Magasinett

Synsingar

Utskrift

NYNORSKENS TUSENÅR

Skrive av Ragnar Hovland .

Eg ser det nok. Ikkje så mykje i spegelen, kanskje, men iallfall på bilete. Eg er blitt eldre. Eg har ikkje mist håret, men dei grå hårstråa dukkar opp fleire og fleire uventa stader. Det heiter å sjå distingvert ut. Så er eg altså blitt eldre. Nett som far min.

Eg veit ikkje heilt når det skjedde. Eg var ein ung mann og gjekk rundt og gjorde typiske ungdomsting, høyrde musikk, forelska meg, drakk øl, var svær i kjeften. Og så vakna eg ein morgon og var blitt eldre. Slikt skjer. Slik kan det gå.

Det same blir det aldri meir. Det blir atskillig mindre rock'n'roll, dansing og herjing utover nettene no framover.  Den beste trøysta ein har når ein blir eldre og ikkje lenger kan gå med capsen bak fram, er å tenkje på alle dei store menn og kvinner ein alt har overlevd. Påfallande mange store menn og kvinner har det med å døy i forholdsvis ung alder. Men: - og dette er viktig - mange av dei blir også svært gamle!

Det seiest at det er naturleg å bli eldre, men eg veit ikkje det akkurat. Det kjennest i grunnen svært unaturleg. Så, kva er det eg vil seie med dette? Jo, sjølvsagt at det ikkje er nokon grunn til å høyre på meg. Ikkje meir enn på andre eldre menn gjennom tidene. Ikkje klarer vi å følgje med lenger. Ikkje tenkjer vi nokon nye tankar. Det er i det heile teke noko svineri.

Men draumane våre har vi enno. T.d. draumen om at heile Norges ungdom skal same seg i ein krins rundt meg og lytte andektig til orda som kjem frå munnen min, frå meg, den eldre vismannen. Med alle erfaringane eg har samla meg i livets harde skulestove.

"Kjære Norges ungdom", ville eg sagt (slik sa verkeleg forfattarar i gamle dagar, og eg meiner det er på høg tid å innføre denne skikken att), "det er ei glede å sjå dykk samla her framfor meg i dag. Eg misunner dykk kanskje litt dykkar ungdom, men elles misunner eg dykk ingen ting. Eg er glad eg er over alt det der. Men det er de som skal ta over, og her er mine ord til dykk", osb. Kva ville eg ha snakka om? Sjølvsagt ville eg ha kome inn på at vi no snart er inne i eit heilt nytt tusenår, eit tusenår som vil prege oss alle på godt og vondt. Og først og fremst: Det vil bli nynorskens tusenår! (Det var godt å få sagt det.) Og kvifor vil det no bli det, kjære ungdom? Fordi bokmålet har hatt sin sjanse. I over hundre år har det dominert, utan at folk er blitt lykkelege av det. Tvert om, overalt ser vi oppløyste familiar, narkomane og marknadsliberalisme. Folket vil no krevje noko nytt: Nynorsk. Ein gong i tida, då eg var på dykkar alder og eigentleg berre var oppteken av jenter og popmusikk, bestemte eg meg for å bli nynorskforfattar. Eg såg at det var der framtida låg. Og skulle den avgjerda eg då tok ha vore heilt til fånyttes? Det skulle ha teke seg ut! Nei, svært mange teikn tyder på at mennesket no søkjer noko nytt, og det er nynorsken dei søkjer. Sjølvsagt kan det ta si tid. Det kan bli lange og harde stridar om radikale, konservative og valfrie former, t.d., men vi har trass i alt eit heilt tusenår å gjere det på. Så det er grunn til å vere ved godt mot.

Ja, eg rår dykk alle til å bli eldre. Ikkje berre fordi ein då får så mange interessante draumar og slepp alt maset som høyrer ungdomstida til. Det er ein større og sluare plan bak det heile. Alle nynorskfolk bør faktisk bli så gamle som råd (mange av dei har skjønt dette), for å overleve alle bokmålingane. Det vil nok setje ein støkk i dei. Ja, det spørst om det ikkje blir sjølve nådestøyten.

 

Ragnar Hovland