Magasinett

Synsingar

Utskrift

Mobbekalender

Skrive av Mette Karlsvik .

Pakker

Å bu i Noreg ser ikkje ut til å gjere oss til rausare menneske. Men i jula har vi høve til å vise oss frå vår beste side.

Julekalenderluke #1 er frå VG, måndagsskiftet; om motepress i barnehagen. Har ein ikkje rette klede, blir ein lett mobba.

Julekalenderluke #2, avisa iTromsø, som melder at ni prosent av norske elevar blir mobba. 15 prosent er blanda inn i mobbing som skjer regelmessig.

Julekalenderluke #3 er frå Luciadagen, og handlar om dei skjulte mobbeofra, dei funksjonshemma. Krimonologen Berit Vegheim seier til Dagsavisen: «Når samfunnet ikke bryr seg venner man seg til slutt til å bli behandlet som andrerangs borger».

Julekalenderluke #4 er vigd forfattaren som eg les for tida. Aravind Adiga, opphaveleg indisk, men seinare busett i mellom anna Sidney, Oxford, Columbia. Han skriv om forskjellssamfunnet India.

Last man in tower er den siste boka til Aravind Adiga. Han fekk Man Booker Prize for debutromanen White Tiger i 2008. Det handlar om jakta på rikdommar i ei verd kor nokre titals norske kroner betyr liv og død for enkelte. Det handlar om korleis dei rikare blir rikare, dei fattigare fattigare. Det same gjeld Last man in tower. Romanen handlar om to bustadsblokker fulle av folk frå arbeidarklassen. Over dei ein kapitalist, som vakar rundt i monsumvatnet under dei og skal kjøpe bustadene til spottpris.

I årets bok, hans tredje roman, har Adiga bevegd seg vekk frå den mørkaste slummen, til den lågare middelklassa. Men han skildrar India som vanleg med lukter, smakar, kjensla av den brennande sola, det manglande vatnet og lukta av bæsj på fotballbana til smågutane. Fotballgutane sklir i møkka. Den eine vinkar på ein taxi som han betalar med pappas kredittkort. Den andre guten subbar heim til teltleiren. Der er vatnet i bøttene nestan meir møkkete enn buksene.

Julekalenderluke #5 handlar om Vesten si nedvurdering av Austen, og om nordlands arroganse mot den sørlege halvkule.

Julekalenderluke #6 handlar også om forhold mellom rike og fattige, men innanfor landegrensene: Kastevesenet i India, til dømes. No har dei færraste flekk mellom augebryna. Men forskjellane og klassedelinga er der.

I Noreg mobbar vi ikkje så mykje folk for å vere fattige. Men det hender at pengar blir brukt til å mobbe med. Ein har vore ute i lag. Rekninga blir lagt på bordet. Den største og sterkaste, han i frakk, hatt, reiser seg, tar iphonen, må ut ein tur, ta ein viktig telefon. Den nest største, nest sterkaste, han med frakk, ipad, klappar seg på lommene, har visst gløymt lommeboka heime, spør han aller minste om han kan ta rekninga. Han minste tar i mot rekninga, kjenner eg er nedst. Tenkjer men det er då bare pengar. Kjenner det handlar om makt og respekt. Tenkjer eg bur jo i Noreg, pengar er då ikkje noko problem. Kjenner eg er verdilaus.

Det er ofte dei same som dyttar rekningene på dei andre. Gjerne dei som allereie har nok av alt, frekke frakkefyrar som kjem seg så kjapt unna med setningane som alltid fungerer, forbanna forklaringar. Å bu i Noreg ser ikkje ut til å gjere oss til rausare menneske. Men oi! Her kjem jo jula, julaftan, kvelden for det å vere raus, tålmodig og venleg og kvelden for overflod. Ein sjanse til å gjere skam på denne teorien om kor smålege vi er også i Noreg. Til jul ønskjer eg at denne mobbekalenderen blir avslutta då, og at han ikkje blir aktuell igjen i desember 2012. Og etter jul kjem jo nyttår, nyttårsløfte, ein sjanse til å formalisere ny, god von.