Magasinett

Synsingar

Utskrift

Landskamp på danskebåten

Skrive av Mette Karlsvik .

Gutar med hjelmar

Eg er fordomsfull. Fulle folk overalt. Pubben er full av fotballsupportarar. Ein andletslaus masse av folk. Av danskebåtpassasjerar. Vi distanserer oss frå dei.

Den einaste grunnen til at vi sitt her, er storskjermen. Det er landskamp mellom Danmark og Noreg. Vi ville ikkje vere i Noreg og bli identifiserte med dei vikingehjelmkledde Noregsupportarane. Vi ville ikkje vere i Danmark og bli konfronterte med vikingekledde Danmarkssuportarar. Vi valte å vere i transit. Midt mellom, valte vi – på danskebåten. Ein nøytral stad, tenkte vi framleis då vi gjekk med sekkar på ryggen på veg frå Torshov til Akershusstrandas Skur 42:

Det er den 26. mars 2011 og landskamp mellom Noreg og Danmark. Eg og kjærasten min er på veg til danskebåtkaia ved Akershus Festning. På veg opp mot festninga ravar eit dansk flagg. På toppen av det danske flagget er ein vikingehjelm i plastikk. Flaggmannen kjempar seg veg opp mot den festninga som beskytta Noreg mot danskane.

Ein gong i tida fortente Akershus Festning namnet sitt. I dag hindrar bare sola dansken i å nå toppen. Han gir opp på halvvegen, og blir ståande og smile fårete mot sola. Auga er lukka, hendene ut frå sida. Eg ser for meg kva han ser, der han står, med auga lukka. Når eg lukkar auga, ser eg alt i negativ. Himmelen som var blå, blir oransje. Den blå stripa i norskeflagget blir oransje, og dei raude felta blir grøne. Dei kvithuda blir mørkhuda, dei mørkhuda kvithuda, og alle tankar som eg før hadde, sett på hovudet.

Ein av fordommane mine har vore mot danskebåten. Det til tross for at danskebåten var grei mot meg den gongen eg tok han. Eg var femten, og frå bygda. Alkohol var umuleg å få tak pi, og verda bare eit rykte som fór mellom nabokjerringane bortanfor. Nabokjerringane gjorde alle rørsler tunge. Alt var synleg. Ingenting var fritt. Alt var vanskeleg, ulovleg, tabu.

Tuborg var ikkje bare billegare enn flaskevatn på danskebåten. Det var ingen som bad oss om legitimasjon då vi handla. Og etterpå, då vi drog sekspakningane våre til eit hjørne, sparka av oss skoa og opna posene med potetgull og hadde ein minifestival for oss sjølve, då kom ingen peikefingrar og bad oss pelle oss vekk. I lovens namn. Det var ingen andre lover enn Kardemomme. Og kardemomme var overalt, i søte bakverk i kafear som var opne til seint, seint. Sukk.

Søte minne til tross: Eg har hatt fordommar. Frp’arar tar danskebåtane. Dumme, reaksjonære, stasjonære, stagnerte, feite folk som ikkje lenger har ambisjonar, som ikkje lenger veit sitt eige beste. Dei tar danskebåten. Angst. Kva er det vi er på veg til, tenkjer eg, når vi ruslar vidare og kjem vi til Vippetangen, sjekkar inn, og har sett tinga våre på lugaren. Lugaren er ikkje ein plass å tilbringe tid.

Vi går ut, og til sola. Øvste dekket, ved stripa, der blir vi ståande, med auga lukka, sola i andletet, og måsene skrikande omkring oss. Ferja legg frå kai. Måsene følgjer på. Dei held seg helst ved flagget som vaiar frå enden av flaggstanga. Det er det danske flagget. Danskane fann ut at Drillo har ein dansk lausunge. Og i staden for å bruke det for det danske landslaget, brukar dei det mot det norske landslaget.

Danskedævlar, seier typen min, og får smale auger sjølv med sola i ryggen.

Skal vi pisse på flagget? seier eg.

Det er det minste vi kan gjere, seier han.

Sei ikkje det, du som gut er, seier eg, går bort til flaggstonga og vurderar korleis eg, som jente er, skulle klare å pisse heilt ut til slutten av stonga. Det er langt ut til tuppen av det fallossymbolet. Skal eg klare det, treng eg øl. No er det at vi endar på pubben med flatskjermen. Slik er det at vi blir sitjande i lag med den hittil andletslause massen av converskledde europaungdom som ikkje innfrir fordommane som eg hadde mot danskebåtfolk. Dei er som alle. Dei er ingen.

Eg leiker ein gisseleik med meg sjølv, og tippar at den intellektuelt utsjåande skjegg-guten med cordfløyelsdress er ein Blindern-student. Jenta med heilsvarte converse er ei Mono-tjei. Han med hanekam er nok danske, tenkjer eg. Og slik er desse folka heilt til Danmark, etter tjue minutts tid, skårer mål. Då reiser cordfløyelsdressen seg og ropar Hurra. Converse-tjeien er bare sekund etter. Dei klemmer kvarandre.

Bartenderen skrur opp lyden når målet kjem i reprise. Annakvart pubmenneske reiser seg. Nokre slår kvarandre på hendene. Danskane gir oss bank. Nordmennene på danskebåten hyttar med nevene, bannar. Eg skottar meg nervøst omkring. Ein time seinare utliknar Huseklepp for Noreg. Danskane hyttar med nevene, bannar. Men her sluttar også handgemengen. Eg kryssar fingrane for at det får vere uavgjort. Det slår meg at danskebåten likevel ikkje er den ideelle plassen å vere under landskampen. Den einaste flukta er å hoppe på havet. Eller å drikke meir øl.

Det neste eg veit er at eg er i København. Eg vandrar mellom veggisanarkistane, råkostveganarane og heile torg med belgfrukter, tofu, eføy, farga hud. Vennlegheit i alle former. Men visstnok ikkje så mykje mellom folk. Frode Grytten sa til meg i eit intervju: Danskane kan godt lære å bli litt mindre framandfiendlege og litt meir opne mot muslimar. Men eg har lese den danske avisa Information sidan nyttår. Der kjem det fram at det største problemet med framandfiendtlegheit i Danmark, er integrasjonspolitikken.

Dei har mange papirlause. Dei sender papirlause ut av landet. Og særleg gjeld det dei ressurssterke, dei som vågar å seie i frå om at dei er her. Eg seier: Når de skal sende folk frå Danmark til Noreg: Send oss ikkje flagg krona med vikingehjemar i plast. Dei har vi fleire enn nok av. Send oss sjeledoktorar, helsevitskapsfolk, psykiatarar, fotballspelarar.