Magasinett

Synsingar

Utskrift

Spring for livet

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Illustrasjonsfoto: whologwhy/Flickr/CC-lisens

Eg har aldri forstått kvifor folk skal drive å springe rundt om kring. Kvifor ikkje gå, det er jo langt meir behageleg? Eller om ein skal kome fort fram, kvifor ikkje sykle?

 

I løyndom har eg sjølvsagt sett opp til desse spreke, slanke, freshe folka. Og trudd at dei måtte kome frå ein annan planet. For om eg har klart mykje her i livet ganske greitt, så har eg aldri klart dette: Å springe av garde, lett som berre det, og berre vere glad for det.

 

Eg har hata gym heile livet. Nesten. I niande hadde vi eit halvt år med Marit, dama som var oppteken av dans, yoga og andre «mjukare» aktivitetar. På langhaugen hadde vi ein fyr som utelukkande låg på tjukkasen medan vi fekk spele volleyball. Til det plutseleg nærma seg karaktertid og vi måtte springe for livet rundt Tveitevatnet for å sikre framtida med ein god gymkarakter.

På Katedralskolen i Bergen (eller «Katten» på folkemunne), var det ikkje så verst. Peter var ein relativt blåauga og naiv type. Når vi jentene prøvde å skulke unna gymmen med den forklaring av at vi hadde mensen, gjorde han store auge.

– Men kan de ikkje berre bruke tampong då, sa han og peika med peikefingeren opp i lufta, som satte han ein imaginær tampong inn i det vi håpte var eit like imaginært underliv.

Til ein sånn kommentar, og ein sånn gest, går det sjølvsagt ikkje an å seie noko som helst. Å stå stiv som ein stein med auge som tinntallerkenar er einaste mulegheit. At alle gutane braut ut i latter gjorde jo ikkje saka betre: Å nokon gong prøve å snike seg unna med det som grunn var sjølvsagt uaktuelt.

Men kva skulle ein gjere då? Jo, ein måtte sjølvsagt spele på andre strenger for snike seg unna. Og av alle strenger ein kan spele på når ein har ugler i mosen, så er dei vaksne sin gode tru den mest effektive.

 

– Det er så fint vêr, så vi ville heller gå på fjellet, ville vi seie.

– Det er så fint vêr, kan vi ikkje heller gjere yoga på festinga?

Og nokon gongar gjekk vi på fjellet, eller gjorde yoga. Men like ofte låg vi i sola og sov, eller søkte tilflukt mot regnet på nærmaste kafé. Det var ein nydeleg tid.

 

Heilt til vi skulle ha dei der hersen springetestane. Det kom alltid ein springetest. Coopertest. Biip-test. Fem tusenmeter. Eg har aldri klart å jogge ein kilometer ein gong. Det er berre jævlig: Du blir tørst, få vondt i beina, blodsmak i munnen, du drikk vatn, og heile halsen og kjeften og trynet blir fullt av slim. Æsj.

Og så skal du springe rundt og rundt på den same grusbana. Rundt og rundt og rundt.

 

Verst av alle var Lars Rogne på ungdomsskulen. Altså verst då. Han var fri-idrettstypen. Nokon og femti. I sjukt god form. Han standar var sette av friidrettsfolka. Der var det inga kjære mor.

Hans omgrep om «grunnkondis» er for alltid etsa inn i mitt sinn: I åttande var det tre tusen meter ein skulle klare å jogge. I niande fire tusen. Og i tiande FEM TUSEN METER.

Og det var jo berre grunnkondis. Det var det alle skulle klare. Om du klarte det, var du liksom ikkje i god form ein gong. Berre normal. Og viss ikkje du klarte det? Då var du ein sofasnyltandeslabbedask.

Fem tusen meter, der er tolv og ein halv runde rundt løpebana på Åstveit. Fy faen. Det klarte eg aldri å jogge. Medan fotballgutane segla forbi, flaut over grusen, så halsa eg gjennom banen medan det reiv så hardt i lungene at eg frykta dei ville kome opp i ein blodsprut.

Og heile ungdomen tenkte eg at jogging, det kan eg ikkje. Jogging, det er eg berre heilt udugeleg til. Og gym, gym var aldri gøy.

 

No er eg jo blitt så stor at eg ikkje har gym. Og plutseleg måtte eg ta ansvar for eiga læring, eller i alle høve trening. Og det har gått som passe, i fire år.

Og no, no har eg byrja å jogge.

Kvifor i all verda har eg byrja å gjere det?

Vel, det er jo sjølvsagt fleire grunnar. Misunning er heilt klart høgt på lista. Eg er sjukt missunnleg på alle dei som flyt over asfalten, og dei nydelege musklane dei får i beina. Eg har aldri likt beina mine. Ein gong sa bestemor;

– Du har jo mine kne!

Og etter det har det jo liksom vore litt nedtur.

Ein skal dessutan ikkje sjå bort i frå at all joggepropagandaen har gjort sitt. Du veit, filmar og bilete av dei ekkelt sunne menneska? Dei herlege vakre folka som berre spring av garde, tynnmuskuløse og smilande? Vel, samstundes som eg hatar dei så vil eg jo vere nett lik.

Og kanskje var det berre det, at når eg først skulle trene så trengte eg noko der eg ikkje kunne ha nokon orsakingar for ikkje å gjennomføre? Ingen treningskort, ingen utstyr. Det einaste du treng er skoa. Du kan trene frå første meter. Det finnest inga orsaking for å la vere.

 

Når eg starta kunne eg ikkje jogge ti minutt i strekk ein gong. Det er seks veker sidan.

I dag slo eg ny joggerekord: Eg jogge frå mamma sitt hus på Tertnes, opp på den same gamle løpebana på Åstveit der Lars Rogne såg med skuffa blikk på at eg traska runde etter runde rundt bana. Men no var det annleis: No jogga eg søren meg fem rundar der oppe òg.

Til samar fire kilometer. Grunnkondis for niandeklassingar.

Og ikkje noko blodsmak i munnen. Ikkje slim. Og ingen tunge bein.

Leikande lett.

KVAR I ALL VERDA VAR GYMLÆRAR LARS ROGNE NO? Kvifor kunne han ikkje sjå meg no, når eg seila over asfalten? Kor var han, til å klappe meg stolt på akslane? Borte vekke. Men heile turen tenkte eg på han. No, no hadde han vel vore stolt. Endeleg. Grunnkondis.

Korleis i all verda kunne sånne undre skje på seks veker? Og kvifor har ingen gymlærarar nokon gong lært meg kor kjapt det går å trene opp kondisjonen?

I tilfelle du er som meg, og trur du aldri kan kome i joggeform. I tilfelle du òg har gymlærarar som trur at folk er fødd med «grunnkondis» tilsvarande ein toppidrettsutøvar, og elles er evig fortapte sofaslitarar som vil døy med liggesår og grisehale: Her skal du få min überkorte, superenkle joggeskole:

Jogg same turen, to gongar i veka, veke etter veke. Vel ein tur med mykje oppover i starten. Jogg så lenge du kan oppover, gå resten av turen. Jogg litt lengre neste gong. Ver nøgd og stolt så lenge du gjennomfører turen.

Same tur kvar gong høyrest kanskje keisamt ut. Men tru meg, då merkar du utruleg godt framgong. Og er det mykje oppover, får du veldig god kondis. Joggar du opp og går ned, så får du dessutan gått ut mjølkesyre. Det å jogge i nedoverbakke er dessutan ikkje så lurt når du byrjar: Det er alt for mykje belastning på leggane. Jogg opp, gå ned. Ver nøgd og glad. Sjølv om du berre joggar sju minutt i starten, så gjer det ingenting. Berre jogg litt lengre neste gong.

Seks år hadde eg desse forferdelege springetestane. Men aldri var det nokon som lærte meg å springe. I dag var det fire kilometer. Neste gong skal eg prøve fem.

Og kven veit? Snart klarar eg kanskje mila.