Magasinett

Synsingar

Utskrift

- Usant frå Frp

Skrive av Mette Karlsvik .

Mann

Ein politikar skal fortelje sanninga. Det gjer ikkje Frp, meiner forfattar Mette Karlsvik i denne synsinga.

No må det bli slutt på forfølginga av Frp. Det er alt for mykje Frp-hets i Noreg no. Men desverre må vi forfølge Frp slik som tilhøva er no. Viss dei oppførte seg bra, trong vi heller ikkje å forfølge dei. Det er som i klasserommet, det. Læraren er grei viss ungane er greie, viss dei ikkje stjel, ikkje lyg. Løgn er den av syndane som Frp har gjort seg skuldig i nyleg. Det krev allmenn påtale.

Det var seinast i dag, på morgonnytt i TV2, at det skjedde. ”Frp-Svendsen” hevdar at innvandrarar som jobbar i Noreg bidrar mindre enn dei kostar. Ein Ap-politikar satt heldigvis der og kunne straks irettesetje Frp-politikaren og fortelle han at ”reknestykket går i pluss” når det gjeld innvandra arbeidstakarar i Noreg: Dei kostar oss litt. Men den kvalifikasjon og kompetanse som vi får attende, veg opp for det vi gir. Og litt til.

Vanskelegare var det førre veka, då Frp hadde landsmøtet sitt, og det ikkje var Ap-politikarar eller andre der til å nyansere fråsegn som kom frå talarstolen. Det var bare andre Frp’arar der. Og dei var med på denne løgna: Kunstnarar er den yrkesgruppa som verkeleg har fått sugerøret sitt ned i lommeboka til folk flest. Kunstnarar kan få opp til 208.000 kroner kvart år heilt fram til dei går av med pensjon – utan å lage kunst.

Dette er frå talen til Frp si kronprinsesse Julia Brännström. Ho diktar like godt som ein forfattar. Dei norske kunstnarane som ho nemner, dei som kan få opp til 208.000 kroner i stipend kvart år, det er dei beste blant oss ”Garantiinntekt-kunstnarane”. For å halde på denne inntekta må dei lage kunst. Viss ikkje fell dei utanfor ordninga.

I FrP sitt partiprogram står det mellom anna at dei vil ha ”(...) et levende kulturliv fritt for politisk styring, basert på personlig engasjement og frivillighet”. "Frivillighet", altså hobby. Likevel kallar Brännström kunstarane ”ei yrkesgruppe". Ho drar vekslar på sitt eige virke som politikar: ”Eg tener ikkje eit raud øre på å vere politikar. Er ein ikkje den beste politikaren, må ein finne seg i å ha andre jobbar ved sia av”, seier ho. Brännström har altså endå meir til felles med den jamne forfattaren. Forfattarar flest tener også minimalt på det dei skriv, og må ta andre jobbar ved sia av. Slik bør det ikkje vere. Politikaren bør få betalt, og kunne jobbe profesjonelt. Forfattaren bør også få betalt nok til å fokusere på tekstarbeidet. Både kunst og politikk handlar om å vere med på å utvikle og vidareføre noko. Som det blir sagt i eit sosialt medium på internett: Det handlar meir om kor ein bør vere enn kor ein trur at ein vil vere.

Dei mest velykka politikarane har i ettertid vist seg å vere dei som tør å ta upopulære val. Val som viser seg velykka i det lange løpet. Å vere forfattar – og politikar er eit stort ansvar. Forfattaren brukar ord, som er mektige våpen. Han skal bruke dei på rett måte. Politikaren får forvalte skattepengar, og får generell tillit frå folket. Til gjengjeld skal han mellom anna forvalte pengane rett. Og fortelje sanninga.