Magasinett

Synsingar

Utskrift

Velkomen til ein spennande haust

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Blome

Vi er så smått tilbake etter ferien og startar opp med Are Kalvø som fortel om kva han og venene hans liker ved Noreg.

Det blei ein annleis sommar.

Sjølv om vi har blitt tettare knyta saman og meir stolte av landet vårt og det folket vi er, skulle vi helst ha vore utan den vonde tragedien som ramma oss alle fredag 22. juli.

Vi vil med dette nytte høvet til å fortelje dei som er meir direkte ramma av dette av vi tenkjer på dei og at vi bryr oss.

 

I september skal vi velje kven som skal styre i kommunane og fylka våre. Det blir spennande å sjå om vi klarer å få fleire til å røyste denne hausten enn ved førre lokalval. Kanskje kan nettopp større valdeltaking vere det gode som kjem ut av tragedien.

La oss halde fram med å engasjere oss i samfunnet vårt og tydeleg vise kva vi meiner!

 

Frå neste veke av blir det meir som skjer her på Magasinett. I haust feirer vi også 15-årsjubileum for nettmagasinet.