Magasinett

Synsingar

Utskrift

”- Snakk dialekt, men berre ikkje din eigen”

Skrive av Jon Peder Vestad .

TV

Charlotte Thorstvedt vart rådd til leggje av seg Stavanger-dialekten sin som programleiar for X-faktor i TV2. Rådet var det Hallvard Flatland som gav, som ein gong i tida skifta ut vesttelemålet sitt. No snakkar han noko som liknar svært på Oslo vest-mål, og det er jo også ein dialekt.

Somme trur nok at dialekt er eit slags avvik frå eit ”korrekt”  standardtalemål. Vel, Nynorskordboka forklarer ordet som ”variant av eit språk som blir talt innanfor eit visst geografisk område” – og her var det snakk om at Charlotte Thorstvedt burde gjere som Hallvard Flatland, begynne å snakke som dei gjer i Oslo. Alle snakkar dialekt, og sjølvsagt kan vi problematisere kor mykje variasjon som kan finnast i ein ’variant’ osv.

Oslodialektane - det finst fleire av dei - er fine. Men det er eit problem at nokon får beskjed om at målføret deira ikkje er godt nok, ikkje passar til ditt og datt eller til og med er ”stygt”. Folk kan jo komme til å tru på dette! I radio og fjernsyn var det i mange år slik at folk skulle snakke omtrent som dei skreiv (dette er svært forenkla, men det får halde akkurat no), anten det var nynorsk eller bokmål. Men fyrst på 1980-talet opna NRK for dialektbruk, og særleg etter at TV2 kom til eit tiår seinare, har det vorte vanlegare og vanlegare at programleiarar og journalistar snakkar dialekt. Som såkalla dialektromantikar (det er eigentleg eit utnamn, men eg tolkar det positivt) ser eg nokre vanskar ved dialektbruken i etermedia.

Eitt problem er at folk ikkje stoler på målføret sitt, synest ikkje at det held mål. Det kan komme av at dei har opplevd at dialekten deira har vorte kommentert, herma etter eller gjort narr av gong etter gong, slik at dei har fått ei språkleg mindreverdskjensle. Alternativt kan dei ha fått inntrykk av at andre ikkje forstår det dei seier. Men eg opplever ofte at når folk som eksempelvis snakkar gudbrandsdalsdialekt ikkje held seg til målføret sitt, byter dei ut heilt greie og ofte brukte ord og vendingar. Dei våger ikkje tru at dialekten held. Stort sett gjer ho det, berre ein unngår heilt spesielle, lokale ord (keilltokka, stære, tarren) – eller forklarer dei – og snakkar tydeleg. Det bør vi forresten gjere støtt.

Noko anna eg synest er problematisk, er at enkelte dialektar blir vurderte som ”vanskelege” og dermed ikkje passar å bruke i for eksempel radio og fjernsyn. Er stavangerdialekt vanskeleg? Vågåmål? Tysfjorddialekt? Vel, viss du aldri har hørt eit bestemt talemål før og den som snakkar, snakkar fort og uklart, kan sikkert alle norsk målføre vere vanskelege. Dersom du ikkje har norsk som morsmål, er det mange dialektar som kan vere bort imot uforståelege. Og ja, eg veit at det finst nokre få dialektar som sikkert kan vere vriene å skjønne for mange av oss.

Vi forstår sjølvsagt lettare talemål som vi møter enn dialektar som vi aldri hører. Og dersom vi har hug til å forstå eller føler at vi går glipp av noko viktig om vi ikkje prøver å forstå, så skjønner vi også meir enn om motviljen står der som ein mur.

Ein tredje vanske eg ser spesielt for mediespråket sin del, er at folk skriv eller får manus på bokmål enda dei skal snakke dialektar som kan liggje svært langt frå bokmålsnorma. Det fører til at delar av taleflommen blir på dialekt, delar på eit stivare, skriftprega språk med vendingar og endingar som bryt med talemålet.

No har eg sett glatt over at folk flyttar, at særdrag ved språkføringa deira blir slipte vekk og at også dialektane utviklar seg. Ærendet mitt er å peike på at folk må stole på dialektane sine, snakke tydeleg og i det heile vere stolte dialektbrukarar.