Magasinett

Synsingar

Utskrift

Sidemålsmonsteret fortel

Skrive av Ragnar Hovland .

Du kjenner meg? Viss ikkje, så kan eg love deg at du snart kjem til å gjere det. Eg kjem til å invadere draumane dine. Eg er der du minst ventar det. Når festen er på det hyggelegaste, så dukkar eg opp. Eg skal jage far din heimefrå, forføre mor di og flytte inn i heimen din. Eg skal rive ned alt som er fint og vakkert og setje noko frykteleg stygt der i staden. Aldri skal du kjenne deg trygg. Heile landet kjem til å skjelve for meg. – Sidemålsmonsteret! roper folk fortvilt. – Make my day, seier eg.

Tidlegare var eg annleis, endå eg alltid har drive i sidemålsbransjen, alltid opptatt av dette med sidemål og at sidemålet skulle ha framgang. Høfleg og beleven var eg. Ville det beste for alle. Tok all motgang med eit skeivt smil. Tenkte at i morgon er det atter ein dag, då vil mangt sjå lysare ut.

Men så, ei haustmørk natt i laboratoriet, skjedde forvandlinga. Seinare har ingenting vore det same.

Du har kanskje høyrt at sidemålet skal ut av Oslo-skulen? Tru meg, det kjem ikkje til å skje. Dei kjem til å ende opp med meir sidemål enn nokon gong, dei små krapyla. Og denne småfeite byråden som får kome på tv i beste sendetid? Der seier eg berre: Eg veit kor han bur!

Sjølvsagt har dei gode argument. Så gode at det ikkje er rart at tanken har hatt framgang. Dette at dersom ein tar vekk sidemålet, så blir elevane betre i hovudmålet. Det seier seg sjølv. På same måten som elevane blir betre i geografi dersom dei ikkje lærer historie, og betre i matematikk dersom dei slepp å ha gym. Dette er slikt som alle veit. Når det då berre er eit einaste fag igjen på planen, blir elevane skikkeleg gode i det faget. Og når det så er ingen fag att, då blir dei verkeleg ekspertar. Rein logikk.

På sidemålssida har ein også hatt gode argument. Kvifor elevane skal lære sidemål? Jo, ein viser til all den fine sidemålslitteraturen og til at dersom elevane vil ha jobb i det offentlege – og det vil jo alle – så må dei beherske begge målformer (eller begge målføre, som det som oftast blir sagt).

Men argumenteringa si tid er no over (så du spør meg kvifor du skal lære sidemål? Svaret mitt er: Det skal vel du gi blanke i, din vesle bavian), og eg er på mange måtar letta over at det har gått som det har gått og eg er blitt den eg er. Livet mitt er blitt rikare og mykje meir interessant, og eg kan leve ut mine inste lyster og berre vere meg sjølv. Eg blir no nesten litt flau over at eg så lenge trudde eg skulle sigre med det gode. Eg trudde nærmast det var nok å vere pen i tøyet, ha god musikksmak, levere underhaldande og velformulerte replikkar, vere eit naturleg midtpunkt i ein kvar sosial samanheng og omgi meg med vakre kvinner. Vere eit eksempel på den vellykka Sidemålsmannen. Vise ungdommen at det går an. Rett nok hadde eg bart, noko eg skjønte var litt ute i den tida eg levde i. Men det var eit bevisst val. Barten har gjennom størstedelen av historia vore eit sikkert teikn på utsøkt eleganse, og eg visste at mi tid på ny ville kome og då ville eg vere klar og ha eit forsprang på alle dei andre.

Ja, eg trudde verkeleg på dette. At eg var så naiv får eg skulde på min enkle vestlandsbakgrunn. Det har ikkje alltid vore så greitt. Lenge var eg både sjenert og smålåten, gjekk med litt umoderne klede, hadde ikkje noko særleg sjangs med jenter, og eigde ikkje alltid kraft og sjølvtillit nok til å stille opp for sidemålet slik eg burde. I staden blei det ofte noko halvhjarta og puslete over sidemålsarbeidet mitt.

Men dette endra seg altså radikalt, som no alle veit.

Og jobben er blitt enklare. Sidan no så store deler av folket, frå politikarar til skuleelevar, set si ære i å vere dumme, gå rundt og seie: Hæ? med open munn og tunga langt ut av kjeften, så er det så lett å vere klokare, og mykje av jobben gjer seg nærmast sjølv. I tillegg er eg altså eit monster og nærmast uovervinneleg.

Du kjem til å høyre frå meg. Eg kjem til å dukke opp ein stad nær deg, når du minst ventar det. Og då kjem du til å angre på dei sidemålstimane du skofta. Og dersom du har skrive ”Spynorsk mordliste” på boka di, kjem eg til å presse ho ned i halsen på deg.

Aldri skal du kjenne deg trygg.

 

Ragnar Hovland