Magasinett

Synsingar

Utskrift

Let's talk about sex!

Skrive av Nils Henrik Smith .

 

Mann

Sjølvbiografiske framstillingar er, som kjent, svært populære for tida, og difor har eg avgjort at dagens tekst skal handle om min eigen seksuelle debut! (Til deg som no ristar på hovudet langsamt og sorgfullt og tenkjer at dette er berre eit desperat påfunn for å tiltrekkje seg fleire lesarar, har eg følgjande å seie: Du har rett!)

Meir presist skal det handle om tilhøvet mellom den seksuelle debuten og den litterære. For uendeleg lenge sidan, i det Herrens år 2007 då eg utga min første roman, skreiv min romanforfattarkollega Frank Lande ein kommentar i Aftenposten kor han samanlikna desse to debutane: I begge tilfella, påpeikte han, har den debuterande ofte svært store og gjerne urealistiske forventingar, og i begge tilfella erfarer ho eller han som regel at tilværet i etterkant ikkje endrar seg så mykje som ein på førehand hadde tenkt seg.

Dette er sjølvsagt eit godt og relevant poeng, men eg er likevel ikkje særskilt komfortabel med Landes komparative analyse, og skal i det følgjande, med utgongspunkt i eigne erfaringar, freiste å framsyne ein del vesentlege skilnader mellom den litterære og den seksuelle debuten.

1.) Den gjennomsnittlege seksuelle debutalderen i Noreg er, ifølgje offentleg tilgjengeleg statistikk, 17 år og 8 månader for menn og 16 år og 10 månader for kvinner. (Dette under føresetnad av at ein går ut frå at alle som har uttala seg til statistikarane om dette har fortalt sanninga, heile sanninga og ingenting anna enn sanninga, og dét har dei sjølvsagt ikkje).

Den gjennomsnittlege litterære debutalderen er 36 år og 2 månader. (Det har diverre ikkje lukkast meg å finne fram til statistikk som tek omsyn til eventuelle kjønnskilnader på området.) Eg er født i 1980, og var følgjeleg 9 år og 1 månad yngre enn det statistiske gjennomsnittet då eg debuterte litterært. Eg var ikkje 9 år og 1 månad yngre enn gjennomsnittet då eg debuterte seksuelt.

2.) Eg fekk ikkje helse på Jon Fosse som ein konsekvens av å ha debutert seksuelt.

3.) Då eg debuterte seksuelt, mottok eg ikkje gratulasjonar frå familien, eller presten frå staden eg kjem frå, som òg er far til ein kamerat av meg, eller tidlegare kolleger eller arbeidsgjevarar, eller norsklæraren min frå barneskulen. Lokalsamfunnet synte minimal interesse. (Eg har tala med andre debutantar om dette, og dei fortel liknande historiar.)

4.) Eg fekk ikkje 15 000 kroner i restskatt året etter at eg hadde debutert seksuelt. Heller ikkje var det nokon som tilrådde meg å registrere meg som eit enkeltmannsføretak i Brønnøysundregisteret.

5.) Samarbeidet med forlaget om ei mogleg framtidig bokutgjeving tok til i oktober 2005, kontrakten vart underskriven i august 2006, og boka kom ut i september 2007. Vanlegvis går det ikkje mange månader mellom det tidspunktet ein får vite at ein skal debutere seksuelt og det tidspunktet ein faktisk debuterer. (Eg har, som nemnt, tala med andre om dette.)

6.) Etter at eg hadde debutert seksuelt, var det ingen som spurte kven som var dei viktigaste førebileta mine, og heller ingen som hevda at eg var ein uvanleg stilsikker debutant.

7.) Media synte minimal interesse for at eg debuterte seksuelt. Det var ikkje eit fotografi i lokalavisa av meg og den før nemnte norsklæraren min frå barneskulen.

8.) Ingen kontraktar vart underskrivne i samband med at eg debuterte seksuelt. Eg vart ikkje invitert til debutantkveld på Litteraturhuset og fekk ikkje gratis alkohol av Aslak Sira Myhre.

9.) Eg mottok ingen prestisjetunge prisar for å ha debutert seksuelt. Ingen lovpriste meg, ingen heldt talar, ingen framheldt at eg etterlét dei undrande, rørte og begeistra.