Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kultursnobbane markerer revir

.

Vi slit med mange slags luksusproblem i Noreg. Eitt av dei siste problema er at ein milliardær vil gi vekk ein skulpturpark til Oslo by.

Parken skal liggje nedanfor Ekeberg-restauranten som er eigd av milliardæren Christian Ringnes sjølv. Tema for parken er ei hyllest til kvinna. Vi snakkar altså om ein grøn park full av forskjellige kvinnestatuar, i varierande alder og påkledning, med hovudvekt på ei figurativ framstilling av menneskekroppen.

Dette har fått kultureliten i hovudstaden til å gå av skaftet.

Ringnes har vorti skjelt ut for å ha eit gamaldags kunstsyn, og for å ikkje vere i takt med nyvinningane innafor samtidskunsten. Det har blitt ymta frampå om at eigedomsutviklaren Ringnes på denne måten skal fange Oslo kommune i ei felle av takksemd, som han så kan utnytte til sin fordel neste gong han ønskjer seg ei teneste.  

Samstundes er det mange av dei same kulturpusherane som klager over at det brukas for lite på kultur, at Noreg er eit kulturlaust land, der jag etter pengar og status har tatt over for kunst og kulturell daning. Når det da endeleg kjem ein riking som har lyst til å bruke nokre kroner på kulturen, blir han bedt om å pelle seg attende der han kom i frå, i staden for å plage kultureliten med toskeskapen sin.

Kulturfolka vil ikkje sleppe inn Ringnes på sitt revir. Hald deg til økonomien, er det som dei seier. Kom ikkje her og brif med pengane dine!

Rett nok er du rikare enn oss, men det er vi som har peiling, det er vi som bestemmer kva ein skal like og mislike her i landet. Noko skal vi ha att for all tråvinga rundt på museum og galleri, for ikkje å gløyme dei langdryge studia av kunsthistorie og litteraturvitskap.

Eg tilhører sjølv denne gruppa av humanistar med lang fartstid på Blindern, som har nytta store delar av ungdomstida si på å skaffe seg raffinert smak og korrekte meiningar. Det ser berre ut som at det er eit par ting anti-damepark-fraksjonen har gløymt frå ex. phil. og den vestlege kulturarva. Eg tenkjer da på toleransen og mangfaldet.

Etter postmodernismen er det ikkje lenger slik at det er eitt kunstsyn som er rett, medan alle andre er feil. No eksisterer det mangfald i kunsten, det vil seie at ein drøss med forskjellige retningar kan eksistere side om side, på like fot. Ein av desse kunstretningane er den realistiske figurative stilen, som i prinsippet er nett like ”fin” som andre retningar.

At parken til Ringnes vil få eit gamaldags uttrykk er ikkje noko å bekymre seg for, då ein skulpturpark per definisjon er meint å skulle stå ei stund. Ein må derfor rett ut håpe på at skulpturane før eller sidan blir gammaldagse, då alternativet er at dei blir fjerna.

Om parken hadde blitt proppa full av hippe, kontemporære skulpturar, hadde dei og like fordømt blitt gammaldagse i løpet av ein 50 - 100-årsperiode. Den einaste skilnaden er at det truleg er litt enklare å plukke ut meisterverk frå den perioden Ringnes siktar seg inn på, enn å frå ein uoversiktleg samtidskunst plukke ut det som kjem til å bli ståande som meisterverk i framtida.

Såleis er sjølvsagt Vigeland-parken håplaus gamaldags i dag, samstundes som den er eit interessant historisk monument over det kunstsynet og det verdssynet som rådde for nokre generasjonar sidan. Og det ser ikkje ut til at alle dei menneska, både store og små, som besøker parken kvar dag let seg plage nemneverdig av at skulpturane til Vigeland ikkje er heilt på moten mellom folk med hovudfag i kunsthistorie i dag.

Eg vil difor rette ein appell til kultursnobbane: Puss litt støv av den respekten eg veit de innerst inne har for mangfald og toleranse. Tolerer at det eksisterer andre menneske som liker andre ting enn de gjer. Lat Ringnes, for mangfaldet si skyld, sette opp parken sin.

Så får de heller håpe på at det dukkar opp ein annan riking som lagar ein park med passe vanskeleg og hip samtidskunst, ein riking som fattar nøyaktig kva det er som kjenneteiknar smaken og kodane til dei urbane og velutdanna.

Enda kor grenselaust irriterande det hadde vore.