Magasinett

Synsingar

Utskrift

Sei det med dikt!

Skrive av Marianne Magnussen .

Robert Bly på ei diktopplesing i Minnesota. FOTO: Nic McPhee/Flickr/CC-lisens

Når ein snakkar heilt normalt, blir det ofte ganske fort og utydeleg, med litt lange setningar og ein del unødvendige fyllord og oppattakingar, og ein opplever mange gongar at folk eigenleg ikkje fylgjer så godt med på kva ein seier, men

deklamering

av dikt lyder

langsamt

 

poengtert

lekkert og

presist

 

så alle

lyttar

merksamt

 

og med age.

 

Med andre ord trur eg at vi som snakkar utydeleg og er litt sjenerte og lågmælte, det vil faktisk kanskje seie majoriteten her til lands,

 

skulle snakka

litt mindre og

heller

 

lese høgt

sjølvlaga

lyrikk

 

og særskilt

viss vi

håpar

 

å bli høyrt.