Magasinett

Synsingar

Utskrift

Anarki i Noreg

Skrive av Nils Henrik Smith .

Märta og Olav var søskenborn og gift. Ein barbarisk skikk, ifølgje Frp.

Om Kongen, politikk og barbari.

Førre veke opna Stortinget, og i tråd med årelange tradisjonar nytta Sosialistisk Venstreparti denne parlamentarismens festdag til å fremje forslag om Kongehusets avvikling og ei påfølgjande innføring av republikk her til lands. Nytt av året var at fire representantar for Det Kongelege Norske Arbeidarparti, deriblant den staute Eirin Sund frå mitt eige heimfylke Rogaland, støtta forslaget. «Eg har ingenting imot Kongen, men ei ordning kor einskildpersonar arvar makt høyrer ikkje heime i eit moderne demokrati», forklarte Sund.

Eg er sjølvsagt heilt samd i dette, men det var ikkje stortingsopposisjonen og særleg ikkje Framstegspartiets formann Siv Jensen, som smilte ironisk, rulla med augo og ga inntrykk av at ho synst det var eit meiningslaust forslag og typisk raud-grønt tant og fjas å kaste vekk tida på slikt i staden for å drive realpolitikk (nedskjæring, avskaffing, utkasting og privatisering). Samstundes gjekk Jensens alltid taletrengte kollega Christian Tybring-Gjedde, sjefskikador i Disneyland Framstegsparti, hardt ut i Aftenposten mot den kjente norsk-pakistanske meiningsytraren Abid Q. Raja (heretter berre kalt Q.) og kravde i ytringsfridomens namn at Q. måtte bede om orsaking for synspunkt han tidlegare (visstnok) har hatt og gjeve uttrykk for, og som (framheldt Tybring-Gjedde) var forkastelege.

Til eksempel nemnte han at Q. skulle ha talt til forsvar for «den barbariske skikken med søskenbarnekteskap», som er relativt vanleg mellom visse innvandrargrupper i Noreg, deriblant pakistanarar med bakgrunn frå Punjab kor familien til Q. kjem frå.

No, her tek det til å verte verkeleg interessant, for det kan sjå ut til at Tybring-Gjedda i Sivet er på kollisjonskurs med sin eigen partiforman, ettersom det tilfeldigvis har seg slik at Kongen himself, Harald V, ikkje berre er innvandrar (etter definisjonen til Statistisk Sentralbyrå: begge foreldra hans var født i utlandet, og han tilbrakte sjølv ein vesentleg del av oppveksten utanlands), men i tillegg eit produkt av barbari (etter definisjonen til Tybring-G.): far hans, Kronprins Olav, seinare Kong Olav V, var son av Prins Carl av Danmark, seinare Kong Haakon VII av Noreg, og Haakon/Carl var bror av Prinsesse Ingeborg av Danmark, seinare Prinsesse Ingeborg av Sverige, og Ingeborg var mor til Prinsesse Märtha av Sverige, seinare Kronprinsesse Märtha av Noreg, som var mor til prins Harald, seinare Kronprins Harald, seinare Kong Harald V.

Altså, kort forklart: Olav og Märtha, foreldra til Kongen, var fetter og kusine. Syskenbarn. Olav V, denne folkekjære kongen som aldri kom i stemmeskiftet, men som gjekk på ski og køyrte trikk og sa han var konge for alle, inkludert kommunistar, var, iflg. Framstegspartiet, ein barbar, og Harald er són av barbaren, og såleis sjølv barbar, skulle ein tru. Framstegspartiet seier dei vil i regjering etter valet til neste år, og Venstre, partiet til barbariforsvararen Q., har i prinsippet sagt seg viljuge til å sitje i regjering i lag med dei, men det er vanskeleg å ta dette ynskjet på alvor ettersom ei av pliktene til regjeringa er å møte Kongen i statsråd på Slottet kvar fredag.

Kan det verkeleg vere slik at Siv, Tybring-G. og dei andre fridomsforkjemparane i Framstegspartiet ynskjer å kaste bort si dyrebare tid på jorda i fredagsklubb hjå ein barbar?