Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ei kjærleikserklæring:

Skrive av Nils Henrik Smith .

Japansk turist

Det er eit kjent faktum at nordmenn er best. Individuelt og kollektivt er vi særs medvitne om dette. Vi har, i motsetting til alle andre land, likestilling, velferdsstat, demokrati, fridom og rettferd for alle.

Denne særskilte norske verdsoppfattinga vart alt for mange år sidan oppsummert av den kjente nyttårstalaren Gro Harlem Brundtland: Det er typisk norsk å vere god (eventuelt òg omvendt: Det er typisk godt å vere norsk).

Diverre er det slik at til og med her, i dette glansbileteperfekte samfunnet, finst det einskilde som fell utanfor, som vert trakassert og ignorert, ikkje fordi vi ikkje forstår dei, men fordi vi forstår dei altfor godt, fordi vi kjenner dei og veit at dei representerer oss, eller meir presist representerer ein del av oss vi ikkje vil vedkjennast: The dark side of the force.

No. Sommarferien nærmar seg, og sidan nordmenn er best, følgjer det logisk at vi òg er rikast, og difor skal mange av oss i sommar nytte våre lettjente pengar på feriereiser til utlandet. Alle nordmenn er i større eller mindre grad opptekne av å verne om ideen om at nordmenn er best, men somme er heilt særskilt opptekne av dette, og påfallande mange av dei som er heilt særskilt opptekne av dette er, tilfeldig eller ikkje, journalistar.

Kvart år på denne tida skriv dei difor eit oppsiktsvekkjande tal reportasjar som alle handlar om det same, nemleg korleis norske turistar på ferie i utlandet skal kunne skjule at dei er turistar! Hovudregelen er at jo lengre avstand til reisemålet, jo viktigare er det at du gjer alt som står i di makt for å skjule din eigentlege identitet:

Dersom du til dømes er jente/kvinne og skal på ferie til dømes til Afghanistan, bør du kle deg i fotsid burka, i samsvar med lokal sed og skikk. Kle deg ikkje i burka og rumpetaske! Då skjønar alle straks og utan tvil at du er ingenting anna enn turist, og du vil bringe skam over deg sjølv og di ætt og din fars hus, og du skal ikkje leve lenge i landet.

Dette kan synast paradoksalt: Dersom nordmenn er best, og vi veit at vi er best, kvifor skal vi då, når vi er i utlandet, gjere noko så absurd som å freiste å skjule kven vi er? Svaret på dette spørsmålet er relativt komplekst, mistenkjer eg, men kan heldigvis oppsummerast enkelt: Dersom vi oppfører som utlendingar når vi er i utlandet, trur vi at utlendingane vil oppføre seg som nordmenn viss og når dei kjem hit, til dømes for å køyre taxiane våre, vaske kontoret vårt etc.

”I Roma, gjer som romarane”, heiter det i eit gammalt ordtak: Som dei fleste gamle ordtak vert det oppfatta som uttrykk for ein livsvisdom vi manglar i vårt kalde og moderne samfunn, og som dei fleste andre ordtak er denne såkalla livsvisdomen meiningslaus og komplett idiotisk. No er det tilfeldigvis slik at eg nyleg har vore i Roma, og difor har kunna oppfinne eit nytt og langt betre ordtak: ”I Roma, gjer som japanarane!” Uansett kor du er, faktisk, bør du gjere som japanarane.

Erklæring: Eg elskar japanarar! Tilfeldigvis er eg så heldig at eg bur i ein by, nemleg Bergen, som er inngongsporten til Noregs største turistattraksjon, nemleg the fjords, og difor kjem japanarar talrike som havets sand hit kvar einaste vår og sommar. Det er ei velsigning.

Den største turistattraksjonen i Bergen by er ein asfaltplatting kalla Fisketorget, kor ein, som namnet indikerer, kan kjøpe eit lite stykke råtten fisk for hundre kroner. Japanarane går til Fisketorget og et den råtne fisken sin med ekte entusiasme. Dette er nok det eg likar aller best med japanarar: Den ufråvikelege entusiasmen. Dersom ein har reist halve verda rundt for å ete råtten fisk i regn/vind/tåke, skal ein nyte den råtne fisken sin der ein står i regnet/vinden/tåka! Japanske turistar er turistar og stolte av det, og for dette beundrar eg dei.

(Til samanlikning kan ein jo freiste å førestelle seg korleis det ville vore dersom dei kom til Fisketorget og nytta den norske metoden, nemleg å oppføre seg ikkje som turistar, men som lokalbefolkinga på den staden ein har reist til som turist: Korleis ville hundre kalde og våte nordmenn reagere dersom dei fekk servert skamlaust overprisa råtten fisk? Truleg er det best ikkje å vite.)

I Roma såg eg noko av det vakraste eg nokon gong har sett: Ikkje Peterskyrkja eller Colosseum, men to japanske jenter i attenårsalderen som på uterestaurant bestilte pizza. Då pizzaen kom på bordet, reagerte dei med sjokk og vantru, sperra opp auga og tok til å le: Så fotograferte dei pizzaen! Den eine jenta tok fram mobiltelefonen, fotograferte pizzaen med mobilkameraet og synte deretter fotografiet til den andre jenta, medan pizzaen, urørt, framleis låg på bordet mellom dei.

Det var talrike romarar på denne utestaden, og dei oppførte seg som det dei var, nemleg heime, med utsøkt likesæle overfor omgjevnadene, som frå eit turistsynspunkt var såkalla autentiske og særs pittoreske: Dei såg ut til å hyggje seg, men ingen synte nokon særskilt entusiasme, dei let seg ikkje overvelde, slik ingen let seg overvelde av det dei opplever kvar dag.

Dei to japanske jentene, derimot: Kvifor dei reagerte slik dei gjorde, veit eg ikkje, truleg hadde det å gjere med pizzaens overveldande storleik, det var to relativt små japanske jenter, men det er uansett ikkje poenget: Det viktige med denne historia er at dei reagerte spontant, og med all den entusiasme dei syntest denne storhendinga fortente.

Dei var to tenåringsjenter, på reise, åleine og truleg i Europa for første gong, og dei fekk servert det som for dei heilt openberrt var ein særskilt imponerande pizza: Dei ga seg over, og eg kan ikkje seie anna enn at det var eit privilegium å vere augevitne. Dei oppførte seg ikkje som romarar, men som japanske turistar, og trass i at dei ikkje veit det er dei difor mine aller største førebilete, slik dei òg bør vere det for alle andre.