Magasinett

Synsingar

Utskrift

DIKTAREN ARNT BIRKEDAL - EIN LYSTIG ALVORSMANN

Skrive av Roald Kaldestad .

Liker du dikt? Eller kan du ikkje fordra dikt? I begge tilfelle vil du nok lika Arnt Birkedal.

Han kjem ikkje med store fakter og gjer seg til med allslags språkleg pynt, og heller ikkje mumlar han uforståeleg i skjegget. Han snakkar oppglødd til deg om det som fell han inn, nær og tillitsfull i tonen, ofte fin i målet, men rå og kontant når det trengst.

Arnt Birkedal har skrive mange viktige bøker for born, unge og vaksne. Han debuterte i 1983 med diktboka Balladen om hålet i dørå, og har seinare skrive både forteljingsbøker og diktbøker. I fjor gav han ut den vakre forteljingsboka Valentin, ei av dei beste bøkene som kom i 1998. Og no i haust kjem han med ei ny diktbok med den underlege tittelen (og ho andre) dikt, draumar. Her faldar han seg ut i heile sitt mangfald, og boka er full av store og små opplevingsrom – til å gå og stå i, til å sitja og liggja i, tenkja og drøyma i, minnast og gløyma i, le og gråta i, slå hjul og dansa i. Slik som for eksempel ”Sebra ved elvebreidda”:

 

Krokodillen ser

lynraskt kva for ein

sebra i den drikkande

flokken som er

dårligast

i gym

på skolen, som blir

vald sist i ballspela, blir

sitjande lengst, lenge på

benken, med dei spisse

knea, platte føtene sine.

 

Han leverer også overraskande og befriande bidrag til kjærleikslyrikken med dikt som ”Hadde eg nok”:

 

Eg skulle ikkje sagt det der

om den nye

frisyren din. Eg

hadde likt deg nett like

godt om du ikkje

hadde hår i det heile

tatt. Og om håret ditt rakk

ned til golvet. Om eg hadde

 

lika deg like godt med tett

panneull, aksleragg og

fullskjegg? OK, OK, det er

vanskelig

å seia – men, hadde eg nok.

 

Det finst ikkje noko oppskrift på dikt. Kvart nytt dikt er jo bokstavleg talt ei ny oppskrift i seg sjølv. Dette får me aldri lov å gløyma når me les Arnt Birkedal – han tar vare på det urolege i språket, han veit at det gode diktet berre kjem fram når ein vågar seg utanom det vanlege. Det kan vera så lite, men det vesle er nok når det er godt nok. Som ”Eg stansar oppi lia – og ser”, og med det får diktaren sjølv, som rimeleg er, siste ordet:

 

Alle bakkane

ho har vore,

tatt ein

pust, er

blåbærtuer.