Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kven skal vekka oss?

Skrive av Borghild Gramstad .

Okse

Radioprogrammet Ekko på NRK P2 har hatt ein trailer gåande nokre dagar no som har fått meg til å tenka. Dei seier: Me veit at det går den galne vegen med klimaet, likevel klarer me ikkje å endra forbruksmønsteret vårt. Korfor?

Nei, korfor? Det manglar jo ikkje på forsking og undersøkingar som viser oss at bustad, bil og biff er dei store miljøsyndarane (og fly, men det byrjar jo ikkje på b). Og nett dei tre b-ane (pluss f-en) er grunnlaget for koss dei fleste av oss i Noreg lever.

Fine bustader, som me pussar opp og varmer opp og byter ut innmaten på tredjekvart år. Bilen, som me bruker mange gonger kvar dag, sjølv om bussen, som skal same staden, køyrer ved sida av. Biff, taco og hamburgar og alt dette som er skikkeleg mat og ikkje kaninfôr. Fly til syden ein eller to gonger kvart år, storbyhelger med venner, ein handletur til London og i tillegg reiser på kryss og tvers i Noreg ein del gonger. Dette må me då kunna unna oss?

Men me kan jo ikkje det, viss me vil at jorda skal overleva! Og dette veit dei fleste av oss, kanskje med unnatak av Framstegspartiet. Likevel held me på som om me ikkje visste noko. Kva er gale med oss?

No har me dessutan skrudd forbruksspiralen opp endå eit hakk, med lågkarbokurar for å få av oss feittet til julebordsesongen. Å gå på lågkarbodiett er like miljøskadeleg som å køyra SUV, skriv matskribent Yngve Ekern (http://blogg.aftenposten.no/ekern/2011/10/07/er-du-menneskehetens-suv/). Kor mykje energi, vatn og landområde trengst det for å produsera eitt kilo storfekjøt? Det gir i alle fall like mykje klimagassar som å køyra 250 kilometer med bil, skal ein tru Teknisk Ukeblad:  http://www.tu.no/miljo/article107435.ece

Norske butikkar går tomme for bacon, smør og fløyte, mens verda svelt. Og så er me så frekke at me klagar på at maten er dyr! Den miljøvennlege maten er også den billegaste: Bønner og linser, rotfrukter, ris, fullkorn. Å eta så langt nede på næringskjeda som råd, er altså godt for både lommebok, miljø, samvit (du blir mett utan å ta liv) og truleg temmeleg bra for kroppen også. Den aller mest effektive slankekuren må vel vera å leva blant verkeleg fattige nokre månader, men denne kuren er, pussig nok, ikkje så populær som å stappa i seg feitt kjøt…

Kunnskapen om samanhengen mellom koss me lever og koss det står til med jorda har me, men me vil ikkje ta det inn over oss. Det er så ein får lyst å stemma i med den intense røysta til diktaren Arnulf Øverland: Du må ikke sove! http://www.youtube.com/watch?v=xwl2vLc8HoY

Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke kan ramme deg selv, seier Øverland i det same diktet. Og i første omgang er det ikkje me sjølve som betaler prisen for livsstilen vår. Det er folka i øystatane rundt i verda som blir truga av eit stigande havnivå, eller nomadefolka som ikkje finn mat til reinen på vinteren, eller dei fattige i randsonene til ørkenane som stadig utvider seg fordi det ikkje har regna på fleire år.

Men kor lenge er det til lågkarbokurane våre kjem tilbake og slår oss i fjeset? Ti år? Femti? Eller er det først når barnebarna våre blir vaksne at endå fleire hus og bilvegar blir tatt av ras, at endå fleire nye, fjonge nybygg ved kysten blir våte på føtene, at me ikkje lenger kan få billege produkt frå fattige land fordi jordbruket deira er øydelagt, at alle potetavlingane våre råtnar i jorda? Kor mykje skal det til før me kjenner på kroppen at det gjeld oss? Du må ikke sove!