Magasinett

Synsingar

Utskrift

Telegram

Skrive av Ragnar Hovland .

Eg hadde tenkt at dette skulle bli ei Mette-Marit-fri sone, men som du alt kan sjå, så blei det med tanken. For kvifor skal eg eigentleg gjere meg betre enn alle andre (og betre enn eg er, får eg vel innrømme)? Og no når heile pressa og dei fleste andre lurer seg gule og grøne på kor det nygifte paret er, så sit eg som kanskje einaste med svaret. For dei har jo gått i land på Jylland, så mykje er sikkert. Og dei er sjølvsagt i Hirtshals og shoppar. Med lausskjegg. Og deretter skal dei til Legoland, før dei drar heim att etter ei svært vellykka bryllaupsreise.

Men hovudgrunnen til at eg ikkje heilt kan sleppe Mette-Marit og alt det som har skjedd, er at eg nærmast var til stades i det forrige kronprinsbryllaupet, i 1968. Det var av same grunn eg no såg alt saman på ein gammal svart-kvitt-tv, for at det skulle minne meg mest muleg om då kronprins Harald gifte seg med den unge Sonja Haraldsen. (Harald og Haraldsen, tenkte vi. Det var litt artig.) I svart-kvitt.

Og no kjem vi til tittelen på denne teksten. Og det er jo ingen som sender telegram lenger. Folk sender e-post og tekstmeldingar og til nød kanskje ein faks, men telegram? Nei. Og det er kanskje like greitt. For det var alltid litt ubehageleg å få eit telegram. Det kunne sjølvsagt kome frå nokon som ville ønske deg til lykke med fødselsdagen , konfirmasjonen eller bryllaupet, men stort sett betydde det at nokon du kjende var død. Særleg dersom du ikkje hadde nokon fødselsdag eller skulle konfirmerast eller gifte deg når telegrammet kom.

Og no skal eg fortelje ei historie, ”fra virkeligheten”, som det heiter. Det var i slutten av august 1968, og det var fint og mildt vêr. Eg hadde nettopp begynt på gymnaset i Sogndal (den gongen spelte fotballaget deira i 3. divisjon og var lite å sjå på) og ein dag, midt i engelsktimen, kom det ei melding til meg over høgtalaren om at det var telegram til meg. Eg kunne hente det på rektor sitt kontor. Eg blei ganske bleik, og eg tenkte fort etter: Kven i slekta mi kunne no vere død? Var det nokon som hadde sett litt puslete og skrantne ut sist eg såg dei? Men nei, eg kom ikkje på nokon. Dei såg helst sunne og friske ut.Skjelvande gjekk eg så til rektor sitt kontor for å hente telegrammet. Rektor sat bak skrivebordet sitt og såg på meg som om eg skulle vere ein svært betydningsfull person. ”Det er telegram til deg frå slottet,” sa han med høgtideleg røyst. Frå slottet?

Visst var det frå slottet. Frå Harald og Sonja Haraldsen, no kronprinsesse Sonja, som takka fint for det hyggelege (og sikkert også uventa) gratulasjonstelegrammet til bryllaupet.

Og visst hadde eg, saman med kompisen min, sendt eit gratulasjonstelegram. Og så hadde eg ikkje tenkt meir på det og iallfall ikkje venta å få noko svar. Og kompisen min viste seg som ein raus kar, han let meg behalde originalen og nøyde seg med ein kopi. (Originalen har eg seinare klart å rote vekk, på uforklarleg vis, så det hadde vel eigentleg vore like greitt at kompisen min hadde fått den.)

Så no spør eg deg: sende du ein gratulasjons-e-post eller ei gratulasjons-tekstmelding til Haakon og Mette-Marit? Ikkje det? Då har du tabba deg ut. Då vil du heller ikkje oppleve at det pip i telefonen din ein dag, og der er det kome ei melding: ”Takk for hyggeleg telegram. Legoland er kjempebra. Matte-Marit blei skikkeleg svimmel.” Dette vil du ikkje oppleve, og du kan dermed heller ikkje fortelje det til alle du kjenner, og dette var kanskje den sjansen du hadde til å kome heilt nær kongehuset.

Men kven veit. Kanskje får du ein sjanse til. Kanskje vil du få oppleve eit nytt kronprinsbryllaup, om ein 30 års tid. Og når den tid kjem er kanskje telegramma tilbake for fullt. Då gjeld det berre at du har gode nervar.

Ragnar Hovland