Magasinett

Synsingar

Utskrift

DET VIKTIGE

Skrive av Ragnar Hovland .

Når ein er komen i min alder, til skjels år og alder, som ein gjerne seier, hender det stadig oftare at ein både tenkjer over visse ting og - ikkje minst - tenkjer tilbake. I min glade barndom hugsar eg eg stundom tenkte at når eg ein gong kan snakke om ting som skjedde for 20 år sidan, då er eg godt vaksen. Og når eg kan snakke om ting som skjedde for 30 år sidan, då er eg ein gammal mann. Då er eg over det meste. (Ikkje det at eg trudde eg nokon gong ville bli så gammal, det verka heilt ufatteleg.) Vel, eg kan no utan vidare snakke om ting som ligg 40 år tilbake i tida, og det utan å blunke. Og det er atskillig verre enn då foreldra mine i si tid dreiv og snakka om krigen, for den låg berre ca. 15 år tilbake i tida. Det er svimlande ting vi snakkar om, og eg burde vel truleg skjemmast over at det er gått slik, men det gjer eg ikkje. Tvert om, eg er overlegen som aldri før. Seier slikt som: "Jaså, du, min gode mann, hugsar du ikkje 40 år tilbake i tida eingong?" Berre for å summere opp dette punktet, så kan eg seie at for 40 år sidan sat eg og venta på å begynne på skulen (mykje lyst hadde eg ikkje), Elvis Presley var ein stor songar og Knut Johannesen var ein stor skøyteløpar. Tru meg på mitt ord.

Kva er elles vitsen med å ha levd alle desse åra? Har eg noko igjen for det? Noko som eg kan formidle vidare til andre og yngre? Det har eg. Eg veit noko om kva som er viktig. Og det kan eg godt fortelje. For ikkje sjeldan får ein ei kjensle av at det ikkje er noko som er spesielt viktig. Eller at alt er like viktig, eller like lite viktig. Men når ein er ung, så veit ein at det ikkje er slik. Då er det ting som er heilt umåteleg viktige, og så kan det no vere det same med resten.

Og no, etter alle desse uendeleg mange åra, ser eg at skilnaden ikkje er så stor. Gikta er blitt verre, men det eg er oppteken av, det som er viktig, er mykje det same. I ei av mine favorittbøker, Stuart Mus, opptrer Stuart (som er ei mus) som vikarlærar i eit kapittel, og han spør elevane nettopp kva dei meiner er viktig, og eg siterer: "Det er viktig med solskinn når det har regnet, og med god musikk, og den lukten som sitter i en barnenakke når moren holder babyen fast inn til seg." I tillegg viser det seg at "iskrem med sjokoladesaus" er viktig. Og langt på veg er eg einig med Stuart og elevane. Dette er viktige ting. For eiga rekning kunne eg t.d. leggje til: stille sommarregn, mørke hotellbarar med låg musikk, travle storbygater der ein kan gå og ikkje skulle noko spesielt, Marx Brothers-filmar. Og når det alt i Bibelen står at "størst av alt er kjærleiken", så skal ein ikkje diskutere det. Slik er det berre. Og nest størst er utan tvil popmusikken. Slik kjende eg det i mi mørke tenåringstid og slik kjenner eg det no. Dei vaksne trudde nok at dette med popmusikk var noko som høyrde ungdomstida til, noko som ville gå over når tida var inne. Men eg kan berre seie dykk: slik er det ikkje. Er du først blitt smitta av popmusikken, så kjem du aldri ut av det. Og eg er redd for at dersom eg skulle nemne ein ting som har prega livet mitt og oppfatninga av tilværet og korleis det burde vere, så er det popmusikken. Og la det vere ei åtvaring for dykk unge der ute. Kom dykk ut av det før det er for seint, elles blir de som meg. Alltid med lengt etter noko anna, noko bortanfor dette. Aldri rast eller ro. Skulle det vere særleg freistande?

På den andre sida, når diktaren Tor Jonsson seier "Berre kjærleik og død", så seier eg: "Berre kjærleik og popmusikk". Og det høyrest då unekteleg meir positivt ut. Og skal vi vere heilt ærlege, og når alt verkeleg kjem til alt, så er dette nok.