Magasinett

Synsingar

Utskrift

Semesterstart nr. 17

Skrive av Marianne Magnussen .

Foto: MC Quinn/CC-lisens/Flickr

.

 

Det går for seint,
dette her,
eg skulle ha vore på månen,
skulle ha dansa på dei afrikanske steppene,
under gnistrande stjerneskin,
for lenge sidan,
skulle ha kome sigrande gjennom alle kvisene,
skulle ha utforska fobiane mine,
eg skulle ha vore ferdig med all denne oppvarminga,
og endeleg ha kome i gong;

Hus ved sjøen
fleksibel arbeidstid
eige atelier

Men eg er visstnok berre fjorten,
har framleis fire år å sone,
lenka til samfunnsstrukturane,
fanga i et sekssifra fødselsnummer,
plassert i ei umyndiggjort lavkaste,
definert og undertrykt av dei frigjorde:
Skulepliktig.