Magasinett

Synsingar

Utskrift

November

Skrive av Roald Kaldestad .

Mørket har fått overtaket på lyset: Dagane mørknar synleg for kvar dag, og dei skrumpar i begge endar. Kroppen roar seg i takt med at lyset frå himmelen blir dempa; det er tid for ettertankar, meir eller mindre lange, meir eller mindre djupe, meir eller mindre alvorlege.

Eg har alltid likt november. Her i vest er dette månaden for kraftige vindar og hardt regn, og det er den tida då alle dei som har ein hang til å sitja inne med ei bok eller eit skrivepapir, fritt kan gi etter for det utan å finna alskens unnskyldningar for ikkje å vera ute og gjera nytte for seg. Frå eg var liten har eg vore ein slik ein. Og kvart einaste år på denne tida passar eg på å rydda meg eit rom der eg blir så lite forstyrra som råd og berre kan la tankane gå som dei vil.

"Den tid på året kan du sjå i meg/då spreidde eller ingen gule blad/står att på kvistane som krympar seg;/nyss fuglars kor, no ribba altarstad." Slik opnar eitt av William Shakespeare sine dikt, og desse linene kjem plutseleg fram i tankane her eg sit under den lune leselampen og les i avisene om Russland sitt folkemord i Tsjetsjenia og USA sine meir og meir hardnakka planar om å gå til krig mot Irak for å verna oljeinteressene sine. November er tida for usentimentalt klarsyn: Lauvet har falle, fuglesongen er borte - verda er blitt meir naken og open for nye tankar, nye bilde, nye tonar.

Den danske forfattaren Henrik Nordbrandt har valt seg november i ei av dei sterkaste diktbøkene sine, Håndens skælven i november (1986). Her gir han oss denne visjonen:

November er i sandhed mørkets måned.

Når solen endelig kommer frem

ligner den en diktators smil

når han lovpriser roen i landet.

Og forfattaren presenterer ikkje berre dei dystre bilda i denne boka, han får òg fram at november er tida for fabuleringar - når den ytre verda misser sin staffasje, må den indre verda tilsvarande aktiviserast; draumen må trø til, og den trør jo som den vil over alle grenser:

I en drøm så Osman sit fremtidige dynasti.

Drømmen gik i opfyldelse. Da dynastiet faldt

nogle århundreder senere, vågnede han en morgen

på en gade i Hamburg, i færd med at feje den.

 

November er den halvsøvnige tida før julerusen grip tak i oss; hausten med all si møde er over, bjørnebæra er borte, dei siste starane og grågjæsene er farne. Det er den tida ein samlar den varme ein har igjen i kroppen og vender seg i bønn til gode makter. I slike tider må du setja di lit til diktet - at det kan seia meir enn du får sagt:

 

Gi oss eit rom for

det som er borte –

for høge dagar med

lått og blomar og

tårnseglarar mot det blå.

No når vinden

gnir mørket inn

i kroppane våre

og kråkene kurer

i opne tre.

Gi oss eit rom

for alt som er borte

og aldri kjem att –

der me kan reisa

ein altarboge

og samla vårt

spinkle lys mot

ei lengre og

lengre natt.