Magasinett

Synsingar

Utskrift

EIGENTLEG ER DET JO EI SKREKKELEG TID

Skrive av Ragnar Hovland .

Eg tenkjer på den tida vi lever i. Denne mørke tida. Kaldt er det. Vått er det òg. Fotballsesongen er over (Rosenborg sine kampar i Europa er helst som ein parentes å rekne), og vintersporten er ikkje komen i gang. Vi må berre innsjå at badesesongen definitivt er over, og jula er enno langt borte. Det er liksom ingenting. Ein skulle gått i hi, tenkjer eg. Gått inn i hola si, tatt med seg eit teppe, ei god bok og noko godt å ete og drikke og bli der til det heile er over. Godte seg over dei andre som ikkje har klart å finne på noko så lurt.

Men er no dette noko å skrive om? seier sjølvsagt du. Er ikkje dette snakk frå ein som er lei av livet?

Sjølvsagt ikkje. Det er berre deler av livet eg ikkje er så glad i. Som eg blir mindre og mindre glad i ettersom åra går. Til gjengjeld er eg desto meir glad i resten, kastar meg frydefullt ut i det og gløymer straks at det finst tider som desse.

Men nett no tenkjer eg berre på at det er ufatteleg lenge til eg kan gjere nett det. No er det mørkt og surt, og eg har ikkje eingong fått skift vinterdekk på bilen. (Eg tenkjer kvart år at no skal eg vise min klasse ved å kjøre med sommardekk heile året, men når det kjem til stykket, så er eg ikkje tøff nok. Det kjem alltid ein dag då eg oppdagar at bilen min har fått vinterdekka på. Jaså, tenkjer eg, eg må altså ha skift dekk. Skal tru når det skjedde?)

Eg veit jo at det vil kome seg. Om ein månad reiser eg vekk. Til sol og varme. Og der skal eg bli til vinteren er over. Sitje på ei strand med panamahatten ned over panna. Røyke svære sigarar og drikke små drinkar med fargerike parasollar i. Tenkje at slik skal det vere, dette er velfortent. Men nett no er det ei fattig trøyst å tenkje på dette. Det er så langt unna.

Sjølvsagt veit eg at det ikkje er alle som har det slik som meg. For somme er dette den beste tida på året. Det er då dei nyt livet og tar ut det beste i seg og er til stor plage for oss andre.

Han Osvald var ein slik ein. Han gjekk og hangla gjennom sommaren og trivdest slett ikkje. Han stura og var gretten og heldt seg mest inne på rommet sitt og høyrde på dårleg musikk.

Men du skulle sett han når november kom. Ein skulle ikkje tru det var same karen. Han smilte frå øyre til øyre, livet blei plutseleg ein fest, og han nærmast dansa seg gjennom dagane. No gjekk det svært så dårleg med han Osvald til slutt, men det er jo ikkje heilt sikkert at det var på grunn av denne innstillinga hans.

Og dette er tida då eg tenkjer på vonde og ubehagelege ting. På Kjell Inge Røkke, t.d. Å nei! høyrer eg at du seier. Ikkje Røkke no igjen. Kan han ikkje snart få vere i fred? Men nei, kjære Magasinett-lesar, så enkelt er det ikkje. Ikkje nå eg les i dagens avis at dei fremste politikarane i landet har vore på fest hos Røkke, ete luksusmat og drukke luksusvin og sunge fotballsongar i fylla. Det naturlege spørsmålet frå mi side er då: Kvifor kjem politikarane til Røkke og ikkje til meg? Endå eg både er penare enn han (iallfall påstår mor mi det) og skriv betre bøker. Trur ikkje norske politikarar at eg ville kunne servere mat og vin til dei? Trur dei ikkje at eg kan fotballsongar? Eg skulle utan vanskar ha vore med på både Brann- og Rosenborgsongen og – ikkje minst – Sogndalsongen. Då skulle vi ha sett. Men altså, dei kom til Røkke og ikkje til meg. Og eg er jo ikkje dummare enn at eg veit kvifor. Røkke har fleire og dyrare ting enn meg. Så enkelt er det. Når t.d. eg kjøper meg ein kulepenn til ti kroner, går Røkke straks ut og kjøper seg ein til 20. Når eg kjøper meg rollerblades, kjem Røkke att med ein Rolls Royce (kva han skal med den, kan ein jo spørje seg, sidan han har mist førarkortet på livstid). Og så vidare. Barnsleg av Røkke, synest no eg, men der har du han. Og sjølv om det er irriterande og urettferdig, så er det heller ikkje anna å vente. Slik er verda blitt. Og norske politikarar er sjølvsagt ikkje korrupte. Dei berre kallar det noko anna.

Og for no å tenkje på noko heilt anna og mykje betre, så trur eg eg går ut med ein gong og skifter på dei vinterdekka. Røkke gjer vel ikkje det ein gong.

Ragnar Hovland