Magasinett

Synsingar

Utskrift

OM GUDANE OG DEG

Skrive av Roald Kaldestad .

Ein gammal franskmann eg har gløymt namnet på, sa noko eg aldri gløymer: "Gud klarer seg ikkje utan meg." Me treng ikkje tru på nokon gud som styrer oss frå eit usynleg slott i himmelen for å finna trøyst i ei slik utsegn. Det er så mange gudar, og felles for dei alle er at dei sårt treng til menneske som kan halda dei oppe.

Kvar dag når eg opnar avisa, minner eg meg sjølv på dette gamle visdomsordet. For der er det sanneleg nok av gudar som får breia seg. Gudar i idretten, i popverda, i politikken, i næringslivet.

Dei største gudane me har no for tida finn me blant dei som styrer med næringslivet. Og dei er blitt meir og meir storkjefta i det siste. Du ser koss dei opnar munnane sine så breitt dei kan nesten kvar dag over fleire sider i avisa og viser storparten av dei sterke og kvite tennene sine. Mens alle dei som arbeider for dei, som held dei oppe, blir gjort usynlege. Det verste er at dei òg er blitt usynlege for kvarandre, slik at dei ikkje ser kor mange dei er og trur at dei berre har seg sjølve å lita på.

I desse dagar er det likevel dei politiske gudane som breier seg mest, men dei er blitt meir stressa enn eg huskar dei var sist det var Stortingsval. For dei veit ikkje lenger heilt kor dei har oss. Ingen gudar veit jo betre enn dei politiske gudane kor avhengige dei er av å bli trudde på av folket sitt - dei gløymer det berre ut når folk lenge nok har trudd på dei av gammal vane. Men no er dei blitt minte om det på ny, og det er bra. Det mindre bra er at så mange ser ut til å tenkja så mykje på seg sjølve at dei politikarane som lovar lågast bensinpris og lågast skatt, får størst oppslutning.

Når eit samfunn består av menneske som berre tenkjer på seg sjølve, er det ikkje noko samfunn lenger - eit samfunn er noko ein må skapa saman med andre. Eit samfunn er noko som ikkje berre er der for deg når du er sterk, men òg når du er svak. Eit samfunn er eit samband av menneske som veit at dei er sterkare når dei står saman enn når dei står åleine. Når så mange av dei politiske gudane for tida ikkje forstår dette, treng me desto fleire menneske som forstår det - men dessverre ser det ikkje ut til at denne insikta har nådd tilstrekkeleg mange av dei som skal gi sine stemmer no.

Heldigvis kjem det stadig nye menneske til verda, og heile tida blir nye menneske myndige. Du som les desse orda, er ein av dei som skal vera med og føra dette samfunnet vidare. Som Paulus seier til Timoteus: "Lat ingen vanvyrda deg for din ungdom…" (1. Tim. 4; 12a).

Gudane vil vera ute etter deg, ver du sikker. Eg gir deg eit dikt med på vegen:

 

Dei kjem og hentar deg kvar fans dag.

Du må kje syna deg det minste svak.

Å ta deg vekk er blitt eit viktig fag.

Ein liten svikt, og du er utan sak.

 

Dei fører deg til høge himmelslott.

Og peikar ut ei verd som skal bli di.

Kvart menneske der nede blir ein dott.

Og du den eine sjel med stordom i.

 

Dei møter deg med smil og vakre ord.

Dei klør deg kor du vil om du er med.

Dei ber deg slå i hel din eigen bror.

Dei går ifrå deg når du ligg på kne.

 

Du klare sjel som skin imot meg no.

Ta vare på di eiga nakne glo.