Magasinett

Synsingar

Utskrift

Gleder og sorger for ein nynorskbrukar

Skrive av Borghild Gramstad .

Nordkapp

Det språklege livet for oss som brukar nynorsk er litt ulikt etter kor i landet me held til. Når ein til dømes held seg i Nord-Noreg, slik som meg, kan ein gleda seg over mykje god dialektbruk.

Her er dei så glade i dialekten sin at dei brukar han både når dei snakkar og når dei skriv. Det gjer at ein svært sjeldan ser nynorsk skrift, men derimot temmeleg mykje dårleg bokmål i skriftleg form.

Av og til reiser eg heim til Vestlandet. Sjølv om ærendet mitt då ikkje er å bada meg i nynorsk, slik ein kan reisa på språkbad både til samiske område og på språkkurs i andre land, så er det ein bonus, det må eg seia. Å opna avisene og lesa både det eine og det andre på nynorsk, sjå språket mitt på reklameplakatar i butikkane og i bøker i hendene på folk, det gjer at eg kjenner meg heime, eg kjenner meg velkomen.

Denne gongen sat eg på flyet på veg til nynorskland og fann ei flott brosjyre i setelomma. Her hadde mange hordalandskommunar presentert seg med nydelege bilde og gode grunnar til at ein skulle besøka nett dei. Kort sagt nett slikt som gir god næring til den heimlengta ein kan ha som utflytta vestlending. Men alt var på bokmål! Eg bladde og bladde, eg kunne ikkje tenka meg at alle desse nynorskkommunane kunne finna seg i å bli presenterte på bokmål. Og til slutt fann eg endeleg ein stolt kommune som stod fram i all si nynorske prakt, nemleg Voss.

Eg bestemte meg med det same for å legga vegen om Voss så snart eg kunne! Men første stopp var Bergen. Her høyrde eg på eit bra, men urovekkande innlegg om klimamodellar og klimaendringar. Allereie då eg såg tittelen på føredraget fatta eg mot: Kunne det verkeleg vera på nynorsk? Det handla jo korkje om språk eller kortreist mat og ikkje var det nokon eg kjende som haldt det heller. Men nynorsk var det! Ein god og stødig striledialekt i kompaniskap med ein klar og konsis nynorsk, det var som om det gjorde klimautsiktene endå meir skremmande enn vanleg. Slik kan god nynorsk ofte gjera, skrella vekk den unødige innpakkinga og gå rett til kjernen.

Sjølv om eg kan kjenna meg åleine som nynorskbrukar i Nord-Noreg, er det altså eit dialektparadis, og det hjelper jo på. I det heile tatt er det lov å snakka dialekt nesten på alle område av det norske kvardagslivet. Me tenker nok ikkje mykje over det til kvardags, men ein skal ikkje lenger enn over grensa til Sverige før situasjonen er ein heilt annan. I ei av dei mange analysane av det svenske valet peikte dei på at for ein svensk politikar er det heilt utenkeleg å snakka dialekt, det kan ein gjera på privaten men ikkje i eit offentleg verv.

Eg for min del er glad for at me har politikarar som ein kan høyra kor kjem frå, og eit land der me set pris på at det naturlege talemålet vårt er brukande til alt. Og mykje av æra for denne dialektrespekten må nynorsken få, som har vist at dei norske dialektane duger som basis for eit skriftspråk også. Så takk, Ivar Aasen!