Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ikkje Amerika, men Amerika

Skrive av Mari .

Av Kjartan Fløgstad

 

Tilbakemeldingane frå ulike delar av utdanningssystemet tyder på at elevane ved Oslo-skulane ikkje har gode nok kunnskapar om Amerika. Etter vår meining er det naudsynt at elevane får meir tid til å arbeida med hovud-Amerika i nord, utan å måtta bruka mykje verdifull tid på det sørlege subkontinentet. I det heile kan det reisast tvil om Sør-Amerika er eit eige kontinent, og ikkje berre eit vedheng til hovudkontinentet i nord.

 

Dagens ordning med obligatorisk opplæring i begge dei amerikanske verdsdelane gjer at ein betydeleg del av tidsbruken i geografifaget går med til å arbeida med mindre vesentlege detaljar frå den sør-amerikanske delan av Amerika.

 

For ekte Oslo-ungdom er det såleis ei uoverkommeleg oppgåve å skilja mellom små-statane i Mellom-Amerika. Det er å kasta bort verdifull tid til å undervisa i dei ubetydlege skilnadane mellom Paraguy og Uruguay. Undersøkingar tyder på at blant eit fleirtal av elevane i Oslo-skulen er det revnande likegyldig om Honduras er hovudstaden i Tegucigalpa, eller omvendt.

 

I dag blir latinamerikanarar ofte omtala som "degos" eller "svartingar". Alle som elskar latinamerikansk litteratur og samfunnsliv, vil unna verdsdelen ein betre lagnad. Det oppnår ein ved å byggja opp glede over kontinentet, ikkje gjennom tvang.

 

Medan Nord-Amerika er eit grunnfesta vestleg demokrati, har det herska diktatoriske tilstandar over store delar av Sør-Amerika. Her er det nok å nemna Cuba, som kan gi Oslo-ungdom udemokratiske politiske ideal, dersom dei skulle få for mykje kunnskap om dei verkelege tilhøva på øya. Ein legg til grunn at svært få Oslo-ungdommar vil få praktisk nytte av Sør-Amerika i sin vidare yrkeskarriere. For Oslo kommune ville ei forsøksordning med valfri Sør-Amerika-opplæring i vidaregåande skule vera eit veleigna virkemiddel for å få større breidde og fordjupning med den delen av Amerika som framstår som den mest nærliggjande.

 

Alt i dag er det slik at 90 prosent av alt som blir sagt om Amerika, handlar om Nord-Amerika. I valet mellom Amerika og Amerika tyder undersøkingar på at eit overveldande fleirtal av Oslo-elevane ville velja den nordlege delen. Dette er også den mest moderne. Det er ikkje mykje om Latin-Amerika på ein PC. Sør-Amerika er dessutan så likt Amerika at det berre skaper forvirring å læra om begge. På den andre sida vil ein understreka at Oslo kommune i utgangspunktet ikkje vil leggja vanskar i vegen dersom elevar på eiga hand prøver å skaffa seg kunnskap om Sør-Amerika.

 

Det verste ved den obligatoriske undervisninga i Sør-Amerika er at den stel mykje dyrebar tid frå hovuddelen av kontinentet. Oslo kommune bør derfor gå inn for ei forsøksordning der ein i ein treårsperiode stryk Sør-Amerika frå kartet og i staden konsentrerer undervisninga om Amerika. Dersom det viser seg at prøveordninga er vellykka, ser ein for seg at forsøket vil kunna utvidast til å gjelda dei mest forvirrande kyststrekningane på Vestlandet og i Nord-Norge, og einskilde særleg ubetydelege øyar i indre Oslofjord. Det er ein føresetnad at ein skaffar nytt undervisningsmateriell som samsvarar med retningslinjene i forsøksordninga. Her kan ein også sjå for seg ei verdifull forenkling av historiefaget.

 

For elevane vil det by på klåre pedagogiske fordelar, medan det for fleirtalet i byrådet bør vera ein tiltalande tanke at den nåverande svært uryddige og mangfaldige sør-amerikanske verdsdelen frå nå av kan erstattast med eit einsfarga hav av blått i blått atlas og globusar til bruk i Oslo-skulen.