Magasinett

Synsingar

Utskrift

Forfattarar som skriv dårleg med vilje

Skrive av Atle Berge .

Då eg for nokre veker sidan las Galápagos av Kurt Vonnegut, innsåg eg at bøkene eg likar best, ofte er prega av at forfattaren skriv dårleg med vilje, skriv Atle Berge. Foto: Christopher Murphy

Kva er det som er så bra med å skrive dårleg?

Dei fleste er einige om at det finst gode og dårlege tekstar. Likevel klarar få å setje ord på kva litterær kvalitet er. Då eg for nokre veker sidan las Galápagos av Kurt Vonnegut, innsåg eg at bøkene eg likar best, ofte er prega av at forfattaren skriv dårleg med vilje. Kva er det som er så bra med å skrive dårleg?

Galápagos er på mange måtar ei elendig bok. Utgangspunktet er usannsynleg: Vi er ein million år fram i tid og møter ein forteljar som fortel om menneska som levde for ein million år sidan, altså oss. Stilen til Vonnegut er dessutan svært oppsummerande: Først skjedde det, så skjeddet det, og etterpå skjedde det og det og det ... Show don’t tell? Aldri hørt om! I Galápagos er informasjonen linjene. Hadde Galápagos vore ein skulestil, ville læraren bede Vonnegut om å skildre meir og dramatisere handlinga.

Samstundes er det nettopp den oppsummerande og saklege stilen som gjer den lite truverdige forteljinga truverdig. Alt som er uvanleg for oss, blir omtala som fakta; det er heilt naturleg for forteljaren ein million år fram tid. Denne blandinga av usannsynleg handling og eit tilgjort sakleg språk, er også ein måte å gjere lesaren merksam på kor lett det framande blir vane. Teksten minner meg om at mange av fenomena vi i dag snakkar om som om dei alltid har vore der, var vill fantasi for tretti – førti – femti år sidan: Datamaskiner, mobiltelefonar, nettet som koplar dingsane saman. Perspektivet til Vonnegut – våre liv sett frå eit punkt ein million år fram i tid – minner meg dessutan på kor rare vi siviliserte menneske er: Kor lite truverdige romankarakterar er ikkje vi!

Å skrive dårleg, er med andre ord ein av dei beste måtane å få til effekten litteraturteoretikarane kallar «framandgjering» eller «underleggjering». I Jonas Hassen Khemiri sin andre roman Montecore – En unik tiger (norsk 2006), er til dømes annakvart kapittel skrive av ein person som slit med å bruke orda rett og som prøver å fargelegge det trauste nordiske språket med spenstige språkblomar:

Kjæreste hilsener!

Deviner hvem som skriver seg disse fraser? Det er KADIR som taster tangentene!!! Din fars mest antikke venn! Du memorerer vel meg? Min forhåpning er ditt ivrig vippende hode. [...] La oss kollidere våre kloke hoder i ambisjonen å kreere en biografi verdig din prominente far!

I tillegg til at det er artig å lese ein tekst full av elleville skrivefeil, sprø metaforar og grammatisk akrobatikk, gjer det dårlege språket lesaren merksam på språket i seg

1sjølv. Dét kan vere nyttig for oss som kvar dag møter uendelege mengder velskriven tekst, forfatta av reklamebransjen. Tekstar som er glatte, perfekte, fengande, nettopp for at vi ikkje skal oppdage verkemidla dei bruker for å få oss til å leve på ein bestemt måte eller kjøpe eit produkt.

Både Galápagos og Montecore er med andre ord gode og viktige bøker. Har du derimot lyst til å lese ei verkeleg dårleg bok, ekte dritlitteratur, er Pulp av Charles Bukowski eit betre forslag. Boka inneheld blant anna ei meiningslaus krimgåte, flate karakterar som tek usannsynlege val og eit svært lågverdig språk. Etter å ha lese makkverket sit du verken att med kunnskap eller viktige erkjenningar, men kanskje kjensla av å ha vore på ein merkeleg fest med underlege typar, og forhåpentlegvis også kjensla av å ha lese ei ekstremt underhaldande bok.

Pulp er forresten «Dedicated to bad writing».