Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ro

Skrive av Marianne Magnussen .

Illustrasjon

Ei strandsone for alle, eller la oss omformulere setninga; ei strandsone for menneske som vil ha ro til å ro.

 

Ro

 

Det er kun når vi planlaust ferdast

gjennom bognande beitemarker,

at vi oppdagar jagarflya

som ligg gøymt i det høge graset,

dei som sumarstid styrer stranda

ved å samlast og stupe mot oss,

- med beljande skrik, og i hopetal -

når vi nærmar oss brygge og båt.

 

Neste vår vil vi veivande springe

over samtlege graskledde åkrar,

for å skremme fram kvar og ein rovfugl

som sit stille i skjul mellom stråa,

tvinge tjuvane vekk ifrå tomta,

fjerne egga, og endåtil reira,

- for strandsona skal bli verkeleg vår -

slik at folk kan få fred til å ro.