Magasinett

Synsingar

Utskrift

Hugsar du brevet?

Skrive av Jon Peder Vestad .

Brev

Eg sit omtrent kvar fredag på buss i ein tretimars tid. Mange av dei andre som reiser, er unge, og sit med iPad, iPhone, ein mini-dvd eller ein liten berbar ein i fanget. Eg sit med aviser. Nesten alle er opptatt med medium av eitt eller anna slaget.

For nokre veker sia såg eg ei jente som krøkte seg godt opp i dobbeltsetet, tok fram ei skriveblokk og sette seg til å skrive brev! Ja, det er eit dokument som gjerne begynner med Kjære eit eller anna.

Dette er eit brev

Det vi kallar brev var før noko som vi sende til besteforeldra våre, brevvenner, syskenbarn, gammaltanter og ikkje minst kjærasten (eller nokon vi håpte skulle bli det). Vi sette oss ned, opna gjerne med å håpe at den som fekk brevet hadde det bra, og heldt så fram med å leggje ut om koss vi hadde det, kva vi hadde gjort og kva vi tenkte på om dagen. For eksempel. Og for ikkje å verke for sjølvopptatte, måtte vi stille den andre spørsmål og kommentere noko han eller hadde skrive i førre brev. Så vart brevet avslutta med gode helsingar, og på nynorsk fanst det til og med ei eiga helsing: besthels! Besthels Jon Peder.

Eg vart veldig overraska over jenta eg såg på bussen. Er det nokon som enno skriv brev med penn og papir? Og attpåtil er ung? Det fekk meg til å tenkje. Når var det eg sjølv skreiv eit brev sist? Da eg var i Syden i sommar, sende eg ikkje eit einaste postkort, men eg besøkte ein nettkafé og skreiv nokre e-postar. Eg aner heller ikkje når eg skreiv kort eller brev med handskrift til nokon førre gong. Det var vel helst eit julekort med nokre få ord på. I mange år skreiv eg brev på e-post, men det har avgjort vorte mindre av det.

Til jul kan det hende at eg sender ut eit «fellesbrev» til slekt og venner, men det går sjølvsagt også som e-post. Ein og annan gongen kan det hende eg bruker Facebook til å sende noko som liknar på eit gammaldags brev. Skriv for hand gjer eg stort sett berre når eg skriv hugselappar, tek notat og gjev kjappe beskjedar på lysegule lappar. No er det nokon som meiner at ungar ikkje treng lære seg å skrive for hand, også.

– Vi treng ikkje handskrift i framtida

Jepp! Forskaren Arne Trageton meiner at vi ikkje treng handskrift i framtida, og at det «i utgangspunktet ikke er noe poeng i å lære barn håndskrift» (vg.no 24.10.11). Sjølv skriv han berre for hand når han skal skrive under på noko. Javel! Han kan skrive litt for hand, altså! Slik var det for mange før i tida au; dei kunne nok lese, men knapt nok skrive meir enn namnet sitt eller forbokstavane sine. Tilbake til start?

Forskaren seier vidare til VG at om ti år vil «disse 6-åringene bare skrive på PC til alle eksamener». Det er knappast sannsynleg at seksåringar må ta eksamenar i norsk skule, mon bortsett frå det, trur eg Arne Trageton har rett: Det meste kjem til å bli skrive på eit tastatur. Det er ikkje umogleg at årskulla som følgjer får dårlegare handskrift enn eldre årskull, eg trur det alt har skjedd. Ein blir jo god i det ein gjer ofte.

No er det ikkje slik at utviklinga går av seg sjølv, det er støtt noko og nokon som styrer henne. Viss ein synest at det er viktig at vi også greier å skrive forståeleg for hand, så må vi få både opplæring i handskrift og det må finnast tilfelle der vi kan og må bruke denne kunnskapen. På prøver, stilar, eksamenar kanskje!? Og når vi skriv brev!

Kjære Agnes!

Nyss las eg kriminalromanen Kjære Agnes! av Håkan Nesser. I denne boka er brevveksling mellom to venninner viktig, og her er det brev på papir det er snakk om. Eg kjende att tonen i breva, ja, slik er det ein skriv brev! Eg meiner at det personlege brevet som blir skrive for hand på papir, skil seg litt frå eit tilsvarandre brev skrive med eit tastatur – her trur eg at det kan skinne gjennom preg frå det knappare e-brevet og kjappe meldingar på mobil og nett. Men kjem eg sjølv til å skrive personlege brev for hand att? Ein skal aldri seie aldri.

Det er synd om sjangeren ‘personleg brev’ skulle forsvinne, om dei einaste breva ein fekk i postkassa var rekningar og den slags. Det handskrivne brevet er meir forseggjort enn ein skjermtekst, handskrifta gjer det meir personleg – ingen skriv jo likt.  Eg kjenner meg sikker på at den som fekk det brevet eg såg jenta på bussen skrive til, sette langt meir pris nokre tettskrivne sider inni ein konvolutt enn eit e-brev eller ei melding på Facebook.