Magasinett

Synsingar

Utskrift

Vi radiolyttarar har mista noko

Skrive av Jon Peder Vestad .

Radioen er ikkje som han var. FOTO: Justin &Elise/Flickr/CC-lisens

Den største radiokanalen i landet, NRK P1, endra sendeskjemaet sitt i vår.  Det er slikt både radio- og fjernsynskanalar gjer ikkje så radt sjeldan. Fornying blir det kalla. Det kan også kallast forenkling.

Radiomediet har endra seg enormt dei siste tjue-tretti åra. Vi fekk nærradioar, vi fekk kommersiell kringkasting og vi fekk «ørten» kanalar å velje mellom. På ein måte har vi fått meir valfridom. Men eg meiner vi også har mista noko undervegs. Fanemottoet for alle radiovenner har vore dette: «Radioen har dei beste bilda». Det trur eg ikkje er sant lenger.

Om vi lyttar på dei tre største kanalane, NRK P1, P4 og Radio Norge no for tida, så er programopplegget ganske likt: Musikk, studio, musikk, studio med gjest, musikk, studio med eit direkteinnslag på linje (eventuelt på telefon), musikk, studio med ei tevling, musikk, presentasjon av noko som kjem seinare og så ein nyheitsbulleteng. Innimellom dette kjem det sjølvsagt reklame på reklamekanalane.

Eg overdriv nok litt, men poenget er at program etter program er bygd opp over same leist, musikk og studioprat. Når eg hører på NRK P1 no frå åttetida om morgonen til midnatt, er det nesten som om eg hører det same programmet heile tida. Til og med i aktualitetsprogrammet Her og nå er det musikk no; det var gale nok at programmet fekk dårlegare sendetid (17-18.30). Av og til er det greitt at folk får snakke, at ein har tid til lengre, samanhengjande intervju, utan at musikken skal bryte inn.

Musikken har trengt ut anna, mogleg programinnhald frå dei største radiokanalane våre.  Det finst mange sjangrar – eller format som det au blir kalla – som vi sjeldan hører på dei største kanalane. Den samansette reportasjen er eit slikt format: Ein reporter oppsøkjer eit miljø, bruker mikrofonen som kamera og samlar inn inntrykk, legg eit lydteppe (såkalla kontentum) under heile eller delar av reportasjen, også under sine eigne betraktningar og intervju med andre. Ja, slike reportasjar kan lagast på mange slags vis, så det er sagt. Eit anna radioformat som har vorte sjeldant, er hørebildet. Det kan vere ein sketsj eller eit lite hørespel, helst laga til eit aktuelt emne.

Hørespelet vart nemnt, ja, det fanst på P1 før, også for ungdom. No finn vi Radioteateret  på NRK P2, der vi au kan finne forseggjorde radiodokumentarar  om menneskelagnader eller bestemte emne. På P2 er det også plass til lengre opplesingar, temasendingar og –innslag (utan musikk!) og  kåseri, og reine føredrag har det au vore i denne nisjekanalen.  Med  ‘nisjekanal’ meiner eg ein kanal for spesielt interesserte.

I dei store kanalane finn vi lite av dei formata som har overlevd i NRK P2, det er i så fall stutte kåseri, reportasjar og hørebilde.  Men det er musikk-studioprat-musikk som dominerer. Det blir ikkje mange «bilde» å danne seg når dei viktigaste radiokanalane i så liten grad nyttar seg av alle dei formata som dreg lyttarane inn i det som blir formidla, gjennom stemme- og effektbruk, dramatiseringar, samansette reportasjar …

Det kan hende at folk går leie av sending etter sending der den største skilnaden er kven som sit i studio. Det kan hende at dei som styrer programtilboda finn ut det same: Variasjon er ikkje så verst.