Magasinett

Synsingar

Utskrift

EIN UIRONISK OG SINT TEKST OM NYNORSFORBOD.

Skrive av Linda Eide .

Målet hennar mor er i djup skit, big trouble. Men sjå opp! Pendelen diltar att og fram, hit og dit, og når den igjen treff uopplyste krampeurbanistar midt i planeten lyt det vera tillatt for ei enkel vestlandssjel å ta til latter.

Saka er minimal og for spesielt interesserte. Prinsippet er maksimalt og verdig ein smule engasjement i ein nasjon som har gjort toleranse til nasjonalt varemerke:

Homobladet Blikk har innført nynorskforbod på alt journalistisk stoff. Ivar Aasen datt av lasset då avisa gjekk over til glansa blad med urbant og trendy innhald, og ambisjonar om dobla opplag. At også Ivar var Oslomann betyr niks.

Det fyrste er sjølvsagt det unikt stupide. Paradokset. Dei uglesette homoane som er vorte skvisa og mobba for sin unormalitet i alle år, skal skvisa det uglesette skriftspråket som har gjort mangt eit vesalt innflyttarvesen til ein knotande krokrygging. For dei av oss som vedkjenner seg begge mangellappane er ikkje slaget berre under beltestedet, det kjem bakfrå, ovanfrå, nedanfrå, og det er jern inni hansken og bajonett utanpå. Våre sterkaste identitetsmerkjer ligg nede for teljing. Nåkkaot!

Og så ligg me der. Og tenkjer på kva Den norske kyrkja brukar å seia om slike som oss. "Me respekterer at du er homo, men skal du jobba her får du ikkje praktisera det." Og så ligg me der og tenkjer på kva homobladet seier om slike som oss: "Me respektere at du er nynorskmenneskje, men skal du jobba her får du ikkje praktisera det."

Korleis kan tilsynelatande opplyste oppegåande hovudstadsfolk vera blinde for at også språket handlar om å få vera seg sjølv. Det gamle utmerka nynorsk-slagordet; "ville du like å kysse utan di eige tunge?" kunne like godt vore tittelen på faldaren frå homorørsla.

Det andre er sjølvsagt det generelt stupide. Fordommen. For hundretusende gong har nokon der aust gått i den urgamle fordomsfella som dei fleste av oss har lempa oppi den kulturelle smeltedigelen for lengst. Fornuften fortel dei at dialekttullebukkane er akkurat som dei sjølve. Men kjenslene kviskrar om alt det bygdetrasige nynorsken dreg med seg inn i redaksjonen. Det kjem silosaft i skrivaren og det lurer ein rusta forhaustar bak kvart einaste komma. Teksten er redigert med høygaffel og alle bileta har eit brunt primskjær over seg. Dei stakkars hjernane deirans veit at det ikkje er sånn. Dei kjenner til og med nynorskskrivande med adresse Günerløkka og ei minimalistisk innreidd stova. Dei kjenner til og med bokmålsfolk som ikkje plagast eit fnugg av nynorsk, me ser på det som byens velsigna mangfald. Men mot fordommane må fornuften gi tapt. Fordommane var ikkje fordommar om dei ikkje vann over hjernane. Dagbladet og VG hadde sjølvsagt tillatt nynorsk i spaltene om hjernane vann over fordommane.

Mot fordommar hjelper ikkje fornuft eller all verdas relevante pressefaglege spørsmål av typen: Kvifor skal alle som vert gjengitt skriftleg i dette landet snakka på ein bestemt måte. Kvifor seier Arne Hjeltnes til Dagbladet at: "Jeg spiser mye når jeg er sammen med Brimien og de andre," når alle veit at han ikkje snakkar slik, at hans gullkanta varemerke derimot er ein dialekt som ein kjem mykje nærare om ein brukar nynorsk? Og kvifor skal folk som snakkar tilnærma bokmål verta gjengitt på nynorsk, fordi det aktuelle bladet tilfeldigvis er eit "nynorskorgan"?`

Her kan me dyrka fordelen av at me har to forståelege skriftspårk som me kan sjonglera med som me vil, og som gjer oss i stand til å presantera folk på ein mest mogeleg ekta måte. Og så gir me blaffen i det. Og jamvel forbyr det! Istaden vert intervju som kunne vore nære og personlege, sjellause og fjollete.

Men alt fjolleri må før eller seinare gi tapt. Og når den dagen kjem, at det er hipt med ektheit og trendy med nynorsk, då er me mange som skal gå rundt i postkassene og samla inn skjegg til monumentet over krampeurbanismens ufattelege dumheit.