Magasinett

Synsingar

Utskrift

Gode unnskyldningar i arbeidslivet

Skrive av Marianne Magnussen .

Foto: abbilder/Flickr/CC-lisens

Vekas dikt

Stoppar steling snøggast:
Ting som ingen finn.
Kaos på kontoret
gjer oss sikrast.

Kveikjar kondis kjappast:
Spurt i intervall.
Stadig sein til jobben
gjer oss kvikkast.

Reddar ryggen raskast:
Heilt kupert terreng.
Tusen ting på golvet
gjer oss rakast.

Skuffar sjefen sterkast:
Misbrukt retorikk.
Inga god unnskyldning
- det er smartast.