Magasinett

Synsingar

Utskrift

Å kle av eit menneske

Skrive av Borghild Gramstad .

Dachau

Mennesket er ein dyreart som er i stand til å torturera og pina ikkje berre andre dyr, men også vår eigen art.

Heldigvis er det vanskeleg for dei fleste av oss å påføra andre smerte med vitande og vilje (her må ein gjera unnatak for tannlegane). Likevel er det gjort mange eksperiment som viser at alminnelege menneske kan gjera dei forferdelegaste ting mot andre, dersom dei er i ein situasjon der det verkar naturleg. Dersom, til dømes, ein autoritet fortel dei at det er nødvendig/ufarleg/fortent å gi eit anna, ukjent menneske store elektriske sjokk, gir dei fleste dødelege dosar straum, sjølv etter at dei høyrer mennesket skrika i smerte. (Stanley Milgram-eksperimentet  http://no.wikipedia.org/wiki/Milgram-eksperimentet).

Til kvardags slepp me heldigvis unna slike oppdagingar av kva me er i stand til. Men det er nokon representantar for oss som er plasserte i ekstreme situasjonar, ikkje minst dei unge norske soldatane som er rundt om i verda på oppdrag. Eg, og sikkert fleire med meg, vil gjerne tenka at våre unge har så mykje god ballast med seg at dei ikkje ville oppføra seg som dei unge soldatane frå USA i Abu Ghraib-fengselet (http://no.wikipedia.org/wiki/Abu_Ghraib-fengslet), me har jo sett bilda av tortur og audmjukingar derfrå. Truleg tar me feil, våre soldatar har vel berre vore heldige som ikkje har vore i slike ekstreme situasjonar enno.

Kva er det som gjer at eit menneske kan gjera slikt mot andre? Mon tru om det ikkje handlar mest om å gjera den andre til eit ikkje-menneske, å kle av den andre det menneskelege? Eg har nett sett den franske filmen Utryddelsen (http://www.filmweb.no/kino/article237302.ece), om franske jødar som blir sende i konsentrasjonsleir av si eiga regjering. Dei blir først sperra inne i ein stor sportsarena utan mat og vatn. Så kjem dei i overgangsleirar med lite mat og dårlege hygieniske forhold, så når dei endeleg blir lasta om bord på toga til dødsleirane, er dei magre, lusete, fillete og skitne. Dei ser med andre ord ikkje ut som nokon som fortener hjelp, dei ser derimot ut som nokon me helst ikkje vil ha noko med å gjera.

På bilda frå frigjeringa av konsentrasjonsleirane etter krigen, og liknande bilde frå andre fangeleirar, ser me levande skjelett med barberte skallar. Dei ser ut som dei kjem frå ein annan planet, heilt av-menneskeleggjorde. Det er klart at det er lettare å torturera og drepa slike, enn folk som ser ut som ein sjølv. For det handlar om oss og dei, gjer det ikkje? Me har rett til eit liv utan fare for drap, fattigdom og tortur, mens ”dei andre”, ”dei der nede”, ”desse folka” ikkje har krav på det same. Og eigentleg har dei jo ein heilt annan kultur, menneskeliv er ikkje så mykje verdt der nede, dei trivst med å vera fattige, dei kan ikkje styra seg sjølve, og så vidare og så vidare. Det er jo enklare å tenka slik enn å innsjå at nokon er fattige fordi me er rike, at det har med økonomiske system og verdshandel og historiske overgrep å gjera.

Det må vera denne same mekanismen som gjer at tilsynelatande normale folk spyttar på og plagar tiggarar på gatene i norske byar, særleg dei tiggarane som liknar minst på oss, fattige og mørke i huda som mange av dei er. Eller som gjer at styresmaktene i mange europeiske land bussar fattige rom-folk ut av landa sine, så ein slepp å sjå dei. All ære til Spania, som ikkje berre behandlar rom-folk som andre menneske, men som også har inkludert dei i den spanske nasjonale stoltheita med sin flamenco og sine drakter (http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1861).

Derfor er det også ille når norske styresmakter tvangssender folk ut av landet etter at dei har budd her i fleire år og har fått jobb og venner og nettverk, etter at mange norske har funne ut at ”dei” slett ikkje er så ulike ”oss”. Det er sjølvsagt verst for dei som blir kasta ut, men det er også skadeleg for oss som blir igjen, som lærer oss at det beste er å halda avstand til nye og framande, fordi ein ikkje veit kor lenge dei blir og ikkje rekk å bli kjent med dei som menneske. Den naturlege reaksjonen når ein ser eit nake menneske som treng hjelp bør vera å gi mennesket klede på kroppen. Kunne me berre hatt kloke styresmakter som hadde hjelpt oss å halda fast på denne reaksjonen!