Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ytringsansvar og ytringsfridom

Skrive av Jon Peder Vestad .

Foto: GOIABA/Flickr/CC-lisens

Eg kan ikkje hugse at eg hadde hørt ordet ‘ytringsansvar’ før etter terroråtaka 22. juli i fjor. Det er eit ord eg har begynt å like.

Vi er vane med å høre at vi har ansvar for våre eigne handlingar, men tenkjer kanskje ikkje så ofte på at språkbruk er det fagfolk kallar talehandlingar eller språkhaldningar. Vi har altså ansvar for det vi sjølve seier og skriv.

«Ytringsfrihed bør finde Sted»

Nyss fortalde ein kollega meg at ein av studentane våre hadde sete på ei førelesing og tvitra om kor elendig ein førelesar var. Det ein legg ut på Twitter, er offentleg. Facebook-statusar og –innlegg blir også rekna som offentlege av mange. Det er ikkje eg heilt einig i når ein avgrensar «innsynsretten» til Fb-kontaktane sine, eller berre somme av dei. Bloggar er tvillaust offentlege. Men uansett: Vi må tenkje på at det vi skriv som mange andre kan lese, er noko heilt anna enn det vi fortel , sender tekstmelding eller e-post om til åt éin eller nokon få.

For meg betyr omgrepet ‘ytringsansvar’ omtrent det same som ‘folkeskikk’. I eit demokrati som vårt, er ein open debatt med mange stemmer grunnleggjande for styresettet. «Ytringsfrihed bør finde Sted» heiter det i paragraf 100 i Grunnlova, og i denne språkdrakta betyr ‘bør’ det same som skal. Vi skal ha ytringsfridom i dette landet. Det finst likevel lovparagrafar som avgrensar ytringsfridommen vår i visse tilfelle. Mulla Krekar er til dømes tiltalt for å ha brote paragraf 99 i straffelova:

”§ 99. Den som ved vold, trusler eller andre ulovlige midler søker å hindre Kongen, Regenten, Statsrådet, Stortinget eller noen av dets avdelinger, Høyesterett eller Riksretten i sin virksomhet, straffes med fengsel i inntil 15 år. Det samme gjelder hvis handlingen er rettet mot noen av medlemmene i Statsrådet, Stortinget eller Høyesterett. Medvirkning er straffbar.”

 

Ytringsansvar som sjølvsensur

Nok jus!  Kan ytringsansvaret avgrense ytringsfridommen? Ja, eg trur det. Når ein legg vekt på ytringsansvar, vil ein i ein del tilfelle leggje band på seg sjølv, og ikkje bruke dei orda som ein aller helst hadde ønskt å bruke. Dette er ei form for sjølvsensur, og sensur er vi ikkje vane med å sjå på som noko positivt. Men denne typen sjølvsensur hindrar ikkje at saker eller synspunkt kjem fram, derimot kan det å leggje band på seg i visse samanhengar vere med på å skape eit sunnare debattklima, gjere det lettare for folk å våge å ytre seg.

Da internett var temmeleg nytt, var eg med i nokre diskusjonsgrupper om språk, men trekte meg ut. Grunnen var at enkelte debattantar var råfrekke og heilt rabiate. Denne diskusjonsskikken ser ut til å ha følgt nettdebattar seinare, godt hjelpt av at ein kan vere anonym og at eksempelvis avisene ikkje har sila innlegg særleg godt. Dette ser ut til å betre seg no; fleire debattarenaer viser meir ytringsansvar. Flott!

 

Ta ballen, ikkje mannen

Somme synest nok at eg er moralistisk og gammaldags. Javel, det kan eg leve med. Eg synest ikkje det er greitt at ein rakkar ned på folk i det offentlege rommet. Ein kan ta ballen (eit standpunkt), men ikkje mannen. Eg orkar ikkje å ta del i ordskifte der eg kan bli kalla ‘sosialistjævel’, ‘nynorsktulling’ eller liknande.  Eg synest heller ikkje at det er akseptabelt at advokaten Mona Høiness vart kalla ‘hore’ i eit innlegg på Hegnar Online. Men Oslo tingrett vurderte ikkje «horekarakteristikkene som ærekrenkende», skriv VG …

Debattane på nettforum av ymse slag gjev fleire av oss moglegheit til å seie kva vi meiner. Det er flott. Da må vi også hugse at ikkje alle er like hardhuda som dei tøffaste, det er uakseptabelt å spytte på folk, og det er feigt å slå nokon som ikkje vil slåst. Ord er handling. Ytringsansvar er folkeskikk.

 

P.S. Medan eg har drive og skrive denne synsinga, skulle eg søkje etter noko  på nettet ved hjelp av Google. Da dukka denne beskjeden opp:  «Vi er i ferd med å endre retningslinjene våre for personvern og vilkårene for bruk.»