digitalt speilreflekskamera kjem ikkje i hus før eg absolutt "må" ha det, og lesebrett må bli verkeleg rimeleg og godt før ein bokvenn som eg kjøper meg det. Dataspel held eg meg unna, eg lastar ikkje ned noko, og eg bruker ikkje andre dataprogram enn det eg må.

Mange av desse sakene som eg har og ikkje bruker, kunne eg ha klart meg utan, ja, strengt tatt alle. Men det er jo spennande med elektroniske duppedingsar og moderne teknologi, og heilt fanatisk mot det er eg ikkje. Det drygde for eksempel ei stund før eg skaffa meg mobiltelefon, og no er eg glad i det vesle apparatet. Så glad er eg at eg har spart på alle mobilane eg har hatt sia den fyrste kom i handa i 1997 eller 1998, og eg har lurt på om eg skulle lage ei lita utstilling … Eigentleg burde eg sjølvsagt ha levert dei som spesialavfall.

Det er minst eit par problematiske sider til med all denne brukselektronikken. Vi blir lokka til å skaffe oss nye dingsar, oppgradert utstyr osv. og får inntrykk av at vi ikkje kan klare oss utan det nyaste og (kanskje) beste. Men det kjem jo heile tida noko nytt, og er ein fyrst med på denne bølgja, blir ein lett fange av moten – av ein utstyrmaterialisme. Oj, dette er nytt og bra, skjønner vi når vi ser utstyret – og akkurat det same tenkte vi dei andre gongane tidlegare da vi vart freista og kanskje gav etter for reklamen og kjøpelysta.

Eit anna moment er at det tek tid å bruke alt dette utstyret, både å setje seg inn i bruken og faktisk bruke dei. Det kan blant anna gje oss mindre tid saman med andre. Desse innfløkte brukarrettleiingane og merkelege problema som dukkar opp, kan skape irritasjon som vi mest truleg hadde sloppe om vi ikkje hadde skaffa oss dette utstyret.

Det siste poenget er nok det viktigaste, men også det eg og andre tenkjer minst på: Når brukselektronikk er så billig i dag, er det fordi det sit folk på andre sida av jorda og arbeider for minilønner for å produsere sakene. Når det er såpass billig for oss i dag, er det fordi andre er underbetalte. Produksjonsarbeidarane hadde fortent betre lønn, da hadde utstyret vorte dyrare for oss, vi hadde kjøpt mindre, og … iallfall eg hadde ikkje hatt så mykje ubrukt utstyr liggjande.