Magasinett

Synsingar

Utskrift

DJ Ugh Ugh

Skrive av Frode Grytten .

Her er Robbie Robertson sin favorittvits: Ein indianarhøvding kjem bort til ei gruppe NASA-menn ein stad ute i den amerikanske ørkenen. Høvdingen spør kva dei driv med. Ein av vitskapsfolka svarar: — Vi skal byggje ein fantastisk konstruksjon som kan sende folk opp i himmelen. Indianarhøvdingen ristar på hovudet og svarar: — Kva så? Det har forfedrane mine gjort i tusenvis av år...

Robbie Robertson er ein av dei store amerikanske historieforteljarane i vår tid, og musikalsk drar han no store vekslar på sine indianske røter. — Mine første minne er frå alle desse historiene som blei overleverte frå ein generasjon til neste, seier Robertson som sjølv er halvt mohawk og vaks opp i reservatet Six Nations ved Lake Erie, Kanada.

Det høyrer med til musikkens store ironiar at Robertson er hovudmannen bak The Band, blant dei mest patriotiske og pro-amerikanske i rockhistoria. Men slik er Robbie Robertson, absolutt anti-trend, til alle tider alternativ og alltid på tvers, alltid på sin eigen raude veg. Og den indianske påverknaden har vore der i heile hans karriere som no spenner over fire tiår med nyskapande og trendsetjande rock.

Linjene kan trekkast heilt tilbake til då han var 11 år og lærte å spele gitar heime i reservatet. Sidan går spor til Ronnie Hawkins & The Hawks, til institusjonen The Band som markerte seg både som backinggruppe for Bob Dylan (i hans kanskje største periode) og som gruppe med sterk eigenproduksjon. Sidan 1987 har Robbie Robertson vore soloartist, men har ikkje akkurat metta marknaden med plater. Fire plater er det blitt, og Robertson har bare snakka ut når han har hatt noko å seie. Det stillfarande skremmer bare den kvite mann.

På dei to siste Robertson-platene er den indianske bakgrunnen hans endeleg heilt tydelig. «Music for The Native Americans» (1994) var eit pionerprosjekt der Robertson samla musikarar og songarar som alle er av indiansk avstamning. Musikken blei også brukt i ein seks timar lang fjernsynsdokumentar om indianarane.

Då plata kom var ikkje Robertson mest spent på reaksjonen frå kritikarane, meir kva ein av mohawk-høvdingane heime i Six Nations meinte. Musikaren spelte plata for høvdingen utan å våge å sjå på han, men då trefjerdedelar var gjennomspelt, greidde han ikkje å halde seg lenger. Han såg opp på høvdingen som sat urørlig og stirande ned i bakken. Men ned kinna rann tårer.

Robertson si siste plate, «Contact From The Underworld Of Redboy», fører vidare denne indianske, moderne musikken. Men det er ei meir personlig plate, og i tillegg noko så uvanlig på nittitalet som ei politisk plate. Robertson er igjen fullstendig anti-trend. — Vi har ein million historier å fortelje. Eg vil bare at ein million og ei historie skal bli fortalt, seier Leonard Peltier på melodien «Sacrifice». Og han har funne rette mannen i Robbie Robertson.

Historie nummer 1.000.001 kjem på Robertsons nye plate. Om den drapsdømte indianaraktivisten Peltier som sit fengsla for eit drap han sannsynligvis ikkje har gjort. Det blir hevda at FBI fabrikerte bevis mot Leonard Peltier etter ei skotveksling ved Wounded Knee i 1975. Det er prova at skota som drepte to FBI-agentar slett ikkje kom frå Peltier sitt våpen. — Men nokon må svi, seier Peltier på plata. Begrav mitt hjarte ved Wounded Knee!

Det er ein Robbie Robertson som no ikkje vil halde munn. — You can bet your ass, I won’t go quietly, syng han på «Making A Noise». Om hans indianske krosstog hjelper Peltier ut av fengsel, vil vise seg. Robertson er mykje meir av ein ikkje-person i dagens USA enn han var då han spelte med amerikahyllande The Band.

Uansett er Robbie Robertson ein av dagens viktigaste bidragsytarar til den amerikanske mytologien. — Samanlikna med Europa er mitt land omtrent halvannan time gammalt, vi må oppdage vår eigen mytologi, vår eiga historie. Eg likar å skrive om det, vere ein del av det, har han sagt.

Og påfallande ofte syng han om stadane der det ikkje finst noko skilt, der ein går utanfor hovudvegen, utanfor kartet, forsvinn opp i ein heis til ingenstader. Just on the outskirts of civilisation. Her kan han teikne det store amerikanske kontinentet på nytt, finne det opp på nytt og dissekere livet slik det blir levd i utkanten. Og når du på denne måten forsvinn ut av kartet, ut av historia, så oppdagar du ofte at du endar opp ganske nær din eigen heim og deg sjølv.

Den ultramoderne «Contact From The Underworld Of Redboy» blandar indiansk folkemusikk med hippe rytmer, indianske røyster med maskinene til london-kule Marius de Vries og Howie B. Sluttresultatet er noko du garantert aldri har høyrt makan til, hinsides The Band og Dylan, manisk og magisk, tøffare enn ein cowboyfilm på Eldorado, garantert progressiv og nyskapande. Her er rave, trance, klubbverda, DJ verda og indianarverda. Robbie Robertson er vår tids DJ Ugh Ugh.

Før innspelinga konsulterte Robbie Robertson igjen høvdingane i Six Nations: — Ikkje lat som om du veit korleis det var for 300, 200 eller 100 år sidan. Ikkje lag ei tradisjonell plate. Om du vil gjøre det med styrke, så gjør du det slik du ser ting i dag, sa høvdingane. Robbie Robertson må vere ein god lyttar.

Og høvdingen i Robertson sin favorittvits? Jo, han kom tilbake til NASA-folka dagen etterpå. Då ville dei smigre han og sa: — Men no som vi skal sende folk opp i himmelen, så kan du jo sende ei melding til forfedrane dine... Den gamle stod og tenkte ei stund før han sa: — Meldinga er: Ikkje stol på desse karane, dei kjem berre for å stele landet dykkar...