Magasinett

Synsingar

Utskrift

Akkurat no! No!

Skrive av Mette Karlsvik .

Anna

Det handlar om å finne deg sjølv som helt i kvardagen, våge å seie imot og vere ueinig. Du blir nok ikkje lemlesta, drepen eller fengsla for det, men det kan likevel koste litt.

”Mytekalenderen” er norgesmeisteren i gode radioprogram. Dessutan går det kvar einaste dag. Det går akkurat no, og står på i bakgrunnen her i skrivestova mi. Mens eg skriv, høyrer eg at programleiar og forfattar Terje Nordby snakkar om ”Helteeposet”.

Nordby snakkar om det å sjå heltefilmar på kino. Etter filmen, så går ein på ein annan måte ut av kinosalen: Ryggen har blitt rak. Stega har fått spenst. Det er ei kjensle av at det nyttar å ta i eit tak, at det hjelper å prøve og at folk er i stand til å gjere store ting. Ja, er det ikkje slik det er:

Når lampa blir sløkkt i filmframvisaren og du kjem ut, er det som om det ligg eit nytt lys over byen din. Alt virkar opplyst. Alt virkar mogleg. Så synd, bare, at kjensla, etter kinoførestillinga, bare varar i ti minutt. Så er det som om dei gulaktige gatelysa blir slått på att. Det kvite, strålande lyset feidar ut. Du ser alt i det vanlege lyset sitt. Tyngelova virkar igjen. Alt kjennest ikkje lenger mogleg. Det som du då kjenner, er bare at det å vere helt, er ein liten jobb.

Så går du heim, går rett bort til bokhylla di og drar ut ei bok som har fuglar på omslaget. Eit mylder av gule og kvite fuglar, og med ”Akkurat Nå” skrive som eit landskap under dei. Du fekk kanskje denne boka av ei velmeinande tante, ei slik som alltid kjøper boksar med pepparkaker når ungdom frå fotballaget går forbi. Då ho såg at Amnesty hadde laga ei bok, då kjøpte ho like gjerne fem og gav til deg og alle kusinene og fetrane dine. Du sette boka i hylla. Men no tenkjer du på den igjen. Føreordet har tittel ”Heltene”, handlar om akkurat det du kjenner: Kor blei det av heltane?

Finst det ein Roald Amundsen av i dag? Petter Stordalen? Rimi-Hagen? Har rikingane framleis ein del makt, eller ser vi vidare? Ser vi til utlandet? Om vi såg til Island, for eit par år sia, ville vi sjå at finansfyrstane blei kalla ”vikingar”, ”utforskarar”, ”beseirarar”. No er situasjonen sjølvsagt ein annan, ettersom boomen er over og krakket eit faktum.

Du vil sjå til utlandet. Men du vil sjå lenger enn til Island. Difor sett du deg, i dag, ned med boka ”Akkurat nå”. Du kjem til å dra den ut gong på gong i åra som kjem. Du vil bla i den boka, no og då, for å bli minna om heltedådar. ”Akkurat Nå” skildrar fem heltar som har nytta ytringsfridomen til å kjempe for saker dei trur på. På kvar sine måtar, og gjennom aviser, bloggar eller bøker, har dei turt å seie det som andre ikkje seier.

Genistrekane er mange i denne boka. Korsstinga til Siri Nilsen, er eit døme. Med varsam hand, har veslejenta til Lillebjørn Nilsen fylt ei lita side med vektige ord. Det er andre døme, men dei viktigaste strekane er dei store linjene. Konseptet med ”Akkurat Nå” er å sette aktuelle saker innanfor bokpermar. Historiene i ”Akkurat Nå” er slike som du elles ville ha lest om i avisene. No blir historien trykt på papir av betre kvalitet. Papir som ikkje skal forsvinne så fort. Dei harde permane bidrar også til det udøydelege aspektet.”Akkurat Nå” er med på å formidle helteepos. Anna Politkovskaja blir meir enn ein modig journalist, meir enn nokon som snakkar ut frå samvit. Karim Amer blir meir enn dei bilda som vi har sett av han i avisene dei siste, par åra: Han blir meir enn samvitsfangen, men får kjøtt og blod, og får ei historie. Han tar del i mytene. Det gjer også Troung Quoc Hoy, som skreiv flygeblad med regjeringsfiendtleg innhald. For det blei heimen hans storma, mannen slått, og så fengsla.

Zelimkhan Murdalov er ein mann som bare ”forsvann”. Han blei torturert av den delen av det russiske politiet som har som jobb å slå ned på opprøyr. Murdakov skal ha vore observert av dei andre i cella si, med avrive kjønnsorgan, knekt kragebein og det eine øyret skore av.

Chen Guangcheng sitt fengsla på femte året, for ”å skade offentleg eigendom, og ha organisert ein trafikkblokkade”. Det handla i røynda om ein protest mot tvungen abort og – sterilisering i Kina.

Når terskelen er så låg for å ta og arrestere ”opprøyrarar”, kan vi bare tenke oss til alle dei sakene vi aldri får høyre om. Grunnen til at vi ikkje får vite om dei, er mellom anna at dei ofte får falske dommar. Det blir kalla ”økonomisk kriminalitet” eller andre meir diffuse ting.

Tenk på Karim og Poltikvoskaja i kveld, når opinionsleiaren i miljøet ditt seier noko som du eigentleg er ueinig i, men vanlegvis bare nikkar anerkjennande til. Tenk på dei i morgon, om du held med elevrådsleiaren, sjølv om du er ueinig, bare fordi du trur at du kanskje skal ta over leiarstolen. Og legg deg til vane å stå på sida til dei som kanskje står under deg på rangstigen i miljøet du går i. Tenk at livet ditt er ein film, kor du er helten. Då vil den gode kjensla, den etter ein stor heltesaga, vare lenger enn ti minutt etter at du kjem ut frå kinomørkret.