Magasinett

Synsingar

Utskrift

OPPLØFTANDE PÅMINNING

Skrive av Roald Kaldestad .

Trass i kuldegrader og snø, trass i at kalenderen viser januar og sola er lite meir enn eit lys når ho dukkar opp, og kroppen er doven av mørke her ein sit ved kjøkenglaset etter frukosten og nyt ein kaffi og ein liten sigar – er det noko i lufta som ikkje var der i går. Ein gjerdesmett sender ut lange tiradar av sin velkjende kneggelyd, ei einsleg kjøttmeis sit heilt stille i toppen av selja attmed fuglebrettet og opnar og lukkar nebbet som om ho er usikker på om ho skal eta eller syngja, ei kråke flyg så mjukt ho berre kan frå fura til plommetreet og prøver fleire gonger å segla i si kantete ferd, og er det ikkje to niser eg ser blåsa nedpå fjorden? Eg kan plutseleg ikkje sitja stille lenger, men spring ut på golvet og dansar omkring til ein takt som blir til mens eg dansar.

Og eg tenkjer på korleis det er å bli forelska - korleis eit hav av lyst med eitt opnar seg og forandrar alle lukter og fargar, tid og rom blir oppløyste, kroppen blir tung og lett i same andedraget, og alt handlar om å la seg driva vidare inn i kjærleiksrusen: ”Min kjærleik er som feber, og eg vil dra/mot det som drar min sjukdom ut og ut,/og lever på det som sjukdommen vil ha,/min valne svolt er all

mi lyst og sut.” Ja, slik blir tilstanden skildra av den gamle klassikaren William Shakespeare, og det er tydeleg at han veit kva han snakkar om.

Det er den heite kjærleiken som skal sprengja dødens grep om livet, og då må det skje med vill og himmelsk energi. Slik er det for gjerdesmetten, kjøttmeisa og kråka – og for kvalen som kastar seg stri og veldig omkring i sin kjærleiksdans i djupet. Er det rart dei begynner tidleg å øva seg før dei går til verket med dødsforakt? Og er det ikkje bra for oss menneske òg at dei minner oss om det viktigaste i livet, som her på ein kald og døsen dag i januar?

”Stakkars den som er gamal/og fengd av elskhug!”, seier Olav H. Hauge i eit dikt. Men her tar den gode Hauge feil. Shakespeare var over førti då han skreiv dei oppglødde linene ovanfor, og eg sjølv, som er over femti, blir glad som ei linerle og sterk som ein elefant når eg kjenner forelskinga risla gjennom kroppen. Så ver ikkje redd, du som er ung og nyforelska, det gir seg aldri dette her. Har du lyst, har du tru - og mot og kraft!

 

Godt tusenår!