Magasinett

Synsingar

Utskrift

EI HELLAS-OPPLEVING

Skrive av Roald Kaldestad .

Eg var nyleg i Hellas. Der budde eg på Lefkas, ei øy tett ved vestkysten av det greske fastlandet. Ein dag sat eg ved eit bord på ein kai i ein liten by og let augo gli over hamna. Utanfor moloen gjekk det joniske havet blått og kvitt, og seglbåtar med høge master stemnde i mange retningar. Eg blei sitjande lenge og let tankane sviva og sveva saman med svalene utover i den solblanke joniske lufta.

Rett bortanfor meg ruva ein statue av den verdskjende skipsreiaren Aristoteles Socrates Onassis, som levde frå 1906 til 1975. Han er skulpturert i ein observerande positur, med jakka lett slengd over høgre skuldra og venstrearmen laus og ledig langs sida; ope og myndig bevegar han seg mot kva og kven det skulle vera med faste og klare augo. Sokkelen har eit sitat av han som innskrift: "Menneska må byggja sin eigen lagnad" - eit livsmotto som der eg sat fortona seg like djuptenkt som tilsvarande fyndord av namnefrendane Aristoteles og Socrates i antikkens Hellas.

Onassis var son av ein gresk tobakksgrossist og var fødd i Tyrkia. Då han var 16 år, måtte familien flykta til Athen, og året etter drog unge Onassis til Buenos Aires. Der jobba han seg opp frå fattigdom til ufatteleg rikdom. Den autoriserte segna seier at han arbeidde på ein telefonsentral om kvelden og etablerte sin eigen tobakkshandel om dagen. Han var millionær før han var 25 år og begynte på den tida å byggja opp det som skulle bli det største skipsreiarlaget i verda. Blant anna såg han tidleg verdien av supertankarar og var ein føregangsmann på dette området.

Soga om Onassis kan verka som ei Oskeladd-historie - og det er klart at han i mangt må har vore i slekt med Oskeladden: Han hadde auga for opningane i forretningsverda og gjorde det rette til rett tid. Om han ikkje fekk prinsessa og halve kongeriket, tok han ein dugeleg jafs av godene i verda og vende heim som ein konge til slutt, og han fekk vakre og sterke damer med stjernesus over: Operadivaen Maria Callas, og Jacqueline Kennedy, enkja etter John F. Kennedy - no for tida kanskje mest kjend som ein av elskarane til Marilyn Monroe.

Men om segna vil sjå han som ein Oskeladd, vil ryktet ha det til at den gode Onassis òg var litt av ein skurk. Det seiest at han gjekk mange krokvegar for å tena milliardane sine, og at han ikkje skydde nokon midlar for å få viljen sin. Og når ein ser han på sokkelen i denne vesle byen, midt i den klare augustdagen, er det som ein òg kan sjå dunkle skuggar skrimsla bak han; skuggar som vaktar hans bramfrie ferd og ryddar unna all motstand med hard hand.

Me har det siste halvåret lese ein god del i avisene om skurkeaktige industrileiarar, særleg i USA. Dei stappar pengane i eigne lommer og lurer både arbeidarar og politikarar. Ein kan jo spørja seg om det berre er i USA dette føregår. Og ein kan tenkja at denne Onassis kanskje var ein føregangsmann på dette området òg.

Heimkommen til Norge ser eg at det er mykje syting og klaging frå industrileiarar i avisene. Det begynte i sommar og det har ikkje gitt seg enno. Dei klagar over at kroneverdien er for høg og at lønningane til arbeidarane og skattane er for høge, og dei trugar med å flytta frå landet med alt sitt gods om no ikkje politikarane tar seg saman og rettar på både det eine og det andre. Eg tenkjer då at dei kan berre reisa når dei liker seg så dårleg her - og eg skulle ønskja me kunne få ein garanti for at dei ikkje kjem igjen.

Ei svale korsar seg i lufta framfor meg og eg er tilbake på kaikanten ved det joniske havet. Eg blir mint om at Onassis ligg gravlagt på den vesle øya Scorpios rett utanfor her. Igjen ser eg han på sokkelen sin, dørgande stille, mens dei kvitrande svalene gjer saltomortalar over hovudet hans. Eg blir sitjande til svalene tar kvelden og flaggermusene kjem dettande ut or mørket - og innskrifta på sokkelen blir meir og meir umogleg å lesa.