Magasinett

Synsingar

Utskrift

Frumselambi or fenaden

Skrive av Erlend Skjetne .

Bibel

Eg høyrer rykte om ei ny bibelomsetjing. I grunnen gjev eg blaffen. Eg er ikkje serleg kristen, men i og for seg glad i kristendomen, og kan den nye omsetjinga føre til at fleire byrjar interesserer seg for Gud og Jesus er det heilt i orden for meg.

 

Sit dei heime og studerer Skrifta, eller går dei i kyrkja og gaular salmar og kontemplerer, så rek dei iallfall ikkje gatelangs og plagar folk.

Sjølv føler eg at eg har mitt på det tørre, eg kan ikkje kan koma på at eg har gjort ei fluge fortred på årevis, så eg treng inga modernisert, dagsaktuell og lettfatteleg bibelomsetjing til moralsk rettleiing i kvardagslivet.

Nei, Bibelen les eg som annan litteratur, for gleda ved dei djupe historiene og dei mange vakre formuleringane. Desse finst i rikt nok monn i den bibelutgåva eg har liggjande på nattbordet, ervd frå ei eller anna gamaltante for nokså lenge sidan. Bibelen eller Den heilage skrifti seier tittelbladet, «Utgjeven av Bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo, 1921». «I upphavet skapte Gud himmelen og jordi. Og jordi var aud og øydi, og myrkret laag yver djupet; men Guds ande sveiv yver vatni. Daa sagde Gud: Det verte ljos! So vart det ljos.»

Eg synest det er best såleis, at det aurgamle høyrest aurgamalt ut. Slik som desse versa står skrivne har ein jo uansett ingen vanskar med å forstå dei, orda er lett gjenkjennelege og bør vera det, synst eg no som eg byrjar å bli gamal, også for dagens ungdom. Det er berre å bruke fantasien sin, så skjønar ein kva «myrkret» er, og «Guds ande» er vel heller ikkje akkurat gresk, eller «græsk» som det står i denne omsetjinga.

Verre blir det kan hende om ein blar litt vidare, og kjem til eit vers som dette, i den sinnrike forteljinga om Kain og Abel: «Og Abel bar fram ei gaava, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira.» Dette, som einskilde kanskje hugsar, i motsetnad til jordbrukaren Kain si «gaava av grøda paa marki.»

I grunnen bør vel «fenaden» vera forståeleg om ein berre jamfører med andre -nad-ord på nynorsk, som «fagnad», «skipnad», «bunad» og liknande. Litt verre er det med «frumselambi», men det er jo heller ikkje noko poeng kva det ordrett tyder, så lenge ein brukar hovudet og innser at det i det minste er betre enn «grjonofferet» til Kain.

Endå artigare blir det når vi i ei av Salmane hans David får høyre om Herren at han «veit kva slags skapning me er, han kjem i hug at me er dust.» Her er det lett for ein moderne lesar å bli endå meir fornærma enn det eigentleg er grunn for: Nei då, Herren kallar deg ikkje ein dust. Det kan jo hjelpe å tenkje på engelsk, der dei frå norrønt har lånt ordet «dust» for «støv».

Anten han faktisk finst eller ikkje, synest eg det er fint at å tenkje seg at ein gamal gud sit i himmelen og grunnar over den same forstemmande vissa som vi menneske gjennom heile livet må streva med, at vi skal bli støv. Jamvel om det kanskje nettopp er Guds feil at det er slik.

Når tenkjaren Albert Camus vedgjekk at han likte å lesa Det gamle testamentet, var det fordi den boka ikkje gjer krav på å ha utgått beinast frå Gud, eller hevdar at Gud talar direkte igjennom ho. Tvert imot er det menneska som legg orda i munnen på Gud, og difor var humanisten Camus veik for det heilage. Sjølv i vår tid er det vel verd å lesa desse eldgamle tekstane. Helst, synest eg altså sjølv, i den vaksne og stilsikre nynorsken frå 1921, som liksom tvingar fram kvar flik av alvor og høgtid frå det einskilde bibelordet.

At andre føretrekkjer nyare omsetjingar bryr meg som sagt ikkje, så lenge eg sjølv kan lesa denne gamle, og triumferande seia til skjøkjorne og farisæarane akkurat som Jesus sa: «Gjev ikkje hundarne det som heilagt er, og kasta ikkje perlorne dykkar for svini!»