Magasinett

Synsingar

Utskrift

Bokhaustlige notat frå ein litterær skuggeboksar

Skrive av Frode Grytten .

I september kjem min første roman. Det blir årets nedtur.

Ikkje for det. Eg kan neppe komme stort lenger ned. Då eg debuterte i 1983, med ei tynn flis av ei uferdig diktsamling, gav eg fem intervju. Då neste bok kom, resulterte det i fire intervju.

Tredje bok — tre intervju. Fjerde bok — to intervju. Femte — ingen intervju.

Så interessa for mitt forfatterskap er på dette stadium i karriera nede på eit nullpunkt. Det har på mange vis overraska meg. Sjølv har eg hatt ei viss kjensle av at eg har lukkast med å skrive betre og betre, men interessa ute i det ein så populært kallar «det offentlige rom», blir altså mindre og mindre.

No kan det bare gå ein veg — opp igjen. Eg har faktisk allereie gjennomført eit større intervju om debutromanen med lokalavisa Hardanger Folkeblad (inkludert inntak av kaffi og karbonadesmørbrød på Hardanger Hotel). Med andre ord er det teikn som tydar på at eg på veg mot eit aldri så lite litterært comeback.

Lat meg likevel vere god, gammaldags pessimist. Romanen min er på nynorsk, noko som i utgangspunktet ekskluderer meg frå det gode selskap av skrivarar verdige til å bli sjamponert av Eva Bratholm. Om eg då ikkje lukkast å bli kvoteregulert inn i ein bolk du-støtta bygdetullingar med klare autistiske trekk som skal stillast ut til stott og spe for Erling Fossen og andre urbanistar i hovudstaden.

Romanen min er i tillegg på rundt 325 sider. Det er omtrent 300 sider for lite til å bli tatt verkelig på alvor. Det er også i minste laget for Bokklubben Tykke Bøker (som kunne ha gitt meg eit stort puff i retning av eit verkelig comeback, noko i nærleiken av Bill Clinton eller André Agassi).

Dei finst solid dokumentasjon på at Bokklubben Tykke Bøker dei siste åra har produsert for lager eit stort antall emballasje som kun kan nyttast til romanar på over 500 sider og som handlar om incest (elles ligg romanane og skranglar noko forferdelig inne i pappeskene).

Romanen min handlar om ein arbeidarbustad på Vestlandet. Det gjør han fullstendig ueigna til å bli klassifisert som roman i den store, europeiske tradisjonen. Det er heller ingen kunstnarar med stor k i romanen. Ingen Ibsen, Hertervig, Hamsun, Undset eller Vebjørn Sand. Ingen Kristiania-bohemar eller underkjente geni som skal rehabiliterast.

Eg kan med andre ord ikkje bli intervjua av Mona Levin i Bibliotekbaren på Bristol om det samansette kunstnarsinnet, om janteloven og om alle dei søvnlause nettene det har gått med å trenge inn i ein annan kunstnars hjernebark.

Eg har heller ikkje skrive inn lesbiske motorsyklistar med politihøgskule, mannlige lektorar med preferanse for småjenter, talkshow-vertar med dobbelskafta penishovud, sjømenn med morsbinding, naturvitenskapens historie eller negativ mystikk hos ein heimkomen son som lurar på om han skal ha leverpostei på skiva eller mors nykokte bringebærsyltetøy.

Ein kan klamre seg til håpet om at ein kritikar skal forbarme seg over ein og rulle terningen til fem, eller i beste fall, seks (eit terningkast som ein kan tatovere inn på overarmen eller på meir unemnelige stader på kroppen).

Eg veit ikkje. Det verkar nyttelaust. Det er noko med at forfattaren sit i fire år og skriv på sin roman (slik eg har gjort med denne), og så kjem kritikaren og skriv i fire kvarter. Og kven er det folk les? Jo, kritikaren. Og blir du myrda på ei kvartside i VG, treng du ikkje vise deg ute i gata eller på bussen på fleire månader. Same kor godt du sjølv synest du har skrive. Kritikaren har siste ordet.

Sjølvsagt kan eg gå ut i v-stil på kultursidene, utføre eit rituelt fadermord før folk kastar seg over dei tre daglige sidene om trippeldrapet. Fløgstad suger burde kvalifisere meg til femten warholske minutt. Eg kunne preike tabloid, legge ut i ingressar og få meg eit visst namn. Slik at journalistane slapp å lese dei 325 sidene og bare kunne setje pc’en på autopilot.

Eg kunne snakke på vegne av vår samtid (venner!), og pisse opp etter ryggen på alle som skriv nesten identisk med meg sjølv. Det kunne blitt tung massasje, deilig fotbad og manisk manikyr. Men eg veit ikkje. Kva skal tabloidane med meg når dei har Ari og Tore?

Eg ser sjølvsagt at det litterære livet i sval vestlandsskugge har sine positive sider. Ein slepp å bli oppringt av journalistar som vil vite kvar mitt jordbærsted ligger eller skal forhøre meg om mitt første myggstikk. Ein er uaktuell som listetoppar på oversikta over dei verst kledde her i landet. Ein treng ikkje vere redd for å måtte gjennomføre dybdeintervju med Dorthe Skapell om kjærleiken, havet og antirynkekremar.

Ei trøyst er også pengesummane som vil strøyme inn på kontoen når romanen kjem. Om lag ein fjerdedel av årlig industriarbeidarløn for fire års blodslit. Det er slett ikkje dårlig. Engelskmannen Sebastian Faulks foreslår ein modell for forfattarløn basert på følgande likning: «krX + 52A + 2RB» der X er det alle andre treng, A er kostnaden for alkoholforbruk pr veke og RB er prisen for returbillett heim til mor.

Sulteløn er imidlertid eit godt utgangspunkt for å leve opp til mytene om den lidande kunstnaren, og eit korrekt startskot for neste oversette meisterverk. Forlaga legg tilhøva til rette på beste vis, og sjølv må eg framleis berge meg ved hjelp av journalistikken; «denne bordellen som det er så lett å komme inn i og så vanskelig å komme ut av».

Allereie no ser eg skuggane frå Jostein Gaarder, Jan Kjærstad, Anne Holt og Knut Faldbakken sveipe over meg. Bokhausten er ei partiell solformørking for oss forfattarar i C- eller D-klassa. Det blir litt kaldare, eit gufs av vinter. Det blir litt mørkare, ei flik av natt. Og så er det over.