Magasinett

Synsingar

Utskrift

Om å frigjere seg

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

 Grønt lys for gatekunst i Berlin. Foto: Svein Olav Langåker

Å stole på draumen, å våge og vere fri. Det trur eg er det viktigaste av alt, her i livet.

 

Eg sit på kjøkenet i leilegheita eg bur i nett no, og dei neste to vekene, i Berlin, eg skriv, og høyrer på musikk, Hanne Kolstø. Dei siste vekene har vore ei evig dans, av eufori, av lukke, av den gode kjenslene det er å rive rota opp, for det må ein, men jamne mellomrom, ta plantene ut av sine små potter, sjå dei knudrete, tettpakka røtene, riste laus jord, og finne ein ny plass for dei. Ei større potte.

Ein må opne hendene, fingrane må fri, ein må sleppe dei laus, laus frå sine samanklemde faldar, og ein må strekke seg mot ei verd som finst der ute, stor og god. For kva finst vel ikkje der ute? Kva kan ein ikkje få fatt på? Og å kjenne, endeleg: Luft, vatn og sand som sklir mellom fingrane. Å opne dei, for å kunne flette dei inn i nye hender, for nye famntak, korte eller lange. For det finnest så mykje ein kan ta i der ute, så mykje det er godt å kjenne i hendene sine. Og det er berre å strekke seg ut.

I det siste har eg tenkt mykje på fridomen. Trass i at vi veks opp i eit land der vi både har dei fleste fridomar til å seie kvar vi vil, bu kvar vi vil, jobbe med kva vi vil eller reise kvar vi vil, så er det så mange eg kjenner, og meg sjølv inkludert, som kjenner, eller har kjent, på ufridomen. På den banda som bind oss fast, som hindrar oss i å gjere det vi mest ønskjer. Det kan vere vener og familie, men som regel finst desse banda berre i oss sjølve: Vi er redd for korleis det skal gå med oss om vi veljar noko utradisjonelt. Kva skal andre tru om oss? Kanskje er vi mest redd for å feile, for å tape andlet: Kva skal vi gjere om vi freistar draumen, og han brester? 

Har du nokon gong tenkt på det? Vi blir så uendeleg lett sitjande i situasjonar der vi burde ha det godt. Òg når desse ikkje er store, eksistensielle situasjonar. Du skjønar sikkert kva eg meiner: Kvifor blir vi på dei dårlige festane, i staden for å gå heim åleine? Kvifor blir vi buande i leilegheiter vi ikkje liker? Korleis kan vi gå heile liv å drøyme om å reise jorda rundt, men aldri liksom få tid til å gjere det? Kvifor, i verdas beste land, er vi så ufrie? 

Dei siste vekene har eg rive med laus frå ein del av dei tinga som haldt meg fast: Eg har pakka ned alt eg eig, sette dei kasser, låst dei inne på eit lager. Her i Berlin har eg berre det som ligg inne på rommet mitt, det eg kunne få med meg i ein sekk, ein ekstrasekk, og ein bag. Så mykje som eg kunne bere. Dette er alt eg har i tida frametter. Og det er godt: For eg skal reise, reise frå Berlin til Bergen, frå Bergen til Tromsø, frå Tromsø til Oslo – Gøteborg – Oslo, og attende til Berlin igjen, og så. Og så? Ja, kva så? I jula tenkte eg ende opp i Bergen, og til nyttår reiser eg til Marokko, for ei veke i Marrakech med nyttårsfeiring, før eg set kursen mot Essaouira, ein liten kystby der eg får låne eit hus, i seks veker. 

Å våge å reise rundt, åleine, er ein draum eg har hatt sidan eg var lita, ein draum som har freista lenge. No skal eg kombinere denne med ein annan draum: Draumen om å ha mykje tid til å skrive. Eg skal opne meg for nye menneske, for nye språk, for nye plassar, og eg skal opne meg for skrift. Eg skal reise til dei plassane det er billeg å leve, eg skal reise til dei plassane som kan frigjere mest mogleg tid, og rom, og eg skal trene meg på å vere open, fri, til å stole på verda at det går fint. Å reise rundt, det er å sleppe seg laus i ein myriade av faktorar du ikkje kan kontrollere.

Av alt som held folk attende, trur eg fornufta er den vanlegaste skurken. Fornufta kunne haldt meg attende no, for det har ho gjort før: Eg kunne sagt til meg sjølv: Du burde jobbe. Du burde bu ein fast plass. Kva om du blir einsam? Du må ha folk du kjenner rundt deg. Eit muslimsk land, kunne eg sagt, er det noko lurt? Du veit jo ikkje korleis det er der, kunne eg sagt, til meg sjølv: Tenk om det ikkje blir noko bra? Du er jo ei jente, du kan ikkje klare deg åleine, kan i alle høve ikkje reise åleine.

Eg har mange fornuftige vener, og eg har sjølv vore fornuftig. Fornuft kan vere bra det, men berre i små mengder. Fornuft må kontrollerast, og doserast ut, i ei drope, maks, kvar dag. For fornuft er den litt vaksnare storesøstera til redsle, fornufta er alle dei forklaringa ei vaksen gjev til eit barn som er redd, fornufta er alle svare på angsten sitt «kva om». Å vere fornuftig er å vere klar, å ha ein plan, uansett kva som skulle skje. 

Men å skrive, å vere forfattar, det er å ikkje vere fornuftig. Det er ikkje-fornuft. Det er å opne seg for det ukontrollerbare, for dei historiene som veks fram, av seg sjølv. Å dikte er å drøyme i vaken tilstand. Tenk på det, kvar gong du søv, så serverer hjernen din deg ein uendeleg mengd med fiks ferdige historier. Alle har vi eit reservoar av fantastiske forteljingar i oss, eit oppdemma hav historier. Å dikte er å dykke ned i dette mørkret, å stole på at ein vil klare seg i det, og at ein vil finne noko der nede, vende attende til overflata og lyset med noko som er verdt å hente fram. 

Fornuft er farlig for kunsten. Fornufta seier: Du må ha deg ein jobb. Fornufta: Du må seie ja til alle tilbod du får, for elles får du dei kanskje ikkje meir. Fornufta ryddar effektivt bort all tid, plass og fridom til å dikte, om ho ikkje vert kontrollert. Pass på fornufta, stri i mot: Bruk opp alle pengane du har på å skrive, fotografere, lage musikk. Reis rundt. Slepp alt det faste. Vit at det går bra, for ei tid. For med nett passe mengde fornuft veit du at ingen kan vere heilt fri for alltid. Òg fridomen går ein trøyt av. Men då må ein oppleve han først.

Og når det er tomt for pengar, kva då? Då må ein finne seg ein jobb. Og det gjer ein jo. Eg veit at skulle eg trenge det, så kan eg gjere det meste. Sitte i kassa på Rimi eller jobbe på gamleheim. Men det må skje etterpå: Etter at ein har levd på oppsparte midlar og levd draumen. 

Ein blir ikkje kunstnar om ein ikkje bruker opp sparekontoen. 

For som ei venninne av meg sa: Kva skjer eigentleg med draumen, om ein berre brukar all sin tid på plan B, plan C og plan D, alt dette ein skal gjere dersom plan A, den store draumen, skulle vise seg umogleg? Då har ein jo ingen tid eller krefter igjen til det ein har mest lyst til?

Det einaste ein ikkje må vere forsiktig med her i livet, er draumar. Ein må drøyme store draumar, og ein må drøyme mykje. For draumar er det som leiar ein ut i verda, på rett kurs. Eg drøymde som tenåring om å reise åleine rundt i verda. Når eg tidlegare oppdaga at eg ikkje var lukkeleg i det livet eg hadde, var det denne draumen som kunne leie meg på rett veg. 

For eg har ikkje alltid vore fri; eg har ikkje alltid ønskt å vere fri; og eg kjem ikkje alltid til å ønske å vere det. Men det har klødd i røtene mine lenge. Eg har sett på hendene mine i ei tid, sett at dei har vorte gustne og svake av å vere falda for teitt mot kroppen. Men det finaste med menneske, det aller, aller finaste med menneske, er at det tilpassar seg, og at bruk berre gjer det sterkare. Eg strekker hendene ut mot verda, og eg veit at sjølv om det kan vere rart i byrjinga, å kjenne luft og sand og vatn fyke gjennom dei, vil dei snart vere i stand til å gripe henne, å finne ein skikkeleg god plass, og halde fast.

Men først skal eg fly, la alt fare, og livet skal verte den draumen eg lever. Og kva kjem ut av det? Vent og sjå. Du høyrer nok frå meg.