Magasinett

Synsingar

Utskrift

Alt eg seier er sant

.

Beckham

Kona til David Beckham er ein alien. Visste du det?

 

 

No veit du det, i alle fall. Eller rettare sagt, du veit at ho skal spele ein alien i ein film. Det vil seie, ho skulle spele alien i ein film. Kanskje.

No veit du det, og det veit du fordi eg har sagt det. Eg er journalist og journalistar skal snakke sant. Eg skriv dessutan på ein statsstøtta nettstad for ungdom. Det vil seie at politikarane har så god tru på denne nettstaden at dei løyver pengar til oss slik at vi kan gjere dette arbeidet. Dei trur på oss, slik mange andre gjer. Vi har stor grad av truverd, rett og slett.

Så fordi ein journalist på ein truverdig nettstad skriv at Victoria Beckham skal spele alien i ein film, så bør du tru på det.

No er det sjølvsagt tull og tøys, dette om fru Beckham, ho skal ikkje spele alien i ein film. I alle fall sist eg sjekka. Og sjekka har eg gjort. Eg har nemleg skrive om dette før, i ei anna nettavis. Slik gjekk det føre seg:

Eg var som vanleg på jakt etter ei god og lesarvenleg historie, gjerne ei som inneheldt kjendisar. Kjendisar er godt lesestoff og gir mange klikk i ei nettavis. Eg søkte rundt på nettet som vanleg, og der kom eg over ei historie om Victoria Beckham som var utvald til å spele alien i ein film som Tom Cruise skulle regissere. Den tar eg, tenkte eg. Den er fin, og Victoria Beckham har høg kjendisfaktor. Som vanleg leita eg etter historia i fleire nettaviser enn den eine eg fann ho i. Tanken bak det er at viss fleire truverdige nettaviser seier det, så er det større sannsynlegheit for at det er sant. Vi vil jo ikkje fare med spekulasjonar og løgn, heller. Men eg fann ho ingen andre plassar. Eg sjekka datoen og klokkeslettet. Kanskje var saken så fersk at ingen andre hadde plukka den opp enno? Men nei, den var sikkert både ei og to veker gammal, og på den tida burde fleire funne den og gjenfortald den. Ut frå alt eg har lært om kjeldekritikk burde det vere klart for meg at dette sannsynlegvis var ei oppdikta historie. Ho kunne vere sann, men mest truleg ikkje.

Kva gjorde eg? Eg valde å tru at ho var sann, slik at eg kunne få brukt ho på nett. Eg gjenfortalde ho frå ei usikker kjelde, med eit flott bilde av Victoria Beckham som illustrasjon. Det blei ikkje noko rabalder av det, og eg trur neppe nokon gjenfortalde det eg hadde skrive. Ingen hugsar det i dag, det er eg viss om. Så slik sett kan ein seie at ingen skade har skjedd.

Men på sett og vis så har det skjedd ein skade. Det er nemleg slik at når du er på nett og les ting i nettaviser og bloggar, så bør du kunne stole på det vi skriv. Du bør kjenne deg trygg på at vi skriv om noko vi har greie på og at vi som er journalistar har sjekka våre kjelder før vi gjenfortel andre sine historier.

Eg veit framleis ikkje om saken om Beckham, Cruise og alien-filmen var heilt usann. Kanskje hadde dei ein plan som det ikkje blei noko av. Kanskje kjende den journalisten i den utanlandske nettavisa Tom Cruise og gjenfortalde noko som vedkommande hadde høyrd. Kva veit eg. Men eg burde ikkje skrive den saka, så lenge eg ikkje visste. Eg burde late det vere, fordi eg veit betre enn å fortelje halve sanningar og spekulasjonar. Det eg skriv skal vere sant.

Eg lover at eg aldri har gjort noko slik etterpå. Det fekk som sagt ingen følgjer, og om nokon hadde avslørt meg, så hadde eg neppe mista jobben over det. Men eg hadde kanskje mista truverdet mitt, og det er noko av det verste å miste. Viss ikkje folk kan stole på deg og ha tru på deg, kva har du då?

Så kva har eg lært av dette, og kva bør du lære av det? I alle fall dette: Vi må ikkje tru alt vi les på nett. Vi må vere skeptiske, kritiske og grundige. Når du les ein blogg, spør deg sjølv: Kven er det som skriv? Kvifor skal eg tru på det bloggaren seier? Har vedkommande greie på det ho snakkar om?

Kva med Facebook? Er alt folk skriv om seg sjølv, bedrifta si og klubben sin på Facebook sant? Ikkje nødvendigvis. Det rekna du vel heller ikkje med.

Kan du stole på alt som står her på Magasinett, då? Ja, vil eg seie (men med din kritiske sans vil du likevel setje spørjeteikn ved om eg er den rette til å svare, eg tener trass alt pengar på å jobbe her og tener på at vi framstår som truverdige).

Kvifor bør du stole på oss? Magasinett har, til liks med uendeleg mange nettsider, ei .no-adresse. Det kan ikkje kven som helst få, då må ein ha eit organisasjonsnummer og slike ting. Altså har vi ein viss grad av truverdigheit der. I tillegg skriv alle her inne under fullt namn, og du kan google oss og finne oss i telefonkatalogen, og på den måten sjå at vi er ekte folk med ein skikkeleg bakgrunn. På nettstaden her får du vite kven som er redaktør, kven som eig nettstaden og korleis du kan kome i kontakt med oss. Med andre ord, vi prøver ikkje å skjule kven vi er og kva vi driv med. Det trur vi gjer oss truverdige. Så kan du sjølvsagt spørje deg sjølv: Har vi ein agenda? Slurvar vi eller fer vi med juks? Er vi nøytrale når vi bør vere det? Har vi dato på sakene våre, slik at du kan føle deg trygg på at det vi skriv er oppdatert?

Det er mange kritiske spørsmål du kan og bør stille, slik at du kjenner deg trygg på det du les. Det er mitt råd til deg i dag: Ver kritisk - alltid.

Eg kan seie at eg snakkar sant, men du veit aldri...