Magasinett

Synsingar

Utskrift

Å TA ORDET

Skrive av Roald Kaldestad .

Eg synest ofte det er umogleg å snakka. Det er ikkje det at eg har tekniske vanskar med å få snakketøyet i gang, og eg har heller ingen problem med å skravla i veg om dette og hint etter som drøsen går. Eg kan halda lange føredrag om emne eg har sett meg godt inn i og ytra meg oppglødd om noko eg brenn for. Likevel synest eg ved mange høve det er så umogleg å ta ordet at eg nesten ikkje får fram ei staving.

No hender det jo at ein teier fordi ein har noko å skjula, eller ein unnlet å seia kva ein meiner for å vera høfleg eller av andre diplomatiske grunnar. Men det er ikkje slikt eg tenkjer på her. Nei, eg tenkjer på dei gongene eg får ei lammande kjensle av at det ikkje er nokon vits i å ta ordet. Det kan vera fordi larmen er så stor at eg må ropa høgt for i det heile å bli høyrt, eller eg merkar alt før eg opnar munnen at eg vil komma til å tala for døve øyro.

Det er då eg tenkjer at eg er nøydd til å ta ordet. Eg veit jo at einast det som blir omtalt, har verkeleg eksistens. Og når det som for meg har den høgste verdi, ikkje blir omtalt i verdsetjande ordelag nokon stad, er det mi plikt å finna ein måte å omtala det på. Det er når det kjennest heilt umogleg å snakka om ei sak, at det er tida for å gjera det.

Altfor lenge har vanlege folks daglege liv blitt nedvurdert og omdikta til talmateriale i økonomane sine framkalkulerte fantasiar om samfunnet vårt. Og same kva slags parti som står for politikken, får det økonomiske presteskapet tura fram meir uhemma år for år. Kvar gong slike lar høyra frå seg, i sine mange kanalar, kjenner eg avmakta siga tungt inn i meg. Men eg løftar stemma mot dei så ofte eg kan, og feirar no eit nytt år med ein song til deg:

 

Har nokon mint deg om kor flott du er?

Svingen i den sterke kroppen din.

Sola løftar seg i det du gjer.

Du skaper jorda om i alt du vinn.

 

Eg ser deg når du slår ein spiker inn.

Eg ser deg når du murar stein på stein.

Eg ser deg når du stryk eit barnekinn.

Eg ser deg når du skjer ein tanke rein.

 

Eg ser deg i ein by i Algerie.

Du festar hælen på ein kvinnesko.

Eg ser deg leva midt i bygda mi.

Du stoppar kanskje ved ein spegel no.

 

Spytt på alt som gjer deg still og grå.

Draumen din skal levast heil og rå.