Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ytringsfridom og hemmeleghald

Skrive av Borghild Gramstad .

Wikileaks

Det kan ikkje vera mange som ikkje har høyrt om WikiLeaks lenger. Det som høyrdest ut som ein ny type bleier for nokre månader sidan, er no førsteoppslaget i alle nyheitsmediene, og har verkeleg fått oss til å snakka om både ytringsfridom og hemmeleghald.

For ytringsfridom er tydelegvis ikkje det same i alle tilfeller. Ytringsfridomen er absolutt når han blir brukt til å kritisera og fornærma visse religionar, slik me såg i striden om Muhammed-karikaturane. Pussig nok høyrer me lite verdsomspennande appellar for ytringsfridomen når amerikanske kristne reinskar bøker som Huckleberry Finn og Harry Potter ut frå skulebiblioteka, eller tar Darwin si utviklingslære ut av undervisninga.

Om me skal tolka dette i beste meining, kan me kalla det ei unnlatingssynd at ikkje dei kristne fundamentalistane blir angripne like sterkt som dei muslimske fundamentalistane, og at prinsippet om ytringsfridom likevel er viktig. Men når ytringsfridomen blir brukt til å visa koss amerikanske soldatar oppfører seg i andre land, eller kva diplomatar seier om statsleiarar, er han plutseleg ikkje ukrenkeleg og absolutt lenger. Då kan amerikanske styresmakter tillata seg å stenga nettsider og hindra pengeoverføringar og erklæra dei som bruker ytringsfridomen for terroristar. Det er som eit ekko av Kina sine reaksjonar på fredsprisen!

Så er det valdtektstiltalen mot WikiLeaks sin talsmann Julian Assange. Ein treng ikkje vera veldig paranoid for å mistenka at dette også har med ytringsfridom å gjera. Ingenting ville vera betre enn om alle valdtektsanklaga personar frå no av blir etterlyste over heile verda slik at dei kan bli straffa om dei blir tatt. Det er det vel likevel ingen som trur, aller minst valdtektsoffer som blir behandla dårleg hjå politiet eller i retten, eller opplever at overgriparen blir frikjent eller får ein månad i fengsel. For uavhengig om skuldingane mot Assange er sanne eller ikkje, så er det ikkje fordi han har valdteke nokon at han er ettersøkt gjennom Interpol, det er heller fordi han har fått mektige fiendar på anna vis.

Det er interessant at styresmakter verda over vil halda sine eigne samtalar og saker hemmelege, mens dei samtidig vil ha tilgang til din, min og alle sin mobilbruk, epostkasse og nettaktivitet. I kampen mot terror er jo alt lov, då kan ein setta til side alminnelege borgarrettar og anna lovgiving, då er det berre eit spørsmål om du er ”med oss eller med terroristane”, som George W. Bush sa i FN.

Så dersom USA får gjennomslag for sine terrorskuldingar mot Assange og WikiLeaks, og rykkar inn med heile maskineriet sitt, så er det eit slag i magen på den frie pressa, kjeldevernet og andre prinsipp som demokratiske statar likar å smykka seg med. Det er sjølvsagt ikkje den første gongen USA gjer slikt, forskjellen no er at det skjer i full offentlegheit, og med aktørar frå vestlege, demokratiske land.

Og i Noreg ser det ut som om Stortinget vil vedta datalagringsdirektivet frå EU som gir rett til oppbevaring av våre private samtalar. Så her må ein passa seg for å senda for mange sms-ar om WikiLeaks framover, kanskje blir ein då mistenkt for å støtta terrororganisasjonar. Me lever sanneleg i spennande tider, folkens!