Magasinett

Synsingar

Utskrift

Kvinnenes år

Skrive av Mette Karlsvik .

Ane Brun på Øya 9. august. FOTO: Julie Loen/Øyafestivalen

St. Vincent, Ane Brun og Björk var uovertrufne på Øya. Slik følgjer festivalen musikktrenden elles: Dei siste, par åra har vore kvinnenes år.

Torsdag på Det er åh, så stille. Björk speler gresk gudinne på den største scena på Øyafestivalen. Ho er omringa av eit kor kviskrande konkubinar, av eit slør av ungdom. Utelukkande kvinner på den største scena i beste speletid på Øya 2012. Biophiliakonserten til Björk er ikkje bare oh so quiet, er også mett av referansar til Medusamyten, elektramyten, men òg til naturvitskap. Og då, når alt er i ferd med å samle seg, lyd det frå naboscena: BOOM. og ein gong til BOOM. Bass djupare enn Björks. Deilig bass, så lett å bli forført av. Øyrene går i den retninga. I retning whatsHisName Lars Vaular? Med det simplaste av alle musikalske triks; ein bass så djup at det rystar heilt i det inste, eit lite grunnskjelv; slik tar han merksemda vekk frå ei verdsscene. Til kva; for å tilfredstille ønsket om merksemd frå ein fis av ein fyr frå Furuset. Fy fan. Føråret var det store kvinneåret i verdsmusikalsk samanheng: Patty Smith, PJ Harvey, Kate Bush, St. Vincent, Maria Minerva, M.I.A. Ana diFranko, Florence & The Machine, Nude on Sand (Jenny Hval & band) Niki & The Dowe, Madonna, Ane Brun, Björk, Robyn, på kvar sine måtar har dei gjort stereotypar til skamme. Det at det finst noko slikt som "kvinnemusikk" er ein like stor misforståing som at det finst noko slikt som "kvinnebøker". "Kvinneromanen" er ein eigen sjanger på flyplass-butikkar som Norli Flesland og – Gardermoen. Og kva finn ein der? Bøker med rosa omslag. Bøker om kjærleik, familieliv, "dei nære tinga". Men om ein ser på musikkåra 2011 og 2012, står menn bak dei aller "næraste" platene, og kvinner bak dei om dei største tema: PJ Harvey lagde fjorårets mest eksplisitt politiske plate med Feathers. Anthony and the Jonsons siste plate var den av platene som gjekk tettast på kjærleik og forhold. Det same gjeld sisteplata til Kent, som mellom anna tematiserar forholdet til barndomsbyen; om ein skal flytte heim eller ikkje? Om kva ein drømmar om, eigentleg; det blir neppe meir nært enn det å fortelje einannan kva ein drømmar om. Björk skriv òg om drømmar i sine tekstar. Men drømmar i Björks tekstar blir sett i samanheng med greske mytar. Drømmestemmene på plata (2007) tilhøyrer alle kvinner. Medusa betyr "frue" eller "dronning. Merkeleg nok blir ho nesten alltid framstilt med ormar i håret. Også anna ved ho verkar fryktingytande: eit konfronterande, ofte skremmande blikk, ein titanstor kropp. Men dei mindre overfladiske eigenskapane hennar var gode. Same året som Medusa, ga Jenny Hval ut ekkoplata Medea: prinsessa, ei vakker og elskverdig jente på overflata. Men kunnskapane hennar skal ha vore trollkvinneaktige. Medusa er dog den eldre kvinna, Medea skapt seinare, etter Eros, mannen:

St Vincent. FOTO: Tor Orset/Øyafestivalen

I gresk mytologi byrjar livet, verda, med kaos. Etter kaos, kjem Gaia; kloden, ein feminin storleik. Den maskuline krafta begjær, eros, kjem til seinare. Eros begjærar andre tings tilblivelse. Han ønskjer så sterkt å sjå alt anna komme til, som dag og natt, død og liv, men også destruksjon, vondskap, spekulasjon, kvinne. I følgje denne myta, skapar Eros kvinna i sitt eige bilde. I dette bildet, frå mannens synsvinkel, er kvinna ein gestalt som har mål for auget, som ein kalkulativ person. Mytemeister og forfattar Terje Nordby skildrar denne overgangen frå før og etter Eros syn: "På tross av enkelte utspekulerte uhyrer som Medusa, er det i det store og hele ingenting i de greske mytane, verken når det gjelder skildringa av menneske, gudar eller halvgudar, som byggjer opp om at kvinna er vondare enn mannen. Ikkje lar dei gudommelege kvinnene seg tråkke på i synleg grad heller." Kvinnesynet etter Eros er annleis enn det før. Då var mor Gaia den store, gode krafta. Veslegut Eros var visst litt av ein sjarmis, som fekk så mykje han skulle ha sagt. Vesle whatshisname på Øya går inn i historia som ein kortvaksen som gjorde seg større med basshøgtalarar. Ikkje heilt ulikt rånarane i småbyen der eg kjem frå. Byen eller bilane blir slettes ikkje større av høgtalarane i baksetet. Blondinene i passasjerseta, derimot, dei gjer det verdt å henge ut med rånarane i Kristiansund. Det har vore mykje livsvisdom å hente frå nattlege samtaler med eksosrypene heime, mens eg har venta på nattbussen heim til Freiøya. Eg; stort sett alltid trøytt av ein kveld med dans på lokalet. Og stort sett alltid med den same konklusjonen: Så var det heller ikkje i natt nokon der, heller ikkje no har eg funnet den eine, den som er verdt å gi opp så mykje for, har eg tenkt, og har holdt fram med å danse, ofte aleine, ofte in the corner.

What is happening with you and him/  Are you looking for each other or you old self again?/ (…) Let love show its own face/  Let love show us fate/

Dette syng Ane Brun på Øya torsdag. Det er bare ein times tid sidan favoritten og Øyagullkortet Frank Ocean spelte eit par-tre slappe coverlåtar før han gjekk av. Meldinga frå festivalen: Ocean hadde problem med stemma. Alle som høyrte dei låtane han faktisk song, skjønner at det ikkje stod på stemma. Han trefte både høgt og lågt, det var noko anna det skorta på. Sjølv gjekk eg vidare til Maus, min andre favoritt for dagen. Også han skuffa. Det han gjorde frå scena var så mykje mindre interessant enn plata: På plata er han nyansert og kompleks. Frå scena var songen monotom og tidvis skrikande. Det var som om han forsøkte ein slags musikkens versjon av japansk, butho; ein form for reinskande performance-teater. Som er noko kunstnarar elles slutta å drive med for eit drygt tiår sidan. Men, som Ane Brun syng: It all start with one, kanskje også for Maus; kanskje må han bare "ha gjort" kunstklisjeen frå år 2000 før han kjem vidare. Vaular har ei annan orsaking, som er at han er så ung. Ane Brun har gått ein lang veg, og har blitt ein moden kunstnar. It all starts with one: Er ho ein monoteismens kateket, eller handlar det ikkje om teologi men om kjærleik? Om at ein begynner med eit forhold, at det første forholdet ikkje er eit mål i seg sjølv men eit steg på vegen, på ein lang veg, at livet handlar om å finne den eine, den siste, men at den eine også er den siste? Spør ein humanist eller ein fysikar, og han vil seie at det startar aldri med bare ein; verda starta med to, med ein positiv og ein negativ kraft; med protonar og elektronar, eller med kvinne og mann.